Årsmelding 2018 - Austevoll kommune
1 Organisasjon
1.1 Rådmann
2018 starta med ei stor undersøking blant dei tilsette i Austevoll kommune. Bakgrunnen for dette var meldingar og anna som gjorde at formannskapet tinga ei gransking omkring openheit og ytringskultur i kommunen. KPMG gjennomførte undersøkinga. Rapporten blei lagt fram og vidaresendt kontrollutvalet i Austevoll kommune for vidare handsaming.
Seinare på året blei det gjennomført ein større helsesjekk av den kommunale drifta. Kommunestyret tinga denne hausten 2017. Denne gongen var det Agenda Kaupang AS som leia ei undersøking som fortel oss mykje om ressursbruk og kvalitet i tenestene våre.Parallellt med gransking og helsesjekk, skulle ei av dei største sakene på fleire år førebuast, nemleg spørsmålet om kommunen etter 6 år skal rekommunalisera pleie- og omsorgstenestene i kommunen vår.
Spørsmåla dei tre sakene reiser, og svara som skal følgje, er langt frå klar. Dette er krevande saker som set store krav til forsvarleg sakshandsaming, involvering og kunnskap. Det er eit overordna mål at desse sakene skal bidra til å samle oss som organisasjon og auke tilliten til oss som kommune. Det er heilt sikkert dei som har undra seg over vegval undervegs og kor dette skal ende. Krevande saker har det til felles at ulike vegval har gode argument. Det vil alltid vera ulike meiningar om desse, noko som fører til vonbrot og irritasjon hos dei som ikkje får sitt vegval godkjent. Rådmannen registrerer sjølvsagt dette, men det er administrasjonen si plikt å ta avgjerder som i sum fører oss i den retning som er peika ut.
I kommunal verksemd er det viktig at me tar innover oss kven det er som peikar ut kursen. I mange saker er er det administrasjonen sjølv, me har fullmakter i delegeringsreglementet som legg føringar for dette.I andre, og fortrinnsvis større og prinsipielle saker, er det formannskap og kommunestyre som avgjer. Då er det vår jobb å sørge for at me når den havna som er peika ut, og det innan rimeleg tid. Godt sjømannskap kan overførast til kommunal drift!
Alle våre sektorar jobbar lojalt og aktivt for at barn, unge og vaksne skal ha det tilbod og tenester dei fortjener i Austevoll. I 2018 har me opna Austevollbadet og starta utbygging av ein ny og flott ungdomsskule på Eidsbøen. 21 nye omsorgsbustader på Prestaneset står klar og fiskerihamna på Salthella har tatt eit nytt steg i den retning me ynskjer.
Den daglege drifta rundt omkring i alle våre einingar, er minst like viktig som opning av nybygg og andre nyhende som kanskje får større merksemd. Stor respekt for alle som kvar einaste dag samvitsfullt står på og gjer sitt beste for kommunen. Det kan ikkje understrekast nok at dette er det aller viktigaste for at me over tid har ein god og berekraftig kommune som folk vil bu i, og kor dei vil trivast.
Takk alle tilsette for flott innsats i 2018 og takk alle Austevollingar for at me får ta del i drift og bygging av den flotte kommunen vår!
Bjarte Madsen
Rådmann Austevoll kommune
1.2 Tilsette
Talet på fast tilsette i kommunen har auka og dette har samanheng med opning og drift av Austevollbadet. Det har også vore ei auke i talet på fast tilsette ved Eidsbøen bufellesskap kor deltidstilsette også har fått auka sin faste stillingsprosent. Gjennomsnittleg stillingsprosent for kvinner var 85,2 % i 2018, mot 83 % i 2017.
Dei etiske grunnverdiane for leiarar og tilsette i Austevoll kommune er:
- Truverd
- Respekt
- Openheit
- Mot
- Profesjonalitet
Desse etiske prinsippa skal vera forpliktande for alle tilsette, og det blir arbeidd med å laga etiske retningsliner som skal gjelda for både tilsette og politikarar som skal implementerast i heile organisasjonen.
1.3 Likestilling
Den administrative toppleiargruppa var i 2018 samansett av 2 menn (rådmann og økonomisjef), og 3 kvinner (kommunalsjefar). Kjønnsfordelinga for einings- og fagleiarnivå var 7 menn (33 prosent) og 14 kvinner (66 prosent). I arbeidsstokken totalt er 77 prosent kvinner.
Kommunen freistar å ta aktivt omsyn til likestillingsperspektivet i ulike sider av personalpolitikken. Det gjeld både tilsettingar, i lønspolitikken og i arbeidet med å redusera ufrivillig bruk av deltid.
1.4 Arbeidsmiljøutvalet
AMU har 6 medlemmar, 3 frå arbeidsgjevar og 3 representantar for dei tilsette. Arbeidstakarrepresentantane har leiarvervet i 2018 og 2019. Vervet går på omgang mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarrepresentantane. Bedriftshelsetenesta Volvat Bedrift A/S - har møte og talerett i AMU og har vore kalla inn til møta.
AMU har hatt 5 møte i 2018 og har handsama 30 saker inklusive referat og meldingar. AMU har handsama og uttalt seg om følgjande saker:
- Austevoll ungdomsskule – utbygging
- Arbeidsmiljø – og organisasjonskultur
- Møkster skule – endring av skulekrins
- Etablering av driftsorganisasjon Austevollbadet
- Undersøking blant tilsette om openheit, ytringskultur og varsling
- Bruk av opsjon, kontrakt mellom Austevoll kommune og Aleris Omsorg AS
- Forhandlingar, kontrakt mellom Austevoll kommune og Aleris Omsorg AS
- Budsjett 2019 - Økonomiplan 2019-2022
- Etiske retningsliner for tilsette og folkevalde i Austevoll kommune
- Rutinar for varsling i Austevoll kommune
- Kvartalsvis rapportar om sjukefråver
1.5 IKT
Digitaliseringa av kommunen held fram i alle tenester i samsvar med IKT-strategien som er vedteken. I 2018 vart kommunen sine nye internettsider sett i drift. Målsettinga er å gjere kommunal informasjon lett tilgjengeleg for innbyggarane. Arbeidet med dette kjem til å halda fram i 2019. Fleire systemintegrasjonar som bind datasystema saman er innført slik at manuelt arbeid i sakshandsaminga vert redusert. Post frå kommunen går no for det meste elektronisk, noko som gir reduserte kostnadar og forenklar postutsendingane. Posten vert levert i mottakaren sin digitale postkasse eller på Altinn.
Saman med kommunane i IKT-Nordhordland har vi i 2018 invitert til fleire anbodskonkurransar. Samarbeidet gjer oss effektive og sikre anbodsprosessar, og ikkje minst stor slagkraft i marknaden. Å stå saman om dette reduserer timar og kostnadar både i anskaffinga og i implementeringa. Det er gjennom dette inngått nye avtaler på kopi/utskrift, telefoni, digital læringsplattform i skulen og velferdsteknologi. ATEA vann kontrakten på velferdsteknologi. Det vert planlagt å starta ulike installasjonar på dette feltet i første halvår 2019.
Dagleg drift av IKT i kommunen har fungert stabilt og godt gjennom heile året.
1.6 Generelt om verne- og arbeidsmiljøarbeid/HMT-arbeid
Austevoll kommune har rammeavtale med Volvat Bedrift A/S om levering av bedriftshelsetenester. Dette sikar kommunen tilgang til lovfesta bedriftshelseteneste med nødvendig kompetanse innan HMT.
Det er etablert eit fast samarbeid med NAV Arbeidslivssenter - Vestland der kommunen har oppnemnd eigen rådgjevar som kontaktperson i samband med oppfølging av IA -avtala. Det blei gjennomført lovfesta opplæring i arbeidsmiljø for nye verneombod og leiarar i 2018.
Austevoll kommune har utarbeida nye rutiner for varsling og konflikthåndtering. Rutinane har blitt til i samarbeid med dei tillitsvalde og er handsama i AMU, endeleg godkjenning av etiske retningslinjer vil skje i kommunestyret våren 2019.
1.7 Oversyn over sjukefråvær 20118
Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2018 var 7,2% mot 7,1% i 2017. Fråværet første kvartal 2018 var relativt høgt, og gjennomsnittstalet for året var høgare enn måltalet i IA-handlingsplanen som er på 5,7%. Kvartalsrapportar om sjukefråvær blei etter rutine framlagt og drøfta i AMU.