Årsmelding 2018 - Austevoll kommune

3 Oppvekst

3.1 Barnehage

Austevoll kommune er barnehagemynde og skal rettleie og sjå til at barnehagar blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen har ansvar for å legge til rette for ein samordna opptaksprosess og for at alle barn får barnehageplass i samsvar med lov. Rutiner for tilskot til barnehagar er revidert. Det same er felles rutiner for tilsyn i Midthordland kompetanseregion.
Det har vore to tilsyn etter i etter § 16 i barnehagelova i 2018, det eine er eit økonomisk tilsyn som  enno ikkje er avslutta.

Barnehagane har rapportert om bemanning, arealutnytting, tal barn og alder og pedagognorm, 6 gonger i løpet av året. I samarbeid med helsevernetaten har kommuneoverlegen vore på fleire tilsyn i barnehagane (miljøretta helsevern).

Frå nytt barnehageår 1. august 2018 gjeld ny bemannings- og pedagognorm i barnehagane. Kommunen har halvårsplan for møteverksemd og har lagt til rette for tverrfaglege møteplassar med styrarar, pedagogar og andre tenester innan oppvekst.

Barnehagemynde har informert barnehagane om kompetanseutvikling og barnehagene har vore på forvaltningsmøte som gjeld nye regelverk.

Det har vore gjennomført 6 nettverksmøte for barnehageansvarlege i Midthordland kompetanseregion i 2018, der det i hovudsak har vore fokus på høyringar, gjennomføring av tilsyn, oppdatering av ulike skjema, endringar i barnehagelov og rutinar og vedtak som gjeld tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp i barnehage.

3.2 Barnevern

Barneverntenesta jobbar for gode oppvekstvilkår gjennom eigna førebyggande tiltak og i samarbeid med andre instansar gjennom:

  • Råd og rettleiing
  • Samtalar med born og unge
  • Tilvising til andre instansar som psykolog, BUP, familievernkontor, statleg barnevern
  • Eit tverrfagleg samarbeid med andre etatar i kommunen som jobbar med barn/unge

Overta omsorga for born for vidare plassering i fosterheim eller institusjon. Barneverntenesta har då ansvaret for oppfylging og rettleiing av fosterheim, samarbeid med institusjon, tilsyn med bornet, samvær mellom born og biologiske foreldre samt oppfylging av biologiske foreldre etter omsorgsovertaking.

Barnevernet har sine brukergrupper er barn, ungdom og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon, som treng oppfølging og tiltak frå barneverntenesta.  Ansvarsområde gjeld for barn opptil 18 år, og i nokre tilfelle opptil 23 år dersom det er behov eller ynskje frå ungdommen om oppfylging etter fylte 18 år.

Pr. 31.12.18 hadde barneverntenesta 66 barn/unge under oppfylging, noko som er eit auke på 13 born/unge frå 2017. Barneverntenesta mottok 60 bekymringsmeldingar i 2018, noko som er eit auke på 22 frå 2017.

Barneverntenesta opplever å ha opparbeida eit godt stabilt team innad i tenesta og har eit lågt sjukefråvær. Tenesta har eit godt tverrfagleg samarbeid med samarbeidspartnarar, barnehagar og skular. Barneverntenesta har deltatt på Bufdir sin kompetanseheving innan barnevern ved å deltatt på tjenestestøtteprogram saman med barneverntenesta i Kvam, Kvinnherad og Tysnes kommune. Tilsette har også deltatt på kommunale læringsnettverk i regi av Fylkesmannen Det er gjennomført dialogmøte med representantar frå Fylkesmannen, politisk leiing og administrativ leiing. Tenesteområdet er presentert for Tenesteutvalet, og barneverntenesta har synleggjort seg sjølv i lokalavisa ved fleire høve. I budsjett 2018  blei det vedteke ei auke i bemanninga med 60% stilling. Det er innført elektronisk arkiv og sikker post, noko som fører til effektivisering av arbeid og miljøbesparande.

3.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT

Tilsette ved tenesta er spesialpedagogar, og har måtte kjøpt tenester frå logoped/spesialpedagog og psykolog tilsvarande 30% stilling. PPT sine brukarar er føresette, born og unge i barne- og grunnskulealder, samt vaksenopplæringa. Eininga har eit utstrekt samarbeid med andre kommunale tenesteområde og 2. linjetenesta. Tilsette ved kontoret arbeidar med kartlegging og utgreiing av lærevanskar, diagnostisering, sakkunnige vurderingar, råd og rettleiing, terapeutiske tiltak og behandling, kurs og foredrag, systemarbeid/individarbeid og tverrfagleg samarbeid. PPT driftar Zippy, program for betre psykisk helse for born  i skulen.

Fagteamet som utøver spesialpedagogisk hjelp i barnehagane er plassert under PPT sitt ansvarsområde. Målsetjinga er å drive systemretta arbeid og spesialpedagogisk hjelp for barn under skulepliktig alder. Denne satsinga har vorte godt mottatt i barnehagane. Fagteamet utfører spesialpedagogisk hjelp til barn under skulepliktig alder, der PPT har skrive sakkunnig vurdering og kommunen har fatta vedtak. I det systemretta arbeidet har det blitt lagt vekt på å drive språkgrupper som eit lågterskeltilbod, og å gi råd og rettleiing i barnehagane for å gjere det allmennpedagogiske tilbodet best mogeleg for alle born. I 2018 hadde ein auke i aktive saker som blir følgt opp.

3.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Tenesta har helsesjukepleiarar i faste stillingar, fordelt på 5,5 årsverk. 2 helsesjukepleiarar driftar helsestasjonen og har ansvar for oppfylging av barn mellom 0 til 5 år, og 4 helsesjukepleiarar arbeider i skulane med ansvar for barn og unge mellom 6 til 20 år.

Helsestasjonstenesta er ei lovpålagt teneste som ansvar for oppfylging av barn 0-5 år og deira familie. Det er fokus på både fysisk og psykisk utvikling, trivsel, foreldrerettleiing, vaksinasjon, smittevern og andre ting. Helsestasjonstenesta skal jobbe førebyggande og helsefremjande og bidra til å førebyggje sjukdom samt fremje god fysisk og psykisk helse. Helsestasjonstenesta er eit lågterskel tilbod som skal vere lett tilgjengeleg for brukarane. Skulehelsetenesta er og ei lovpålagt teneste for elevar mellom 6 og 20 år. Elevane for tilbod om helsekontrollar, undervisning og vaksinasjonar etter anbefalt program.

Helsesjukepleiarar  i skulen driv og ulike grupper og undervisningsopplegg for elevar, som for eksempel ”Zippys venner” og VIP. Desse programma skal styrkje elevanes sjølvkjensle, deira psykiske helse samt deira sosiale kompetanse. Helsesjukepleiarar i skulen har mykje individuelle samtaler med elevar. Helsestasjon for ungdom er eit helsetilbod for ungdom mellom 13 og 23 år, opningstider kvar torsdag 14.30 til 16.30. Det er fokus på fysisk, psykisk og seksuell helse hos ungdom. Det er jordmor, helsesjukepleiar og lege som driftar HFU. Psykolog for barn og unge skal primært jobbe helsefremmande og førebyggande i forhold til barn og unge si psykiske helse, og er eit mellomtrinn mellom helsesjukepleiar og 2 linjetenesta (f.eks BUP).

Helsesjukepleiar deltar i ei rekkje tverrfaglege team, der målet er å kome inn med hjelp til barn og ungdom på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Nye tiltak i 2018 er undervisning i på 6. trinn i samarbeid med barnevernet om vald og seksuelle overgrep, og samtalegrupper for barn som har skilte foreldre. 2 helsesjukeplearar har sertifisert seg i foreldrerettleiing COS (Circle of security).

Miljøretta helsevern er og ei lovpålagt oppgåve i helsesøstertenesta. Arbeidsoppgåver kan vere tuberkulosekontroll av utlendingar som flyttar til kommunen, samt anna smittevernsarbeid.  

3.5 Kulturskulen

Kulturskulen si brukargruppe er elevar  172/192 elevplassar i  alderen 6 – 52 år. Austevoll Musikkråd,  koret Eufoni, helse- og sosialetaten, psykisk helseteneste og Aleris Omsorg kjøper tenester av kulturskulen. Tilboda i kulturskulen famnar om undervisning innan musikkstart, song, piano, gitar, eklektisk gitar, bassgitar, keyboard, slagverk, bandundervisning, musikkverkstad og tilpassa musikkopplæring. Det er også tilbod om undervisning i teikning og maling,  dans på barnetrinnet. (1. – 7. klassesteg), jazzdans på ungdomstrinnet (8. – 10. klassesteg), dirigentteneste for kor, aspirantopplæring for KDV skulekorps, som er det einaste skulekorpset i Austevoll. Kulturskulen organisere og legg til rette for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Austevoll og Ungdommens kulturmønstring (UKM) i lag med Austevoll Musikkråd.

Hausten 2018 starta korpsaspirantopplæring som tilbod gjennom kulturskulen. Dette foregår på Storebø skule og Kolbeinsvik skule. Vi ynskjer og å setje i gong på Selbjørn, men der er det ikkje nok interesse enno. Elevane er frå 3. klasse og oppover.

3.6 Vaksenopplæringa

Mottakarar av tenester er flyktningar og familiegjenforeinte i introduksjonsprogram og betalingselevar i norsk. 10 deltakarar tok eksamen i norsk på ulike nivå i 2018, og 5 deltakarar tok samfunnskunnskapseksamen. Andre brukargrupper får opplæring særskilt organisert for vaksne, og Opplæringslova regulerer opplæringa. Eininga samarbeider med NAV og flyktningkoordinator omkring Austevoll kommune sitt introduksjonsprogram.

3.7 Austevoll folkebibliotek

Biblioteket fekk utvida og nyrenoverte lokalar i 2018, og var av den grunn heilt stengt for publikum i perioden 1. januar- 23. mars. På trass av dette var den ei betydeleg auke i besøkstala samanlikna med 2017. Den 24. mars var det offisiell opning ved ordførar, og festprogram for alle interesserte besøkande.

Biblioteket har no fått meir plass, nye møblar og fleire høvelege tilbod og nytt teknisk utstyr til bruk for publikum og til arrangement. I det heile har biblioteket vorte meir innbydande og brukarvenleg  for fleire grupper av besøkande.

Biblioteket fekk og nytt utlånssystem i samband med renoveringa og dette har gjort lånesamarbeid og kommunikasjon med andre bibliotek svært mykje lettare.

Papirbøkene held seg svært godt som medium, og lever godt ved sida av e-bøker og e-aviser. Utlån av film og lydbøker har gått litt ned. Det er auka etterspurnad etter ny og aktuell litteratur.

Etter sommaren fekk biblioteket installert meirope system, som gjer at registrerte lånarar kan få avtale om å låse seg inn og bruke biblioteket i heile torget si opningstid. Dette betyr at ikkje berre privatpersonar, men og lokale lag og foreiningar kan bruka biblioteket som møtelokale eller studierom etter avtale når det elles ikkje er betjening til stades. Lokalet er kameraovervåka, og det vert varsla med lys og lyd når det er stengetid om kvelden. Før årets utgang var det over 100 registrerte lånarar som hadde fått tilgang til meirope bibliotek.

Austevoll folkebibliotek er med i eit formalisert fagleg samarbeid med 7 andre bibliotek i Sunnhordland.

3.8 Grunnskulane

Vi har 3 offentlege grunnskular og 1 privatskule i kommunen, og elevtalet inkludert privatskulen er i hausthalvåret 2018 på 735. Det blir levert ei årleg Kvalitetsmelding til politisk handsaming.

Tenester

  • Grunnskuleopplæring 1.-10. trinn etter læreplanen Kunnskapsløftet m/forskrift
  • SFO- ordning 1.-4. trinn
  • Lokalitetar for og i samarbeid med kulturskulen
  • Lag og organisasjonar: Trening, øving, arrangement
  • Utleige av lokale til arrangement, kurs m.m.

Det er opplæringslova som regulerer grunnskule og vidaregåande opplæring i offentlege og private grunnskular. Den overordna planen for grunnskulen i Austevoll kommune er forankra i gjeldande lover og regelverk, og set føringar og mål for arbeidet i alle skulane. Planen er under revidering med målsetjing om vedtak i kommunestyret våren 2019.

3.8.1 Selbjørn skule

Har 184 barn fordelt på:

Trinn 1

Trinn 2

Trinn 3

Trinn 4

Trinn 5

Trinn 6

Trinn 7

20

26

25

32

33

25

23


Skulen er TL-skule, og satsar på god opplæring av trivselsleiarane, positive samlingar og godt utstyr. Skulen samarbeider med Storebø skule, som òg er TL-skule. Undersøkingar lokalt og frå TL sentralt viser at elevane liker og set pris på TL-programmet og at det har positiv effekt på skulemiljøet.

Det har blitt arbeida med planar for tre hovudområde: a) Leseopplæringa 1.-7. trinn, b) Sosial læring og inkludering og c) Tverrfaglege tema (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling).

Skulen held fram med lesekurs for elevar, hovudsakleg på 3. og 4. trinn. Tilbodet om lesekurs er styrka, utvikla og betre systematisert gjennom 2018. Evalueringa så langt viser at lesekursa har god effekt for dei fleste elevane. For nokre få elevar er effekten moderat eller liten.

Nasjonale kartleggingsprøver, eigne testar og skulen sin vurderingspraksis gir grunnlag

for å seia at elevane tileignar seg god allmennkunnskap. Ved å styrka praktiske sider ved

opplæringa, gjennom t.d. teknologi & design, fysak, opplæring utanfor klasserommet, villsauprosjekt og praktisk musikkopplæring (band) får elevane høve til å utvikla varierte praktiske og sosiale dugleikar, og såleis styrka eiga sjølvkjensle.

Personalet har fått skolering kap 9A i Opplæringslova: plikter, ansvar og rutinar. Skulen har laga mal for aktivitetsplan. Mobbingens psykologi har vore tema for fleire arbeidsøkter i personalet. Zippys venner er i bruk på småtrinnet. Tilrettelegging for gode aktivitetar i friminutt, og varierte aktivitetar som delar av opplæringa, bidrar til godt læringsmiljø. I elevundersøkinga hausten 2018 (7. trinn) er andel elevar som rapporterer at dei har vorte mobba 0 %.

Ny klatrepark sto klar til bruk ved skulestart hausten 2017. Dette er svært positivt for skulen. Ny balansepark og miniballbinge er komme i tillegg i 2018, og dette har skapt enno meir aktivitet.

3.8.2 Storebø skule

Har 301 elevar fordelt på:

1.trinn

2. trinn

3. trinn

4. trinn

5. trinn

6. trinn

7. trinn

45

45

38

53

42

38

41


Mål og innsatsområde:

  • Gje eleven god allmennkunnskap, og høve til å utvikle eigne evner og talent
  • Tidleg innsats, ekstra styrking 1.-4.trinn, innafor leseopplæring og matematikk
  • Uteskule, undervisning utanfor klasserommet
  • Kantine for 5-7 trinn 4 dagar i veka
  • satt inn tiltak for å sikra betre trakikkområdet ved skulen
  • Vakter ved busstopp etter skuletid og innkjøring forbudt på skuleområdet etter kl 8.00
  • Haust 2018 blei nye bassenget tatt i bruk

3.8.3 Austevoll ungdomsskule

Har 204 elevar fordelt på:

2017-2018

8. trinn: 78

9. trinn: 72

10. trinn: 57

2018-2019

8. trinn: 55

9. trinn: 77

10. trinn: 72

 


Mål og innsatsområde

  • Samarbeid for eit godt læringsmiljø
  • Skulen skal arbeide meir systematisk med måloppnåing og vurdering
  • Skulen skal arbeide med å betre læraranes kompetanse innan klasseleiing
  • Skulen skal arbeide for ein god individuell tilrettelagt opplæring
  • MOT – skulen som samfunnsbyggar
  • Fokus på læringsstrategiar
  • Skulen har samarbeid med Austevoll næringsråd og opplæringskontoret i Austevoll. Saman arrangerer vi Karieredagen annakvart år.
  • Samarbeid med Austevoll vidaregåande der elevar i 10 kan ta fag ved vidaregåande.
  • Auka fokus på at alle elevar skal få eit trygt og godt læringsmiljø
  • Psykisk helse – opplegg for alle elevar våren 2019.
  • Auka fokus på lesing i alle fag
  • Bruk av digitale hjelpemiddel
  • Musikal annakvart år

Utbygginga av skulen starta i juni 2018. Det har til tider vore store ut utfordringar knytt til drifting av skulen i byggeperioden. Det er eit sterkt ynskje frå personalet ved skulen, elevrådet og FAU at det blir gjort noko med utemiljøet for å få elevane i meir aktivitet. Skulen har ope bibliotek og Austevollhall i storefri slik at elevane kan lese, spele spel, drive med idrett. Alle tiltak er sett i verk for at elevane skal vere meir sosiale i friminutta. Utearealet til skulen i byggeperioden har vorte mindre. Vårt håp er at det blir sett av midlar til opprusting av uteområdet til elevane når skulen er ferdig rehabilitert hausten 2020.