Nytt skuleår i kulturskulen! (LEDIGE plassar på song!)

SAM_0927.JPG - Klikk for stort bilete  

Publisert av Audun Alvsåker. Sist endra 14.08.2017
Til elevar og foreldrar i kulturskulen.
 
Snart er sommarferien over, og 17.august startar eit nytt skuleår både i grunnskulen og kulturskulen. Vi håpar de alle har hatt ein fin ferie, og at de er klare for nye opplevingar og utfordringar i kulturskulen!
 
Den første veka startar vi med fellessamlingar for elevar, lærarar og foreldrar torsdag 17. og måndag 21.august. På denne samlinga vil de få informasjon om kulturskulen og undervisninga, og de vil få møte lærarane de skal ha.
Det vert og halde val på foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet på desse samlingane.
 
Her kan de sjå kva for ei samling de skal delta på:
 
Torsdag 17. august, kl. 18.00, Selbjørnshallen, sosialt rom, inngang A:
  • Elevar frå Selbjørn, Stolmen, Vik/Vinnes og Kolbeinsvik som skal gå på keyboard, song, piano, gitar eller slagverk (utanom dei som skal ha Linn Pauli, Knut-Ola Rekdal eller Audun Alvsåker som lærarar, som skal møte på Storebø).
  • Elevar frå Selbjørn skule som skal gå på Musikkstart.
  • Alle elevar som skal gå på Musikkverkstad.
 Måndag 21. august, kl. 17.00, Storebø skule, kultursalen:
  • Elevar frå Storebø skule som skal gå på Musikkstart.
  • Alle elevane på dans og jazzdans.(Også dei som skal ha time på Selbjørn skule!)
 
Måndag 21. august, kl. 18.00, Storebø skule, kultursalen:
  • Alle elevane i kulturskulen som ikkje er nemnt i dei to punkta ovanfor.
 
Med dette vil me ynskje alle elevar og foreldrar velkomne til nytt skuleår i Austevoll kulturskule!
 
Til dei som IKKJE har elevplass, men kunne tenkje seg å søkje elevplass på song:  Vi har ledige plassar på Storebø/Eidsbøen!  Søk her:   Søkje elevplass i kulturskulen.

 

Helsing Austevoll kulturskule

 

Hending

Idag

Kystsogehelg i Bekkjarvik & Kvalvåg

Hending - Bekkjarvik

Kino

fredag 25. august 2017

BYGDEKINOEN: "Bigfoot Junior" (2D, norsk tale) (6 år)

Kino - Kultursalen, Storebø skule

Kino

fredag 25. august 2017

BYGDEKINOEN: "Baby Driver" (2D) (15 år)

Kino - Kultursalen, Storebø skule

Konsert

onsdag 6. desember 2017

Jul med Brødrene Nordstrand og gjester.

Konsert - Austevoll kyrkje

Midtsone - austevollkart Om Austevoll

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS