Austevoll kommune

Kom med innspel til kommuneplanens arealdel

Utvikling og forvaltning

Årsmelding 2018 - Austevoll kommune

2 Utvikling og forvaltning

2.1 Brann og redning

Brannmannskapa hadde 97 utrykkingar i 2018: Det var ingen større brannar eller hendingar. Eininga har brannsjef og brannmeister. Feiartenesta blei utført av 2 feiarar i til saman 1,4 årsverk. 20 personar er i mindre stillingsprosentar som utrykkingsmannskap.

Brannvesenet har stor fokus på førebyggjande arbeid både i eine- og fritidsbustader. Førebyggjande arbeid med særskilte brannobjekt vil framleis bli vektlagt i 2019.

2.2 Prosjekt bygg og anlegg

Eininga har 1 årsverk engasjert i prosjekt under planlegging og prosjekt under utføring. Prosjekt i prosjekteringsfase i 2018 var elevaula ved Selbjørn skule (byggetrinn 2), ferdigstilling av veg i Salthella med tilrettelegging for vatn, avlaup, veglys, straum mm - og Austevoll ungdomsskule.

Måloppnåing i 2018:

  • Austevoll fiskerihamn, Salthella. Ferdigstilling av 3 kaiar. Økonomien i prosjektet er i samsvar med kontrakt. Tilleggsutgifter skuldast i hovudsak mudring av nedraste steinmassar frå molo. Det er montert støypemadrasser for å stabilisera massane.
  • Austevollbadet  
  • Gråsidalvegen
  • Utomhusområdet der det gamle kommunehuset stod
  • Elevaula ved Selbjørn skule, byggetrinn 1
  • Austevoll ungdomsskule. Hovudbygg er venteleg ferdig desember 2019

 

2.3 Næring

Austevoll blei i 2018 rangert fremst i fylket av NHO målt på attraktivitet og lokal vekstkraft. Rangeringa er basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi. Nasjonalt blei Austevoll rangert som nummer 4 av 422 kommunar, opp 2 plasser frå året 2017.

Innanfor kategorien næringsliv og privatøkonomi blei Austevoll rangert fremst i Norge. I målinga vert vekstkraft i privat næringsliv reflektert gjennom indikatorar for verdiskaping, nyetableringar og sysselsetting. Sterk privat kjøpekraft er òg ein positiv indikator for næringslivet. 

Med gründerånd og høg gjennomføringsevne utforskar næringslivet i Austevoll nye moglegheiter knytt til havrommet. Nye verksemder kom til i 2018, medan etablert næring stadig vidareutviklar sine produkt og teneste.

På næringsfeltet skal kommunen vere rådgjevar, medspelar og tilretteleggjar. Tett samarbeid med nærings- og organisasjonsliv- og med eksterne aktørar gir resultat. I 2018, som året, før var Forskingsrådet i Austevoll for å møte lokalt næringsliv på sin heimebane. Talet på Skattefunn-søknadar frå Austevoll-verksemder auka med 20 prosent i 2018 samanlikna med året før. Samla kvalifiserte søknadar frå næringslivet i Austevoll til om lag 250 millionar kroner i risikoavlasting og lån frå verkemiddelapparatet, då i all hovudsak gjennom ordningar administrert av Innovasjon Norge.

Prosjektet Blått kompetansesenter Austevoll signerte i januar 2018 ei rammeavtale for samarbeid med liknande kompetansesenterprosjekt i Trøndelag og i Troms. Prosjektperiode med delfinansiering frå Hordaland fylkeskommune vart avslutta ved utgangen av året.

I Austevoll fiskerihamn, det nasjonale fiskerihamn-prosjektet på Salthella, blei kaiprosjekt med bygging av 3 kommunale kaiar på første molo ferdigstilt og sluttrapportert til Kystverket sommaren 2018. Prosjektet vart realisert gjennom samarbeid mellom Austevoll kommune, lokalt næringsliv og Kystverket.

Austevoll kommune samarbeider med Universitetet i Bergen, og i løpet av 2018 var kommunen mottakarorganisasjon for praksisopphold for i alt 6 studentar frå Institutt for samanliknande politikk. Studentane har bidrege til tverrfagleg i kommuneadministrasjonen, og har i nokre tilfelle assistert politisk leiar.

2.4 Kultur og idrett

Gjennom dei kommunale tilskotsordningane idrettstilskot, kulturtilskot, kulturtilskot retta mot eldre, kulturtilskot retta mot måla i kulturminneplanen, konsert- og arrangementtilskot og Bygdehuspotten fordelte Austevoll kommune i 2018 kr. 1.100.000 i prosjektmidlar til 38 prosjekt i regi av frivilligheita i Austevoll.

Drift av isbane i Kolbeinsvik, utstyr til- og drift av «open hall», kulturarrangement i samband med Møkster maraton, oppgradering av bygdehuset på Vinnes, det kulturhistoriske heftet «På butikken fekk me alt – om handelsstadar, landhandlarar og butikkar i Austevoll», Bygdekino, Kystsogehelg, og aktivitet i Austevoll husflidlag – ung, er døme på prosjekt som fekk kommunal støtte i 2018. 

Eit prosjekt for registrering av prioriterte lokale kulturminne i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden vart avslutta i 2018. Prosjektet, som var ei oppfølging av Austevoll kommune sin kulturminneplan, hadde delfinansiering frå Hordaland fylkeskommune.

2.5 Folkehelse og frivilligheit

Folkehelse er sentralt i Austevoll. Folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda, og det vert arbeidd tverrfagleg for å fremje god helse blant innbyggarane. Overordna vert folkehelseperspektivet teke omsyn til- og integrert i alle planar i kommunen. Arbeidet med folkehelse ut mot innbyggarane har fokus på både fysisk og psykisk helse. Sistnemnde blant anna gjennom kommunen sitt MOT-engasjement. MOT er godt integrert  på ungdomsskulen, og bidreg til å skapa meir robuste ungdommar.

Austevoll blei i 2018 medlem i «Sunne kommunar» som jobbar for å skape lokalsamfunn det er godt, sunt og trygt å leva i. Gjennom dette nettverket vert det arbeidd med samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, og som jamnar ut sosiale forskjellar.

Austevoll kommune er godkjend sendar- og mottakarorganisasjon i EU-programmet European Voluntary Service (EVS). Gjennom denne ordninga fekk kommunen i 2018 EU-finansiering for 2 utanlandske volontørar/frivillige som hovudsakleg jobbar saman med frivilligkoordinator på frivilligsentralen, og er med å skapa aktivitet i kommunen. EVS-programmet gir oss moglegheit til å senda våre ungdommar ut i verda for å arbeide frivillig i valfrie prosjekt.

2.6 Austevollbadet

Austevollbadet opna for badande 19. august 2018. Ingen visste konkret kva ein kunne forventa, korkje av besøk eller økonomi. Budsjetterte tal var estimerte utifrå andre bad og grundige førehandsanalysar. Ville badet bli brukt av alle eller berre av symje-entusiastar? Var folk villige til å betala (nok) for ein slik aktivitet? Og ikkje minst, ville alt det tekniske fungera?

Personalet består av dagleg leiar og driftsteknikar kvar i 100 prosent stilling, 3 badevertar  i 50 stilling, 3 badevertar i 17 prosent stilling og 1 reinhaldar i tørrsone på 50 prosent stilling.

Mykje tid i starten gjekk med til opplæring i ulike alarmsystem, livredning, reinhald, daglege rutinar osb. Vi har mykje merksemd på teknisk drift og reinhald for å oppnå best mogeleg kvalitet for våre badande. Alle har teke stort ansvar for sine oppgåver og jobbar dedikert. I tillegg til rutinar har det vore fokusert på å skapa mest mogeleg aktivitet for ulike grupper, publikum og for eksterne leigetakarar.

Publikum, både familiar og vaksne, har fått sine eigne tider, seint og tidleg. Pensjonistane har hatt god tid i badet, med kaffi og godt sosialt samver inkludert. Alle 5-åringar i  Austevoll har gått på symjekurs, eit godt samarbeid med AIK. Symjegruppa til AIK har vore sterkt representert, dei har auka medlemstalet frå 200 til 260. Alle grunnskulane i kommunen har hatt symjeundervisning for alle trinn. Austevoll ASV har hatt eigne tider. Det same har fysioterapitenesta, eit tilbod me ynskjer å utvida.

Yoga har funne roen på meditasjons-symjing og ber om fleire kveldar. SeBra – ei gruppe for blinde har hatt badet for seg sjølv kvar måndag morgon. Barselduppen har også hatt tid i bassenget for  foreldre og baby.

2 treningsleirar for symjeklubbar frå Bergen har vore ein suksess, overnatting i kommunen er ei hindring for slik aktivitet. I 2019 har me fleire planar for programmet, heile tida med mål om å gjere Austevollbadet endå meir attraktivt for endå fleire badande – noko som igjen skal resultera i meir folkehelse og meir trivsel.

2.7 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV

Med 9,5 årsverk har FDV det overordna ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine eigedommar.  FDV har ansvar for oppfølging av teknisk tilsyn, forbruk av energi, dagleg reinhald, leasingbilane, uteområda sommar og vinterstid og havneområda.

Vårt tenesteområde skal ivareta kommunal eigedom og funksjonalitet for brukarar som innbyggjarane, besøkjande og tilsette i kommunen. Ressursane skal nyttast optimalt for å oppnå tilfredstillande vedlikehald, service, reinhald og levetid på kommunale bygg og eigedom.

Evaluering av nokre hendingar og oppnådde mål i 2018:

  • Er kome eit godt stykke i lagring av historikk og dokumentasjon på dei ulike kommunale bygg i vedlikehaldsprogrammet. Opplæring av tilsette er godt i gang.
  • Har utbetra fleire omsorgsbustadar/leiligheiter med nye bad, kjøken og innvendige overflater.
  • Har starta ny gjennomgang av reinhaldstenestene for å sjå på mogelege innsparingar.
  • Har kartlagt kommunale eigedommar. Nokre av desse er no digitalt oppmålt og klar for sal. To eigedommar er seld og prosessen held fram  i 2019.
  • Halde fram med målet om ferdigstilling av tilstandsanalyser av kommunale bygg. Må oppdaterast årleg.

Uforutsette utfordringar i 2018:

  • Varmepumpe på Austevoll ungdomsskule (drift straumforbruk på skule og bassenget ) fekk driftstans med store reparasjonskostnadar med meirforbruk av straum.
  • Sjukealarmanlegget på PO-senteret var på vårparten delvis ute av drift. Dette medførte store kostnadar til service/drift fram til det blei montert nytt anlegg.
  • Brannvarslingsanlegga på fleire bygg måtte skiftast ut grunna slitasje og at dei ikkje kunne koblast saman/eller blei oppdatert med heilhetleg nytt anlegg i fleire av våre nybygg og investeringsprosjekt.
  • Vintervedlikehaldet påfører ekstrakostnadar bla. grunna vedtak om vintervedlikehald på private vegar over 150m og meir enn 4. bueiningar.
  • Straumprisane auka vesentleg inn mot 2019. FDV starta arbeidet med å finna tiltak for å oppnå redusert straumforbruk, spesielt høgt er det på skulane og idrettshallane. Utover dette er det fokus på våre ladestasjonar for el.bilar der desse har besøk døgnet rundt.
  • Ekstrakostnadar ved kommunale vegar som er øydelagt av flom/store mengder overflatevatn.
  • Fleire av omsorgsbustadane har vore utsette for hærverk og misleghald. Det påfører ekstra mykje vedlikehaldskostnadar.
  • Idrettsbana med løpebana og fotballbana er utbetra med ny drenering langs langsidene.

Mål og endringar for 2019:

Det er viktig å fullføra igongsatt plan med å komplettera vedlikehaldsprogrammet og lukka avvik avdekka ved tilsyn. Vi har etterslep med omsyn til risikoanalyser for bygga våre ihht. brannkrav og ordinær drift. Målet er å vere på plass innan utgangen av 2019.

Utover dette:

  • Ferdigstilla nødvendige reklamasjonar på idrettsanlegga.
  • Revurdere omfang av vintervedlikehald/brøytetenestene i kommunen.
  • Best mogleg brukarservice og tjenesteyting.
  • Bruka avsette midlar på best mogeleg vis og vera kostnadseffektiv.

Utfordringar for 2019:

Det er starta opp ei utgreiing av brannsikkerheita på kommunale bygg. Me har prioritert bygg som har bebuarar med særskilt behov for assistanse ved evakuering.

  • Eidsbøen bufelleskap - utført i 2018
  • gamle kommunehuset - utført i 2018
  • Bekkjarvik bufelleskap  
  • Birgittunet   
  • Knivhaugane
  • Lindevika

Utover dette har  vi hatt ein gjennomgang av blant anna Storebø skule, Eidsbøen ungdomsskule, Selbjørn skule og Bekkjarvik brygge der det er føreteke nokre oppgraderingar. FDV er godt i gang med lukking av avvik.

2.8 Plan og byggesak

Byggesak har 5,7 stillingar inkl. leiar, og plan har 3 stillingar. I tillegg har bistår Stord Fitjar landbrukskontor på landbruksområdet og i viltspørsmål, og Austevoll kart (AUKAS) for matrikkelføring av  bygg og ferdigstille adresseendringsprosjektet.

Eininga yter tenester innan byggesak, private reguleringsplanar, landbruk og delesaker. Det inneber byggesakshandsaming, ferdigattestar, rivingsløyve, frådeling, dispensasjon, matrikkelføring, seksjonering eigedomsmeklarpakkar, arkivering, klagesaker, konsesjonssøknadar, eigenfråsegn om konsesjonsfridom, rettleiing, adresseendring, utsleppsløyve, detaljreguleringsforslag, arbeid med områdeplan og kommuneplan.

Brukargruppene våre er privatpersonar, Austevoll kommune, lokale lag og foreiningar, samt lokale og eksterne private bedrifter.

2018 Årsmelding Statistikk plan og byggesak
Statistikk Tal saker
Godkjente detaljreguleringsplansaker 10
Detaljreguleringsplanar til politisk handsaming 32
Motsegn 2
Klager på reguleringsplanar 3
Dispensasjonssaker 64
Delegerte byggesaker (ramme og eitt-trinn 137
Klager byggesak 19


Plan- og byggesak arbeider heile tida med å auke kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga, i tillegg til å sikre at vedtak og sakshandsaming skjer i samsvar med regelverket. Dette grepet har løfta kvaliteten, noko som visar seg mellom anna ved at fylkesmannen i dei fleste saker har delt rådmannen sitt syn i til dømes klagesaker.

Nytt sakssystem er innført i 2018. Adresseendringsprosjektet blei ikkje ferdigstilt i 2018 då det er 6 namnesaker som ikkje er avgjort hos kartverket.

Utfordringar for 2019 blir å sakshandsame innan gjeldande frister og handtere saker som kjem inn. Avdelinga må også forsøke å finne tid til å jobbe meir med ulovlighetssaker. Det er søkt om midlar frå fylkesmannen til dette.

Vidare skal avdelinga ferdigstille områdeplan for Storebø, jobbe videre med revidering av kommuneplanen, avklare samarbeid og rutiner med AUKAS og SIM, ferdigstille adresseendringsprosjektet, vurdere innføring av infoland, innføre rutiner for vidare handtering og vedlikehald av nye adresser etterkvart som det kjem nye bustadfelt i kommunen.

2.9 Servicekontoret

Servicekontoret er for mange innbyggjarar det første treffpunktet med kommunen. Dei fire tilsette har ansvar for sentralbordet, for postmottak, arkiv, søknadar –  og ikkje minst generell informasjon til innbyggjarane – i tillegg til mykje meir. Ingen spørsmål er for små eller store. Servicekontoret har god oversikt over organisasjonen, dei tilsette, tenestene og kvar spørsmål skal rettast. I 2019 vil lokala til Servicekontoret bli bygd om slik at det skal bli eit meir synleg kontor for dei besøkande.