Søk barnehageplass frå nytt barnehageår - frist 1. mars

opptak barnehage - Klikk for stort bilete


Elektronisk skjema - Søknad om barnehageplass, endring, overflytting og oppseiing

Søknadsfrist 1. mars 2018

Dersom du har søkt tidlegare eller står på venteliste, treng du ikkje å søkja på nytt.

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar.

Alle godkjende barnehagar i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om barnehagar § 12.

Kommunen skal leggja til rette for ein samordna opptaksprosess, der det vert teke omsyn til barnehagane sitt mangfald og eigenart. Brukarane sine ynskje og behov skal leggjast stor vekt på under sjølve opptaket.

Samordna opptaksprosess skal ivareta tre hovudformål:

  • Samordninga skal bidra til ei effektiv fordeling av barnehageplassar ut frå søkjarane sine ynskje og behov.
  • Samordninga skal sikra likebehandling av barn og likebehandling av private og kommunale barnehagar.
  • Samordninga skal vera eit reiskap for kommunen i arbeidet med å sørgja for at det er nok barnehageplassar.

Opptaksprosessen skal vera i tråd med    Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage.


Forskrifta gjeld ved opptak i alle verksemder som er omfatta av barnehagelova.

 

Rett til plass (frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider)

 

Reviderte Rutinar for opptak til barnehagar i Austevoll kommune (PDF, 2 MB)

skal gje søkjarar, barnehageeigarar og kommunen som barnehagemynde ein forsvarleg og effektiv opptaksprosess, der kommunen får eit reelt oversyn over tilbod og etterspurnad av barnehageplassar.

 

Kommunalsjef med ansvar for oppvekst har hovudansvar for samordna opptak i kommunen. Eigarar av private barnehagar har ansvar for at opptaket vert gjennomført i tråd med rutinar for opptak og barnehagen sine vedtekter..
 

Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er likt for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt for.
 

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars.

Resultatet av hovudopptaket er klart i løpet av april månad. Ut over dette vert det supplerande opptak i løpet av barnehageåret.
 
Dersom ein vil krevja retten til plass, må søknaden vera Austevoll kommune i hende innan fristen for hovudopptaket.

Det er ynskjeleg at du søkjer ved å bruke elektronisk søknad. Før du kan fylle ut skjemaet må du først samtykke i personvernerklæringa.

Dei som treng hjelp til utfylling eller har spørsmål kring søknad om barnehageplass, kan kontakta Servicekontoret på tlf. 55 08 10 00 eller du kan ta kontakt med den enkelte barnehage.
 

Utover reglane som står i Rutinar for opptak til barnehagar i Austevoll kommune, er det prioriteringar i vedtektene til dei private barnehage som styrer kven som får plass i den enkelte barnehage.
 

Vedtekter i barnehagane
Bekkjarvik maritime FUS barnehage Sjøliv FUS barnehage (PDF, 45 kB) Småtroll barnehage Sol-li barnehage
Storebø FUS barnehage Haugland gards- og friluftsbarnehage Lyngtua barnehage Kolbeinsvik barnehage


Du kan også ta kontakt med barnehagane for å få tilsendt vedtekter.
 


Austevoll kommune si ordning med redusert foreldrebetaling/ gratis kjernetid:

Søknadsfrist 15. mai 2018 dersom du skal få vedtak med verknad frå oppstart av nytt barnehageår.

Søkjer du seinare vil vedtaket frå verknad frå og med søknadsmånaden.

Barn mellom 0 og 6 år med spesielle behov
 




 

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 17.02.2018
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS