Sauehald i Austevoll

Villsaulam.jpg - Klikk for stort bilete Algirdas Motiejunas I Austevoll er det mange som driv med sau, og me har mange foretak med sau i utegangardrift i lynghei og utmark. Fleire har sauerasen «gamal norsk villsau», mens andre har tyngre blandingsraser. Villsau- og utegangerdrift er viktig for kulturlandskapet og identiteten til Austevoll. Samstundes er dyrehaldet i Austevoll underlagt same forskrifter som i landet elles. Her er nokre av forskriftene som gjeld og viktige krav som er heimla i desse.

Forskrift om velferd for småfe

• Oppdatert dyrehaldjournal med individnummer over alle dyr (Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe §8)

Helsekort med registrering av all sjukdomshandtering og medisinbruk. (Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe §9.)

Lam skal ha godkjente øyremerke, seinast ved vårsanking 1. juli.

Søk om dispensasjon frå plikt til å ha opphaldsrom til sau på vinterbeite. (Lov om dyrevelferd §23)

Verar fødde før 15. april, same år, kan ikkje gå på fellesbeite. Verar fødde seinare kan ikkje gå på fellesbeite lenger enn til 1. oktober. (Hanndyrlova §1.)

Dyr på utmarksbeite skal sjåast etter minst ein gong pr. veke. (Forskrift om velferd for småfe § 19, 3. linje)

Dyra skal være tamme nok til å kunne stellast og handterast på forsvarleg måte avhengig av driftsformen. (Forskrift om velferd for småfe § 6.)

Dyra skal sankast i sankegjerde minimum vår og haust og kontrollerast for hald og helsetilstand. Dei skal handsamast mot parasittar dersom det er trong for dét. Øyremerke som er mista skal erstattast.

Rovdyrfaren må overvakast og vernetiltak setjast i verk dersom naudsynt. (Forskrift om velferd for småfe § 26.)

 

Forskrift for produksjonstilskot

Foretaket ditt må drive «vanleg jordbruksproduksjon» (Forskrift for produksjonstilskot  § 2, i vurdering av kva som er «vanlig jordbruksproduksjon» må produksjonen ha eit næringsmessig preg. (Sjå kapittel 2.3, andre avsnitt.) For produksjon av lam må slaktevekta vurderast i forhold til det som er vanleg for rasen. Ligger slaktevekta vesentleg under det som er normalt for rasen, det vil seie mindre enn 70 prosent av gjennomsnittet for den aktuelle rasen, er det ein indikasjon på at produksjonen ikkje er «vanlig». (Rettleiingsheftet for søknad om produksjonstilskot 14.12.2015, kap 2.4.1, 3. avsnitt.)

Er det registrert få lammeslakt (under 0,91 pr sau) frå godkjent slakteri, kan dyrejournal, saman med anna dokumentasjon endre bilde av unormalt låge lammetal.

Ved handsaming av søknad eller ved 5 prosent kontroll kan kommunen krevje innsyn i dyrehaldjournal, slakte opplysningar, næringsoppgåve og andre relevante dokument.

Produksjonstilskot skal avkortast ved brot på andre aktuelle forskrifter til dømes lov om dyrevelferd, lov om forureining, naturmangfaldlova, jordlova eller plan- og bygningslova (pbl.).

Inngrep i kulturlandskapet må vere godkjent av kommunen for å unngå avkorting av areal- og kulturlandskapstilskotet. Dette gjeld og tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl. (Forskrift om produksjonstilskot §4)

 

Aktuelle lenker:

Forskrift om velferd for småfe:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-02-18-160

Hanndyrlova:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1970-03-06-5?q=hanndyrlova

Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-11-30-1356

Forskrift om produksjonstilskot:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-19-1817

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS