Austevoll kommune

Formannskapet sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2023-2026 er lagt ut til høyring

Arkivtenesta

Arkivtenesta

I Austevoll kommune er arkivtenesta ein del av oppgåvene på Servicekontoret. Arkivtenesta har det overordna faglege arkivansvaret for kommunen si dokumentasjonsforvaltning og har støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgjeving til saksbehandlarar og leiarar.

Arkivtenesta har og ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt sak/arkiv system og ein del fagsystem. Systema er med på å sikre at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikre ei ope forvaltning skal vi og ta vare på våre innbyggjarar sin rettigheitsdokumentasjon.

Austevoll kommune har i hovudsak elektroniske arkiv, vi er medlem av Interkommunalt Arkiv Hordaland og det meste av papirarkiva er deponert hos dei. 

Austevoll kommune har ein arkivplan som du kan lese ved å trykke her.