Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018

Her finn du rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018. (PDF, 3 MB)



Det var ein moderat auke i rammetilskot frå staten da regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett i oktober. Ein vekst på 3 prosent er noko over landsgjennomsnittet. Det er difor ein tilfredsstillande ramme for frie midlar som pregar framlegg til budsjett for 2017.

 

Rådmannen har i framlegg til budsjett brukt KS sine berekningar for skatt og eigne erfaringsbaserte tal knytt til reell skatteinngang. Sjølv om anslaget kan virke høgt, er likevel auke i budsjettert nettoskatt (etter inntektsutjamning) for 2018 den lågaste prosentvise auka på fleire år, 2,5 % mot ein prognose for 2017 på 5,4% og over 6% dei tre åra før der. Dette gir eit samla budsjett som klarer å drifte tenestene på same nivå som i 2017, i tillegg gir det rom for fleire nye tiltak i drift for 2018. Etter ein markant auke i netto driftsresultat for 2017, er dette gått noko ned i 2018, frå om lag kr 3,8 millionar i 2017 til eit berekna resultat på om lag kr 2,3 millionar i 2018. Budsjettert mindreforbruk er på kr 4,0 millionar mot kr 2,3 millionar i 2017.

 

Gitt at skatteanslag held, er det positivt at det kan leggast fram så pass gode tal i ein tid med avgrensa vekst i frie midlar og betydeleg auke i finanskostnadar, særleg auke i renter og avdrag.

 

Gjelda har auka betydeleg dei siste åra. Sjølv om det i framlegg til budsjett er avgrensa opptak av nye lån, må det understrekast at dette er fordi den største investeringa som kjem frametter, Austevoll ungdomsskule, ikkje er kostnadsført i budsjett. Rådmannen meiner dette er eit viktig og naudsynt tiltak, og vel denne måten å gjere det på fordi prosjektet skal, dersom det blir vedteke i eiga sak, ut på anbod. Det er difor ikkje klart kva denne utbygginga vil koste, men kalkylar seier at det må påreknast ein betydelig sum.

 

Rådmannen vil difor gjere spesielt merksam på at andre investeringstiltak bør avgrensast dei kommande åra. Det synar og framlegg til økonomiplan, der nye tiltak under investeringar er minimale. Høg gjeld gjer kommunen sårbar, og grensa for gjeldsbelastning i høve til inntekter og befolkningsgrunnlag er, etter rådmannen sitt syn, nådd etter eit eventuelt vedtak om å legge opprusting av ungdomsskulen på anbod.

 

I tider med høg skatteinngang, er det behageleg å legge fram budsjett utan kutt og med plass til nye og gode tiltak. Det er likevel ikkje gitt at dette vil fortsette i same takt som dei siste åra. Dersom skatt fell eller ikkje veks i same takt som innarbeida nivå for drifta, vil det bli ein utfordrande situasjon og kutt i budsjetta. Det gjer at vi i gode tider må tenke rasjonelt i alle ledd for å oppretthalde eit godt tenestetilbod òg i framtida.

 

 

Helge Skugstad

Rådmann 

 

Publisert av Ann-Kristin Hevrøy Hagen. Sist endra 04.11.2017
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS