Stenging av veg i samband med utskyting av tomt til Austevoll svømmehall

Illustrasjon 2.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 13.01.2017

For å ivareta innbyggjarane sin tryggleik blir vegen forbi den komande svømmehallen stengt frå måndag 16. januar.

Stenginga gjeld for alt anna enn anleggstrafikk, Storebø brygge, tilbringarbåten og leveranse av varer og drivstoff.

Bebuarar på Prestaneset blir vist til nyvegen nord mot bruvegen. Skuleborn og andre mjuke trafikkantar må nytta gangveg mot Storebø skule via Knivhaugane.
 

Stenginga vil i første omgang vare til ca 1. april.
 

I nordre ende blir vegen stengt ved nedre bustadhus på Prestaneset. I søndre ende blir vegen stengt nedanfor innkøyringa til Dof-kaien.
 

Kontaktpersonar i kommunen er Eivind Suphammer tlf 55 08 10 30 og Olav Jarnes 55 08 10 20.

 

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS