Årsmelding 2019 - Austevoll kommune

Ordførar si innleiing til årsmeldinga 2019

Etter fleire år med planlegging, innsamlingar og tallause dugnadstimar blei sherpatrappene til Kongskleiva opna i august 2019. Med dette fekk Austevoll endå ei fantastisk turløype. Og med dette blei endå meir av den storslåtte naturen vår tilgjengeleg for endå fleire, både austevollingar og tilreisande, med viktige gevinstar for folkehelsa.

Opninga av sherpatrappene var eitt av mange viktige hendingar som fann stad i 2019, og ikkje minst innanfor frivilligheita i Austevoll. Overalt i kommunen blir det gjort ein uvurderleg dugnadsinnsats for å gjere det kjekkare og betre å bu i kommunen vår. 2019 var også året då frivilligprisen blei utdelt for første gong. Den verdige mottakaren var Leiv Magne Storebø, ei av dei mange eldsjelene i kommunen. Han fekk prisen blant anna for årelang innsats med å bygge, utbetre og vedlikehalde turstiar og betre framkome på Loddo.

2019 var også eit valår, med val både til fylkestinget i den nye Vestland fylkeskommune – og til kommunestyret. I eit demokratisk samfunn er frie val det viktigaste som finst. Då er det veljarane som bestemmer kven som skal sitte i kommunestyre og fylkesting. I valkampen bidrog mange titals politiske frivillige frå alle parti, til gode politiske debattar og høg aktivitet på sosiale medier og på standsaksjonar. Resultatet blei meir enn 2.700 avgitte stemmer, ei valdeltaking på 71 prosent og seks parti representert blant dei 21 medlemmane i kommunestyret.

I lokalpolitikken var det fleire store saker til behandling både før og etter valet. Totalt var det 171 saker til behandling i Austevoll kommunestyre i 2020. Blant anna avgjerda om drift av dei viktige pleie- og omsorgstenestene. Dette er ei viktig sak som opptar mange, og resultatet blei at kommunen sjølv skal overta drifta når avtalen med Stendi løper ut i 2020. Dessutan blei det gjennomført ei rekke medverknadsmøter der innbyggjarane fekk kome med innspel til den nye kommuneplanen, eit planarbeid me gler oss til halde fram med i 2020.

Dette var berre litt av alt det som skjedde i kommunen vår i 2019. I årsmeldinga her kan du lese meir om det som har gått føre i den kommunale forvaltinga og om tenestene kommunen har ansvaret for.

God lesing!

 

Morten Storebø
ordførar

Innhaldsoversikt

  1. 1 Politiske organ
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan-og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 1.7 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Næring
    4. 3.4 Kultur og frivilligheit
    5. 3.5 Folkehelse og idrett
    6. 3.6 Austevollbadet
    7. 3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV
    8. 3.8 Plan og byggesak
    9. 3.9 Servicekontoret
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Austevoll folkebibliotek
    8. 4.8 Grunnskulane
      1. 4.8.1 Selbjørn skule
      2. 4.8.2 Storebø skule
      3. 4.8.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og omsorg
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 PO-senteret
  6. 6 Økonomi og internkontroll
    1. 6.1 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    2. 6.2 Driftsrekneskapen
    3. 6.3 Investeringsrekneskapen
    4. 6.4 Balanse
    5. 6.5 Rekneskapsskjema 1 A og 2 A Drift
    6. 6.6 Notar
      1. 6.6.1 Note 1 Endring i arbeidskapital
      2. 6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
      3. 6.6.3 Note 4 Aksjer og andeler i varig eige
      4. 6.6.4 Note 5 Bruk og avsetning av fond
      5. 6.6.5 Note 6 Kapitalkonto
      6. 6.6.6 Note 7 Anleggsmidlar
      7. 6.6.7 Note 8 Investeringsoversikt
      8. 6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
      9. 6.6.9 Note 11 Rekneskapsmessig meirforbruk / mindreforbruk
      10. 6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
      11. 6.6.11 Note 13 Godtgjersle til revisor
      12. 6.6.12 Note 14 Bundne midlar