Planprogram - Kunngjering og høyring

Planprogram gif.gif - Klikk for stort bilete Ligg ute til høyring. Kom med innspel.

 

Publisert av Stina Nordbak. Sist endra 02.10.2017

Kunngjering og høyring av planprogram for kommuneplan

Planprogrammet vert lagt ut på høyring etter vedtak i Austevoll kommunestyre 14.09.2017 sak 099/17

Planprogrammet er ein plan for arbeidet som skal gjerast, kva vi treng å kartlegge og korleis vi skal arbeide med kommuneplanen. Planprogrammet skildrar utviklingstrekk og utfordringar som kommunen vil møte i framtida som tenesteprodusent og samfunnsutviklar. Kartlegging av kva kommunen har av ressursar og verdiar er med på å klargjere innsatsområde og gjev grunnlag for prioriteringar.

Forslag til planprogram er ferdig og kommunen ønskjer innspel frå deg.

Vi vil at du gjev skriftleg innspel. Merk med PLANPROGRAM og send innspelet til:

Epost: postmottak@austevoll.kommune.no

Post : Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Har du spørsmål ringer du oss på tlf: 55081000

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret, kommunehuset og Austevoll bibliotek.

Vedtaket er sendt ut til nabokommunar og offentlege instansar. Det er satt 6 vekers uttalefrist.

Vedtaksbrev (PDF, 861 kB)

Planprogram (PDF, 656 kB)

Oversikt over planar (PDF, 367 kB)

Tidsplan (PDF, 331 kB)

Nyhende
Artikkel (1)

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS