5 Økonomi og internkontroll
Austevoll kommune hadde i 2018 driftsinntekter kr 473,8 millionar og driftsutgifter kr 436,4 millionar (inkludert avskrivingar). Brutto driftsresultat blei kr 37,4 millionar som er 7,9% av driftsinntektene.
I 2018 blei det oppdaga at skatteinntektene i 2017 var utbetalt med for høge beløp til Austevoll kommune. Dette blei motrekna i slutten av året. Nominelle skatteinntekter blei såleis redusert frå 219 mill i 2017 til 202 mill i 2018. Dette er 127,1% av landsgjennomsnittet, mot 142,9% i 2017 og 136,4% i 2016. Skatteinntektene korrigert for inntektsutjamninga var kr 4,9 millionar lågare enn budsjett.
Frie inntekter pr. innbyggar blei kr 65 293, gjennomsnittet for landet utan Oslo er kr 55 132. Kommunen fekk 38,9 millionar i utbetaling frå havbruksfondet i 2018.
Netto driftsresultat viser kr 28,9 millionar i 2018, eller 6,1% av driftsinntektene. Anbefalt måltal for netto driftsresultat er minimum 1,75%. Korrigert for havbruksfondet viser rekneskapen eit negativt driftsresultat. Dette kan ikkje kommunen leva med over tid. Rekneskap for 2018 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 29,4 millionar.
Det har vore god budsjettkontroll i 2018. Likevel er det område med meirforbruk. Dette gjeld:
- Skuleskyss
- Vedlikehald av kommunale bygg
- Utbetalingar til private barnehagar
- Helsetenester til ressurskrevande brukarar
- Barnevern
Dette meirforbruket i tillegg til mindreinntekter knytt til skatt bidreg til at resultatet blei 10 millionar lågare enn venta.
Kommunen sine kostnader er fordelt forholdsmessig på desse områda i 2018:
- Oppvekst 44%
- Helse og omsorg 31%
- Utvikling og forvaltning 11%
- Administrasjon og kyrkja 10%
- Finansiering 4 %.
I 2018 har kommunen gjort investeringar for kr 105 millionar. Investeringane er hovudsakleg knytt til Austevollbadet, omsorgsbustadar på Prestaneset, Austevoll folkebibliotek og Austevoll ungdomsskule.
Kommunen har per 31.12.2018 kr 532,3 millionar i langsiktig lånegjeld, og dette er 114,6% av brutto inntekter. I 2018 blei det teke opp nye lån på til saman kr 49 millionar og det blei betalt avdrag med kr 21,1 millionar. Lånegjelda utgjer kr 106 149 pr. innbyggar, gjennomsnitt for landet utan Oslo er kr 89 742.
I økonomiplanperioden 2019-2022 er det lagt opp til nye låneopptak noko som vil føre til at driftsrekneskapen i framtida vert belasta med meir i renter og avdrag. Ved utgangen av året var 61% av den langsiktige lånegjelda sikra med fast rente.
5.6 Noter
Note 1 Endring av arbeidskapital
Note 2 Ytingar til leiande personar
Note 3 Godtgjersle til revisor
Note 4 Pensjon
Generelt om pensjonsordningane i kommunen:
Kommunen har kollektive pensjonsforsikringar for tilsette i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) og Statens pensjonskasse (SPK). Forsikringar som tidligare blei levert av Vital er overført KLP i 2014.
Tilsette som er i kommunen si teneste ved fylte 62 år har også rett til avtalefesta pensjon (AFP) etter bestemte reglar. AFP for 62-64 år er ikkje fullt forsikringsmessig dekka.
Rekneskapsføring av pensjon:
Etter § 13 i årsrekneskapsforskrifta skal driftsrekneskapen bli belasta med pensjonskostnader som er rekna ut frå langsiktige føresetnader om avkastning, lønsvekst og G-regulering. Forskjellen mellom betalt pensjonspremie og utrekna pensjonskostnad er premieavvik, og skal inntekts- eller utgiftsførast i driftsrekneskapen med tilbakeføring igjen etter fastsette reglar.
Vilkåra innber også at utrekna pensjonsmidlar og pensjonsforpliktelser er oppført i balansen som hhv anleggsmidlar og langsiktig gjeld. Arbeidsgjevaravgift av netto pensjonsforpliktelse er ein langsiktig forpliktelse.
Frå og med rekneskapsåret 2011 er ikkje-resultatført estimatavvik tatt inn i pensjonsmidlar og pensjonsforpliktelse, med motpost på kapitalkontoen.
Note 5 Anleggsmidlar
Note 6 Aksjer
Note 9 Langsiktig gjeld
Kommunen har ikkje lån som må refinansierast i 2019.
Note 10 Renter - sikring
Note 11 Avdrag på lån
Det er betalt kr 21,1 millionar i avdrag i 2018. Av desse er kr 15,9 millionar knytt til ordinære lån og kr 5,2 knytt til startlån og formidlingslån.
Minimumsavdrag for 2018 er berekna til 12,6 millionar.
Note 12 Garantiansvar
Note 13 Andre vesentlege forpliktingar
Frå 1 juni 2013 vart pleie- og omsorgstenestene overteke av Stendi Senior AS etter konkurranseutsetjing. Austevoll kommunestyre vedtok i 2018 å rekommunalisere pleie- og omsorgstenestene frå 01.06.2020. Kontrakten med Stendi Senior AS hadde ein verdi på om lag 68,2 millionar i 2018.
Note 15 Avsetningar og bruk av avsetningar
Note 17 Opplysningar om eigenkapitalkonto
Endring i rekneskapsprinsipp som følgje av regelendring og presisering frå departementet er gjennomført frå 1993 til i dag ved direkte bokføring mot eigenkapitalen. Slike utgiftsauker er ikkje kompensert ved økte overføringar frå staten. Oppstillinga nedanfor viser dei beløp kommunen har ført som endring i rekneskapsprinsipp.
I kommunerekneskapen er nettoutgiftene frå endringane i rekneskapsprinsipp innarbeidd i konto for rekneskapsprinsipp som påverkar arbeidskapital drift, i år som negativ eigenkapital. Tidlegare år var desse endringane ført mot likviditetsreserve.
Kommnen har bokført fylgjande endringar i rekneskapsprinsipp mot konto for rekneskapsprinsipp som påverkar arbeidskapital drift:
Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2018 er kr 29,4 millionar.
Note 18 Kapitalkonto
Note 19 Investeringsoversikt
Note 20 Vesentlege overføringar
Austevoll kommune har motteke kr 25 millionar i bidrag frå private i samband med bygging av Austevollbadet.
Note 21 Sjølvkost