6 Økonomi og internkontroll
Austevoll kommune hadde i 2019 driftsinntekter kr 473,8 millionar og driftsutgifter kr 458,4 millionar (inkludert avskrivingar). Brutto driftsresultat blei kr 15,4 millionar som er 3,2% av driftsinntektene.
Skatteinngongen har vore god i 2019, kr 259,1 millionar. Dette er 155,7% av landsgjennomsnittet. Skatteinntektene korrigert for inntektsutjamning var kr 14,9 millionar høgare enn budsjett. Frie inntekter pr. innbyggar blei kr 71 033, gjennomsnittet for landet utan Oslo er kr 57 297. Netto driftsresultat viser kr 8,8 millionar i 2019, eller 1,85% av driftsinntektene. Anbefalt måltal for netto driftsresultat er minimum 1,75%.
Det er avsett kr 5,0 millionar til disposisjonsfond i 2019, og med denne avsetninga er disposisjonsfondet på totalt kr 75,6 millinar, eller 16% av driftsinntektene. Kr 42,1 millionar av disposisjonsfondet stammar frå utbetalingar frå havbruksfondet. Rekneskapet for 2019 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 2,1 millionar.
Det har vore god budsjettkontroll på dei aller fleste einingane i 2019. Det er nokre einingar med svært gode resultat og nokre einingar med meirforbruk. Årsakane til meirforbruket er samansatt, kommunen har fått mindre refusjon til ressurskrevande tenester enn det som blei lagt til grunn i budsjettet. I tillegg har omsorgsbustadane på Prestaneset ikkje vore utleigd. Det har også vore ekstra kostnader knytta til fleire barn i barnehager og fleire pasientar på pleie og omsorgssenteret. Året byrja også med svært høge straumutgifter og reinhaldet er blitt dyrare enn budsjettert.
Kommunen sine kostnader er fordelt forholdsmessig på desse områda i 2019:
I 2019 har kommunen gjort investeringar stor kr 48,8 millionar. Investeringane er hovudsakleg knytt til Austevoll ungdomsskule, omsorgsbustadar på Prestaneset, skule PC og infrastruktur på Salthella.
Kommunen har per 31.12.2019 kr 575,3 millionar i langsiktig lånegjeld, dette er 121% av brutto inntekter. I 2019 blei det teke opp nye lån på til saman kr 60,8 millionar og det blei betalt avdrag med kr 17,8 millionar. Lånegjelda utgjer kr 102 286 pr. innbyggar. Ved utgangen av året var 60% av den langsiktige lånegjelda sikra med fast rente.
6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
Alle tal i heile millionar
6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
Endring i rekneskapsprinsipp som følgje av regelendring og presisering frå departementet er gjennomført frå 1993 til i dag ved direkte bokføring mot eigenkapitalen. Slike utgiftsauker er ikkje kompensert ved økte overføringar frå staten. Oppstillinga nedanfor viser dei beløp kommunen har ført som endring i rekneskapsprinsipp. I kommunerekneskapen er nettoutgiftene frå endringane i rekneskapsprinsipp innarbeidd i konto for rekneskapsprinsipp som påverkar arbeidskapital drift, i år som negativ eigenkapital. Tidlegare år var desse endringane ført mot likviditetsreserve. Kommunen har bokført fylgjande endringar i rekneskapsprinsipp mot konto for rekneskapsprinsipp som påverkar arbeidskapital drift:
6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
Årsverk: I rekneskapsåret har det vore 208 årsverk
6.6.12 Note 14 Bundne midlar
Av bankinnskot på 98,7 mill kroner er 5,9 mill kroner bundne skattetrekksmidlar. Dette beløpet dekker skuldig skattetrekk 31.12.19