Årsmelding 2017 - Austevoll kommune

1 Organisasjon

1.1 Rådmann

I 2017 har vi halde fram arbeidet med nye strukturelle grep for å yte gode tenester til innbyggjarane i Austevoll. Kommunen er i vekst, fleire store investeringar kjem, gjelda aukar, elevtala i barnehagar og skular aukar, etterspurnad etter helsetenester aukar - og det blir fleire eldre. I mars blei Austevoll Helsehus opna med samling av alle helsefag i same hus. Dette skal medverka til eit godt tverrfagleg samarbeid. Samlokaliseringa har vore vellykka og har gitt oss eit styrka tenestetilbod for alle.

I løpet av året blei to nye omsorgsbustadar oppført med nytt og moderne fellesrom til glede for alle bebuarar ved Eidsbøen bufellesskap. Omsorgsbustadane er realisert etter privat initiativ med tilskot frå Husbanken – og oppført i kommunal regi. Ved ferdigstilling blei bustadane og fellesrommet overført til eit nyoppretta burettslag. Den statlege tilskotsordninga gjer det mogeleg for eldre og funksjonshemma å skaffe seg eigen bustad gjennom samarbeid med kommunen.

Planarbeid er viktig for å styre ei god samfunnsutvikling i Austevoll. Sentrumsplanen har i 2017 vore gjenstand for ein god prosess med involvering frå innbyggjarane i form av opne møter; «plankafè» i Storebøportalen. Her blei det teikna opp mogelegheiter og avgrensingar for korleis Storebø som tettstad skal utvikle seg. Ein annan og endå meir styrande plan er også under revidering;  kommuneplanen for Austevoll. Arbeidet er kome godt i gong og rådmannen legg opp til ein tilsvarande open og grundig prosess som med Storebøplanen.

Administrasjonen jakta også i 2017 på ei meir rasjonell og effektiv drift. Gode døme er satsinga på IKT og forbetra arbeidsprosessar gjennom nye og oppgraderte sakshandsamings-system. Framleis har rådmannen mange utfordringar å gripe fatt i. Austevoll er godt stilt med aktive innbyggjarar som gir oss gode skatteinntekter. Vi vil jobba hardt for at dette skal spegla seg betre i resultata i åra som kjem -  dette området vil få høg fokus i 2018

Rådmannen rettar ei stor takk for innsatsen i 2017  til alle tilsette i Austevoll kommune. I årsmeldinga kan de lese meir om arbeidet som blir lagt ned i dei ulike einingane.

1.2 Servicekontoret

Servicekontoret er for mange innbyggjarar det første treffpunktet med kommunen. Dei fire tilsette har ansvar for sentralbordet, for postmottak, arkiv, søknadar –  og ikkje minst generell informasjon til innbyggjarane – i tillegg til mykje meir. Ingen spørsmål er for små eller store, Servicekontoret har god oversikt over organisasjonen, dei tilsette, tenestene og kvar spørsmål skal rettast.

1.3 IKT

Dagleg drift av telefoni, IT-utstyr og programvare har fungert godt gjennom heile 2017. Austevoll kommune sin IT-driftsleverandør, IKT-Nordhordland, har bidrege sterkt til dette. Utfordringane og småfeil som har vore, er blitt handtert og korrigert raskt. Desse har difor i liten grad påverka det daglege arbeid for tilsette i kommunen. Brukarstøtta frå IKT-Nordhordland har vore god.

Kommunen sitt sak- og arkivsystem blei oppgradert i 2017, skulane fekk  nytt skuleadministrativt system og eit nytt administrativt system for barnehagane kom på plass ila. året. Verktøya skal bidra til å auka kvaliteten i sakshandsaminga og gjere den meir effektiv. 

Det er eit mål for kommunen at alle skjema til innbyggjarane skal vere elektroniske og det er i løpet av året starta utvikling av dette internt.

1.4 Tilsette

Til årsmelding Tilsette
Tal pr 1.8 2016 2016 2017 2017
Tilsette inkl. undervisning Tal Årsverk Tal Årsverk
Kvinner 181 148 190 158
Menn 62 44 56 39
Totalt 243 192 246 197


Gjennomsnittleg stillingsprosent for kvinner var 83% i 2017, mot 82% i 2016. Dei etiske grunnverdiane for leiarar og tilsette i Austevoll kommune er: 

  • TRUVERD
  • RESPEKT
  • OPENHEIT
  • MOT
  • PROFESJONALITET

Desse etiske prinsippa skal vera forpliktande for alle tilsette, og det blr arbeidd kontinuerleg med å implementere dei i organisasjonen. 

1.5 Likestilling

Den administrative toppleiargruppa var i 2017 samansett av 2 menn (rådmann og økonomisjef) og 3 kvinner (kommunalsjefar). Kjønnsfordelinga for einings- og fagleiarnivå var 8 menn (36 prosent) og 14 kvinner (64 prosent). I arbeidsstokken totalt er 75 prosent kvinner.

Kommunen freistar å ta aktivt omsyn til likestillingsperspektivet i ulike sider av personalpolitikken. Det gjeld både tilsettingar, i lønspolitikken og i arbeidet med å redusera ufrivillig bruk av deltid.

1.6 Arbeidsmiljøutvalet

AMU har 6 medlemmar, 3 frå arbeidsgjevar og 3 representantar for dei tilsette. Arbeidsgjevar har leiarvervet i 2016 og 2017. Vervet går på omgang mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarrepresentantane, og det skal veljast ny leiar i 2018. Bedriftshelsetenesta – SOS International – har møte og talerett i AMU og har vore kalla inn til møta.

Om AMU sitt arbeid:

AMU har hatt 3 møte i 2017 og har handsama 21 saker inklusive referat og meldingar. AMU har handsama og uttalt seg om følgjande saker:

  • ny inndeling av verneområda
  • samarbeidsplan med bedriftshelsetenesta
  • gjennomgang av avviksmeldingar
  • uttale i samband med bygging av omsorgsbustader
  • kvartalsvis rapportar om sjukefråver
  • plan for opplæring i arbeidsmiljø
  • ny avtale om kjøp av bedriftshelseteneste
  • prosjekt "Friske gravide i jobb"
  • budsjett 2018 og økonomiplan
  • plan for gjennomføring av ny medarbeidarundersøking
  • rapport frå tilsyn med helse- og omsorgstenester

1.7 Generelt om verne- og arbeidsmiljøarbeid/HMT-arbeid

Austevoll kommune har hatt rammeavtale med SOS International om bedriftshelseteneste fram
t.o.m. 2017. Dette har sikra at kommunen har tilgang til lovfesta bedriftshelseteneste med nødvendig kompetanse innan HMT.

Etter ein anbodsrunde ved slutten av 2017, blei det frå og med 01.01.2018 inngått avtale med Volvat Bedrift A/S om levering av bedriftshelsetenester.

Det er etablert eit fast samarbeid med NAV Arbeidslivssenter - Hordaland der kommunen har oppnemnd eigen rådgjevar som kontaktperson i samband med oppfølging av IA -avtala. I samarbeid med NAV Arbeidslivssenter har det vore gjennomført eit internt kurs for leiarar, tillitsvalde og verneombod innan konflikthandtering - arbeid og psykisk helse. Det blei gjennomført lovfesta opplæring i arbeidsmiljø for nye verneombod og leiarar i 2017.

1.8 Oversyn over sjukefråvær 2017


Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2017 var 7,1% mot 5,2% i 2016. Fråværet i siste kvartal 2017 var relativt høgt, og gjennomsnittstalet for året var høgare enn måltalet i IA-handlingsplanen som er på 5,7%. Kvartalsrapportar om sjukefråvær blei etter rutine framlagt og drøfta i AMU.