Valdag og røysting på valdagen 11. sept 2017

 

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kor og når kan du røysta?

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 03.07.2017

Valdag og gjennomføring  - korleis endre røysteseddel, rett til hjelp.

 

 

Slik røyster du på valdagen.

 

Kven kan røysta på valdagen:

Det vert helde val på medlemar til stortingsval og sametingsval måndag 11.

september 2017.

 

Du kan røysta ved valet dersom du er norsk statsborgar og har fylt 18 år seinast

31. desember 2017. Er du nordisk statsborgar, har du røysterett dersom du 30. juni 2017 stod innført

i folkeregisteret som busett i Noreg. Dersom du ikkje er norsk eller nordisk

statsborgar, må du ha vore innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste

3 åra før valdagen for å ha røysterett. Du må dessutan stå i manntalet.
 


Manntalet er produsert på bakgrunn av kor du er registrert som busatt den 30. juni i 2017. Dersom du har

flytta etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytta frå, sjølv om du har meldt flytting.

I Austevoll er det 9 vallokale som er opne 11. september.
 

Røystestader på valdagen måndag 11. september.
 
Kl 0900-1900
Selbjørn skule Selbjørn valkrins
Storebø skule Storebø og tidl. Litlakalsøy valkrins
   
Kl 1200-1500
Møkster skule Møkster valkrins
   
Kl 0900-1800  
Gamleskulen Stolmen Stolmen valkrins
Øytun grendahus Storekalsøy valkrins
Trolandshamar skule Hundvåkøy valkrins
Kolbeinsvik Montessorri skule Kolbeinsvik valkrins
Vinnes aktivitetshus Vinnes valkrins
   
Kl 1300-1800  
Drøna og Rostøy Drøna valkrins

 

Du må ta med deg legitimasjon.


Det er ikkje nødvendig med valkort, men det forenklar registreringa, og det går raskere for deg å røysta dersom du tar det med.

 

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS