Austevoll kommune

Helse og omsorg

Årsmelding 2018 - Austevoll kommune

4 Helse og omsorg

4.1 Legetenesta

Legetenesta driftar tenestene fastlegeverksemd, allmennlegeverksemd, samfunnsmedisinsk verksemd, legevakt og administrativ funksjon. Legetenesta har tilbod 24 timer i døgeret med fastlegetilbod, legevakt på dagtid og legevakt kveld og natt. 

Daglegevakt har vore eit satsingstilbod ved legetenesta etter oppstart i nytt helsehus vår 2017. Dette har vore ein suksess, og tilbodet har ein frekvens på 20-40 pasientar dagleg. I tillegg har legetenesta tilbod om reisemedisinsk klinikk, legekontor for sjømenn og offshore. Legesenteret server andre tenesteområde i kommunen med laboratorium for jordmor og helsestasjon. Legetenesta jobbar tett med andre avdelingar i tverrfagleg samarbeid. Haust 2018 starta legetenesta opp med eit pilotprosjekt, primærhelseteam (PHT). Dette er eit landsomfattande pilotprosjekt der Austevoll legesenter er ein av 9 deltakarar som testar ut pilot. Prosjektet vil vare ut 2020. 

4.2 NAV

NAV  er eit kontor som tilbyr kommunale og statlege tenester. NAV i Austevoll har kommunalt tilsett leiar. Overordna mål i avdelinga er å få flest mogleg i arbeid og aktivitet. Dette blir gjort ved å opplysa, gje råd og rettleiing, leggja til rette for og koordinera saman med brukar for å få eit godt og verdig liv. 

NAV-kontoret gjev råd og rettleiing økonomisk, økonomisk sosialhjelp, sakshandsamar startlån og følgjer opp gjeldsrådgjeving.

Flyktningetenesta ligg under NAV. NAV er ein viktig samarbeidspartnar saman med vaksenopplæringa for introduksjonsprogrammet for flyktningar. I 2018 vart det ikkje busett nye flyktningar i Austevoll.

4.3 Ergo- og fysioterapitenesta

Fysipoterapitenesta gir tenester til innbyggjarane våre i alle aldrar. Tilbod vert gjeve i institutt og i heimar til dei som har behov for det. Kvardagsrehabilitering er blant anna ein viktig del av tilbod i heimen. Tenesteområdet syt for at dei som har behov for hjelpemidlar får dette. Fysio- og ergoterapeut-tenesta har tre årsverk kommunalt tilsette, og to driftstilskot. Dei kommunalt tilsette jobbar mykje tverrfagleg i team.

I 2020 vil kommunane få ansvar for rehabilitering og habilitering. Dette vil krevje tiltaksplanar for implementering av nye driftsmåtar ved fysioterapitenesta. Det er kome midlar frå Fylkesmannen til dette arbeidet, og planen er under utarbeiding. Tenesteområdet er óg ein viktig del av innføring av velferdsteknologi, og bidreg i arbeidsgruppe for lokalt prosjekt.

4.4 Psykisk helse, rus og kreftomsorg

Brukargruppa som mottek tenester er personar over 18 år som har ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon. I hovudsak er oppgåvene ved avdelinga samtaleterapi, rettleiing og koordinering av oppfølging. Pasientgruppa har vist seg å vera i endring. Frå 2017 til 2018 var det ein dobling av tilvisningar, der ein ser ei vesentleg auke i gruppa unge vaksne i alderen 23-37 år.

Avdelinga har eit tett samarbeid med spesialisthelsetenesta – Solli DPS, Sandviken sjukehus, Bergensklinikkane, avdeling for rusmedisin m.f. Gjennom året 2018 har ein følgt opp tiltaksplan etter revisjon. Her er utarbeiding av plan for psykisk helse og rusomsorga ei av oppgåvene. Det er óg lågterskeltilbod under utarbeiding.

Ved avdelinga er det 20% stilling med kreftkoordinator. Kreftkoordinator er ein viktig samarbeidspartnar med spesialisthelsetenesta når det gjeld kreftpasientar. Kreftkoordinator si hovedoppgåve er å vere bindeledd mellom spesialisthelsetenesta, fagavdleingar i kommunen og pasienten.Krefkoordinator er med på å tryggje eit sikkert og fagleg rett pasientforløp til pasientar med kreft i kommunen.

4.5 Helseservicekontoret

Helseservicekontoret er Austevoll kommune sitt bestillar/forvaltningskontor. Ved avdelinga vert alle vedtak knytt til pleie- og omsorg fatta, langtidsopphald ved institusjon, korttidsplassar, rehabiliteringsopphald, omsorsbustader, støttekontaktar, avlastning, omsorgsløn, BPA (brukerstyrt personleg assistent). Dette gjeld tenester til folk i alle aldrar uavhengig av diagnose. Kontoret har ansvar for fagutvikling, når det gjeld fagprogram som vert nytta i tillegg til utvilking innan pleie- og omsorgsektoren.

Ei av hovedoppgåvene til kontoret er å følgje opp leveranse av tenester frå private aktørar. Koordinerande eining ligg ved helseservicekontoret. Koordinerande eining har overordna ansvar for alle individuelle planar. Koordinerande eining tek seg av all kommunikasjon som gjeld inn og utskriving av pasientforløp mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Hovudmålet med denne lokaliseringa er å ha «ei dør inn». Koordinerande eining har behov for å styrkast og å bli meir synleg i organisasjonen. Dette er eit av måla i 2019. Helseservicekontoret har 3,75 årsverk.

4.6 Jordmortenesta

Jordmortenesta har tilsett 1,5 årsverk. Jordmortenesta følgjer opp alle gravide under svangerskap, har følgjeteneste til klinikk, tilbyr heimebesøk til alle etter fødsel kort tid etter heimkomst. Jordmortenesta jobbar tett saman med legetenesta. Dei er med på å sikre eit godt fagleg og trygt fagmiljø for gravide og deira nyfødde barn i kommunen. I 2018 vart det fødd 66 barn i Austevoll kommune.

4.7 Eidsbøen bufellesskap

Eidsbøen bufellesskap tilbyr tenester til menneske med utviklingshemming. Tenesteområdet er delt inn i omsorgsbustader med heildøgnsbemanning med tilhøyrande 5 bustader, og tenester med punktvis tilsyn/tenester til 20 heimebuande (omsorgsbustader eller privat). Dei tilsette skal leggje til rette for hjelp og støtte til eit meiningsfylt liv, med fokus på den einskilde sitt behov utifrå funksjonsnivå. Eidsbøen bufellesskap har eit tett samarbeid med ASV, der personale følgjer med einskildbrukarar til dagsenter (ATA). Personalgruppa deltek i eit fagutviklingsprogram, ABC mitt liv, som er eit kompetanseutviklingsprogram retta mot personale som jobbar med utviklingshemma. Dette programmet varer ut 2020.

4.8 PO-senteret

Stendi Senior, tidlegare Aleris omsorg, er leverandøren som leverer tenestene innan institusjon og heimebaserte tenester innan eldreomsorga i Austevoll kommune. Stendi Senior utførte tenester hos 130 heimebuande i Austevoll i 2018. Firmaet driv og pleie- og omsorgsenteret i Austevoll. Pleie- og omsorgsenteret har ulike tilbod til innbyggjarane våre. Det er ein spesialavdeling for demens og psykogeriatri, langtidsplassar, korttidsopphold, avlastning, rehabilitering i form av korttidsopphald og øyeblikkeleghjelp seng. Det er og eige rom for palliativ behandling, der det er pårøranderom knytt til.

Ved pleie- og omsorgsenteret er det tilbod om dagsenter for heimebuande demente. Tre dagar i veka har 10 personar dette tilbodet. For å ivareta aktivitetar og kultur er tre årsverk tilsett til desse oppgåvene. Tilbodet er variert og innhaldsrikt og inneheld aktivitetar nærast dagleg.

Stendi Senior har som hovedmålsettingar, å ha personale lett tilgjengeleg, at bebuarane blir møtt på ein venleg og imøtekomande måte, at bebuarane opplever seg trygge med den hjelpa dei får. Det vart utført undersøking to ganger i 2018, der skår på desse spørsmåla var over 90%.

Fann du det du leita etter?