Nytt frå rådmannen - oktober 2017

Statusrapport

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 13.10.2017

 


Budsjett 2018:

Prosessen pågår med budsjettgjennomgong av alle avdelingar.
 

Austevoll vaksenopplæring

Austevoll vaksenopplæring er flytta til nyare del av det gamle kommunehuset. Lokala er pussa opp med nytt ventilasjonssystem. Vaksenopplæringa trivst godt i dei dei nye lokala.
 

Kyrkjekontoret

Kyrkjekontoret er i dialog med kommunen for å nytte lokalene i 2. etasje (tidlegare NAV-kontor) for kontor og trusopplæring.
 

Brann og redning

Hans Petter Bjånesøy overtek som brannsjef for John Levi Weløy i oktober.
 

Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg

Ny lokal forskrift blir lagt ut på høyring med høyringsfrist 1.1.2018. Forskrifta omhandlar lovbestemt feiing og tilsyn av fyringsanlegg i heilårsbustadar (1750) og fritidsbustadar (1040) i kommunen. Forskrifta gir og heimelsgrunnlag for fastsetjing av gebyr for desse tenestene.

 

Prosjektstatus:


Salthella fiskerihamn

3 kaiar er i utføringsfase med 1 mnd forseinking.
 

Omsorgsbustadar Eidsbøen

Bygging av to bustadar og fellesareal er i utføringsfase.
 

Austevoll svømmehall

Prosjektet er i utføringsfase og skal stå ferdig til «prøvekøyring» våren 2018, klar til bruk ved skulestart 2018. Namnekonkurranse førte til ca 20 innsendte forslag. Juryen trer saman medio oktober. Prosjekt for utarbeiding av driftsorganisasjon er under etablering. Prosjektet inneber involvering/høyring av representantar for alle dei viktigaste framtidige brukarane av anlegget.
 

Veg gjennom Gråsidalen

Er i utføringsfase, asfaltering i veke 41, autovern og veglys monterast i oktober.
 

SIL kunstgrasbane

Kunstgras på bane er i planleggingsfase. Prosjektgruppe nedsett med representantar frå idrettslaget og kommunen. 
 

Austevollpakken

Prosjektgruppe for samferdsleutgreiing er nedsett og startar arbeidet medio oktober. Møte med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen er planlagt i inneverande månad.
 

Telemast på Stolmen

Kommunen er i dialog med grunneigarar for å få flytta masten til ein meir høveleg plass. Dette skal gi betre mobildekning. 
 

Brenning av gamleskulen på Trolandshamar skule

Førebuing og øving pågår i påvente av endeleg godkjenning.
 

Idrettsanlegget på Eidsbøen

Oppretting av løpebana er i no i prosess. Det gjeld drenering av fotballbanen på vestleg side mot tribuna og avretting av løpebanen i hovudsak indre bane på austsida. Kommunen har fått forsikring om at tippemidlene blir utbetalt.
 

Tilkomst naust i Salthella

I samband med bygging av anleggsveg blei fleire naust utan tilkomst. Arbeidet er blitt forsinka, men skal startast i næraste framtid.
 

Sauegjerde på Salthella

Arbeidet med det manglande sauegjerdet på Stolmen er under utgreiing og oppretting. Det vil bli sendt søknad til Statens Vegvesen for å flytte ferista.
 

Austevoll kommune sin kulturpris

Det er no ope for nominering av kandidatar til Austevoll kommune si kulturpris for 2017. Frist 5. november.
 

Frivilligsatsing Austevoll

Det er levert inn søknad til Aktiv ungdom om å bli mottakarorganisasjon for unge frivillige (volontørar) frå andre land gjennom Erasmus+ midlar. Kommunen kan få opptil fire volontørar i opptil eitt år. Det er og søkt om å kunna senda ungdommar frå oss til andre land, for same type arbeid. Å få 4 100% stillingar til å jobba med frivillig arbeid i Austevoll vil ha stor betydning for tilboda me har i kommunen.
 

Avd. psykisk helse, rus-og kreftomsorg


Det er  starta opp  eit lavterskeltilbod ved avdelinga med strikkekafe anna kvar torsdag i fellesrommet på Bjørketun.


Ergo -og fysioterapitenesta


Status prosjekt

  • Kvardagsrehabilitering: Har vist gode resultat med tanke på livskvalitet og reduksjon i antall timer heimehjelp.  No er vi i gong med ny runde. 4 personer er  i gang med kvardags-rehabilitering.
     
  • God helse - felles ansvar: Kan følgjast på sosiale medier. Dette er eit unikt tilbod til barn og unge med overvekt og fedme i Austevoll kommune. Her er framleis ledige plassar.


Eidsbøen bufellesskap

I august gjennomførte fylkesmannen tilsyn med om kommunen har systematisk styring og leiing for personar med utviklingshemming. Det gjaldt om personar over 18 år som bur i eigen bustad får forsvarlege helse- og omsorgstenester. Ved tilsynet blei det avdekt brot på krav i lov og forskrift når det gjeld tilrettelegging for forsvarleg gjennomføring av tenesta personleg assistanse/opplæring. Kommunen er i gong med å utarbeide svar til fylkesmannen med plan for tiltak. Eit anna avvik er at det ikkje er lagt godt nok til rette for nødvendig opplæring og rettleiing for dei tilsette. Også dette inngår i tiltaksplanen.


Nye skjema for barnehagesøknader

Det er publisert nytt søknadsskjema for søknad om barnehageplass. Same skjema skal også nyttast ved oppseiing av plass, søknad om endring av plasstorleik og søknad om overflytting til annan barnehage. Nye rutinar og fristar blir publisert på nettsida til Austevoll kommune.
 

Høyring på ymse planar

I løpet av hausten blir det annonsert invitasjonar til «plankafe», der mellom anna kommunen sitt planprogram (den drøftar kommunen sine viktigste oppgåver, mogelegheiter og utfordringar) og sentrumsplanen for Storebø er tema. Følg med på annonsering i Marsteinen og kommunen si heimeside.

 

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS