Søknad om spelemidlar

Frist 2. oktober 2017.

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 06.09.2017

Det er snart klart for ny runde med søknader om spelemidlar  og i det høve er frist for å søke kommunen om å kome med i denne søknadsrunden 2. oktober.

For at prosessen skal verta mest mogleg smidig oppmuntrar me alle til å halde denne datoen slik at kommunen får god tid til å handsame saka med tanke på politiske prosessar og liknande, samt at sannsynligheten for godkjenning vert større.
 
Meir informasjon om spelemiddel- og anleggssøknader  finn de på linkane nedanfor:

 

https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/idrettsanlegg/id487436/
 

https://www.hordaland.no/nn-NO/idrett-og-friluftsliv/anlegg/spelemidlar-til-ordinare-idretts--og-friluftsanlegg/


 
Minner også på at frist for å søkje midlar hjå Gjensidigestiftelsen og Extrastiftelsen er 15 september.

Nytt med Gjensidigestiftelsen i år er at lag og organisasjonar kun får stønad til 50% av utgiftene.

For å få heilfinansiert prosjekt kan de kombinere midlar frå Gjensidige saman med spelemidlar. Meir informasjon om desse finn de på linkane nedanfor:
 
https://www.extrastiftelsen.no/

http://www.gjensidigestiftelsen.no/
 
Har de andre spørsmål ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Stine Emilie Konradsen, Austevoll kommune tlf 55 08 10 00

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS