Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Oppvekst

Årsmelding 2019 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan-og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 1.7 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Næring
    4. 3.4 Kultur og frivilligheit
    5. 3.5 Folkehelse og idrett
    6. 3.6 Austevollbadet
    7. 3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV
    8. 3.8 Plan og byggesak
    9. 3.9 Servicekontoret
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Austevoll folkebibliotek
    8. 4.8 Grunnskulane
      1. 4.8.1 Selbjørn skule
      2. 4.8.2 Storebø skule
      3. 4.8.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og omsorg
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 PO-senteret
  6. 6 Økonomi og internkontroll
    1. 6.1 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    2. 6.2 Driftsrekneskapen
    3. 6.3 Investeringsrekneskapen
    4. 6.4 Balanse
    5. 6.5 Rekneskapsskjema 1 A og 2 A Drift
    6. 6.6 Notar
      1. 6.6.1 Note 1 Endring i arbeidskapital
      2. 6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
      3. 6.6.3 Note 4 Aksjer og andeler i varig eige
      4. 6.6.4 Note 5 Bruk og avsetning av fond
      5. 6.6.5 Note 6 Kapitalkonto
      6. 6.6.6 Note 7 Anleggsmidlar
      7. 6.6.7 Note 8 Investeringsoversikt
      8. 6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
      9. 6.6.9 Note 11 Rekneskapsmessig meirforbruk / mindreforbruk
      10. 6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
      11. 6.6.11 Note 13 Godtgjersle til revisor
      12. 6.6.12 Note 14 Bundne midlar

4 Oppvekst

4.1 Barnehage

Austevoll kommune er barnehagemynde og skal rettleie og sjå til at barnehagar blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen har ansvar for å legge til rette for ein samordna opptaksprosess og for at alle barn får barnehageplass i samsvar med lov. Tilsynsfokus i 2019 har vore å ferdigstilla økonomisk tilsyn etter barnehagelova § 14 a og 16 a. Erfaringa så langt er at økonomisk tilsyn er svært tidkrevjande arbeid, og det har vore lite tid til anna tilsyn etter barnehagelova § 16 i 2019. Våren 2019 vart det gjennomført stadleg tilsyn i ein barnehage og skriftleg tilsyn i to barnehagar.

Barnehagane har i løpet av året rapportert seks gongar om bemanning, arealutnytting, tal barn, alder og pedagognorm. I samarbeid med helsevernetaten har kommuneoverlegen vore på fleire tilsyn i barnehagane (miljøretta helsevern).

Kommunen har lagt til rette for tverrfaglege møteplassar med styrarar, pedagogar og andre tenester innan oppvekst.

Barnehagemynde har informert barnehagane om ordninga regional kompetanseutvikling (REKOM) og barnehagane deltek på forvaltningsmøte med tema som t.d. regelverk knytt til barnehagedrift og  opplæring i nytt opptaksprogram (Vigilo). Det var felles fagdag i Bergen for alle styrarar i Midthordland kompetanseregion 21. november 2019.

Det har vore gjennomført seks nettverksmøte for barnehageansvarlege i Midthordland kompetanseregion i 2019.

4.2 Barnevern

Det er 4,6 årsverk fordelt slik: - 3,6 barnevernkonsulentar og 1 leiar.  Barnevernet sine brukarar er barn, ungdom og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon, som treng oppfølging og tiltak frå barneverntenesta.  Ansvarsområde gjeld for barn opptil 18 år, og i nokre tilfelle opptil 23 år dersom det er behov eller ynskje frå ungdommen om oppfylging etter fylte 18 år.  Pr 31.12.2019 hadde barneverntenesta 64 aktive klientar. Barneverntenesta fekk 55 bekymringsmeldingar i 2019.

Barneverntenesta jobbar for gode oppvekstvilkår gjennom eigna førebyggande tiltak og i samarbeid med andre instansar gjennom;

  • Råd og rettleiing
  • Samtalar med born og unge
  • Tilvising til andre instansar som psykolog, BUP, familievernkontor, statleg barnevern ol.
  • Eit tverrfagleg samarbeid med andre etatar i kommunen som jobbar med barn/unge.
  • Overta omsorga for born for vidare plassering i fosterheim eller institusjon.

Barneverntenesta har ansvart for oppfylging og rettleiing av fosterheim, samarbeid med institusjon, tilsyn med barnet, samvær mellom barn og biologiske foreldre samt oppfylging av biologiske foreldre etter omsorgsovertaking.

Barneverntenesta fekk i 2018 auke i bemanninga med 60% stilling i budsjettet, ny sakshandsamar tilsett frå 1. april 2019. Nok ein auke i budsjettet førte til at 60% stillinga blei auka til 100% fast frå budsjettrunden i desember 2019. Barneverntenesta har gjennomført alle drøftingsteama i lag med samarbeidspartnarar i 2019, og nådd ut til fleire familiar som fylgje av dette. Barneverntenesta samarbeider godt med andre tenesteområde, og samarbeidar interkommunalt.

Barneverntenesta hadde tilsyn frå fylkesmannen på seksuell overgrep og vald og fekk lovbrot. Det har vore eit omfattande og lærerikt arbeid for å lukke lovbrota og det har blitt satt av mykje tid for å ha eit forsvarleg system for å kunne ha ei forsvarleg drift av barneverntenesta. Barneverntenesta har fått betre og tydelegare rutinar for å fylgje opp bekymringsmeldingar om vald og seksuelle overgrep som fylgje av tilsyn av fylkesmannen i 2019.

4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT

PPT sine brukargrupper er føresette, barn og unge i barne- og grunnskulealder, samt vaksenopplæringa. PPT samarbeider tett med andre kommunale tenesteområde. Arbeidsområda til PPT er kartlegging og utgreiing av lærevanskar, diagnostisering, sakkunnige vurderingar, systemretta arbeid inn mot skular – og barnehagar, kurs og foredrag. Det er ei auke i utredningar og sakkunnige vurderingar. Det har dei siste åra vore stor auke i førespurnadar i høve til kontoret sin kompetanse og medverknad på svært mange område. Det vert fleire og meir komplekse saker dei tilsette må setja seg inn i. Dette krev mykje fagleg oppdatering og kunnskapsinnhenting. Kursing krev tid og økonomi for å gjennomføre. PPT treng framleis styrkja sin kompetanse i høve framandspråklege. Dette er spesielt viktig med tanke på busetnad av flyktningar og arbeidsinnvandringa kommunen har.


Fagsenter barnehageteam

Fagsentert utfører spesialpedagogisk hjelp til barn under skulepliktig alder, der PPT har skrive sakkunnig vurdering og kommunen har fatta vedtak. I det systemretta arbeidet har det blitt lagt vekt på å drive språkgrupper som eit lavterskeltilbod, og å gi råd og rettleiing i barnehagane for å gjere det allmennpedagogiske tilbodet best mogeleg for alle barn.

4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste

Avdelinga har 5 helsesjukepleiarar fordelt på 4,15 årsverk. I tillegg er 1 helsesjukepleiar i 80 % stilling i prosjektet «God helse –felles ansvar».  I 2019  har helsestasjon- og skulehelsetenesta nytta innleigd privatpraktiserande kommunepsykolog for barn og unge (0 til 20 år) i 40 % stilling.

Brukarane er barn og unge frå 0 til 23 år, samt foreldre og /eller føresette. Helsestasjon- og skulehelsetenesta deltar i ei rekkje tverrfaglege team, der målet er å kome inn med hjelp til barn og ungdom på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. Dei ulike teama er; barnehageteam, skuleteam, BUP samlingar, faste møter med administrasjonen på skulane, drøftingsteam samt overordna tverrfagleg team.

Helsestasjon er ei lovpålagt teneste som ansvar for oppfylging av barn 0-5 år og deira familie. Det er fokus på både fysisk og psykisk utvikling, trivsel, foreldrerettleiing, vaksinasjon, smittevern m.m. Helsestasjonstenesta skal jobbe førebyggande og helsefremjande og er eit lågterskel tilbod som skal vere lett tilgjengeleg for brukarane.

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste for elevar mellom 6 og 20 år. Elevane får tilbod om helsekontrollar, undervisning og vaksinasjonar etter anbefalt program. Helsesjukepleiarar  i skulen driv- og samarbeider om ulike grupper og undervisningsopplegg for elevar. Eksempel på dette er  ”Zippys venner” og VIP (veiledning og informasjon om psykisk helse hos ungdom). Desse programma skal styrkje elevanes sjølvkjensle, deira psykiske helse samt deira sosiale kompetanse. Andre undervisningsopplegg er «Psykologigk førstehjelp» og samtalegrupper for barn med skilte foreldre. 2 helsesjukeplearar har sertifisert seg i foreldrerettleiing COS (Circle of security) i 2019. Tilbod om foreldrerettleiing i grupper til foreldre er starta opp, og vert nytta i stor grad.

Prosjektet «God helse-felles ansvar» er fortsatt i drift. Dette medfører og at me har eit godt tilbod om oppfylging av dei barna og ungdomane som har overvekt og fedme i kommunen. Grunna prosjektet kan helsesjukepleiar og vere fast tilstade i barnehagane kvar 3. veke. Dette er ein god måte å jobbe førebyggjande på, og me når målet om tidleg intervensjon hos barn og deira familiar. Det er søkt om tilskot til prosjektet frå Helsedirektoratet i 2020.

Helsestasjon for ungdom (HFU), er eit helsetilbod for ungdom mellom 13 og 23 år, med opningstider kvar torsdag frå kl. 14.30 til kl. 16.30. Det er fokus på fysisk, psykisk og seksuell helse hos ungdom. Det er jordmor, helsesjukepleiar og lege som driftar HFU.

Psykolog for barn og unge
Kommunepsykolog skal primært jobbe helsefremmende og førebyggande i forhold til barn og unge si psykiske helse, og er eit mellomtrinn mellom helsestasjon- og skulehelsetenesta.

Miljøretta helsevern er og ei lovpålagt oppgåve i helsesøstertenesta. Arbeidsoppgåver er blant anna tuberkulosekontroll av utlendingar som flyttar til kommunen, samt anna smittevernsarbeid.  

4.5 Kulturskulen

Kulturskulen har 3,6 årsverk fordelt på 11 lærarar. Brukargruppa er personar i alderen 6 – 52 år.

Våren 2019 hadde kulturskulen 168 elevar og 189 elevplassar. Austevoll Musikkråd, koret Eufonia, helse- og sosialetaten, psykisk helseteneste og Austevoll PO-senter kjøper tenester av kulturskulen.

Musikktilboda i kulturskulen famnar om undervisning innan musikkstart, song, piano, gitar, el. gitar, bassgitar, keyboard, slagverk, bandundervisning, musikkverkstad og tilpassa musikkopplæring. Vidare omfattar tilbodet aspirantopplæring for KDV skulekorps. Kulturskulen har óg undervisning i teikning og maling, dans (1. – 6. klassesteg) og jazzdans (8. – 10. klassesteg).

Kulturskulen organiserer og legg til rette for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Austevoll og UKM (Ung Kultur Møtest) i lag med Austevoll ungdomsråd.

4.6 Vaksenopplæringa

Det er 4 årsverk i vaksenopplæringa.  Brukergrupper er flyktningar og familiegjenforeinte i introduksjonsprogram og betalingselevar i norsk, blinde og svaksynte, personar som treng opptrening grunna hjerneinfarkt, og  personar som er synshemma eller hørselshemma.

Vaksenopplæringa gir tilbod om norskkurs, samfunnskunnskapskurs, Nygård skule i Bergen, Spesialundervisning- IKT, matematikk, samfunnsfag, grunnleggande lese og skrive ferdigheter, kurs og oppfølgjing av blinde/svaksynte og oppfylgjing av pasientar frå audiopedagog/logoped.

Det er mange deltakarar som har gjennomført eksamen i norsk og samfunnskunnskap i 2019. Det er gjennomført kveldskurs for arbeidsinnvandrarar. Tenesta samarbeider med NAV og flyktningkoordinator om introduksjonsprogrammet.

4.7 Austevoll folkebibliotek

Det er 1,35 årsverk ved biblioteket fordelt på biblioteksjef 100%, bibliotekar 26,67% og assistent/laurdagshjelp 9%.  Biblioteket skal  legga til rette for ålmenn tilgong og formidling av litteratur og kultur for alle aldersgrupper. Biblioteket har sjølvbetjent bibliotek  i senteret si opningstid.

Utlån av medier held seg stabilt. Besøkstal viser ein forholdsmessig moderat auke frå i fjor. Tal på ulike arrangement for alle aldersgrupper har auka. Samarbeid med lokale, eksterne og interkommunale tilbydarar er viktig for folkebiblioteket.

Folkebiblioteket har i 2019 motteke tilskot frå Hordaland fylkeskommune på kr 15.000 til integreringsprosjekt for framandspråklege. Desse midlane er sett av i 2020 til eit samarbeidsprosjekt med frivilligsentralen, skulen og flyktningkoordinator.

4.8 Grunnskulane

Organisasjonskartet i Austevoll kommune plasserer grunnskulen under tenesteområdet oppvekst.

Vi har 3 offentlege grunnskular og 1 privatskule i kommunen. Det er 729 elevar i skulane våre i hausthalvåret 2019 (inkl privatskulen).

Tenester

  • Grunnskuleopplæring 1.-10. trinn etter læreplanen
  • SFO- ordning 1.-4. trinn
  • Lokalitetar for og i samarbeid med kulturskulen
  • Lag og organisasjonar: Trening, øving, arrangement
  • Utleige av lokale til arrangement, kurs m.m.

Det er opplæringslova som regulerer grunnskule og vidaregåande opplæring i offentlege og private grunnskular. Den overordna planen for grunnskulen i Austevoll kommune er forankra i gjeldande lover og regelverk, og set føringar og mål for arbeidet i alle skulane. Planen er revidert og vedteken i kommunestyret juni 2019.

Austevoll kommune deltek med alle grunnskulane og PPT i pulje 4 i eit samlingsbasert tilbod frå Utdanningsdirektoratet omkring inkluderande skulemiljø. Dette tilbodet støttar og gir ressursar til å arbeida med trygge og gode skulemiljø med ei kunnskapsbasert tilnærming. Kompetanseutviklinga skal styrka kompetansen til skular og skuleeigarar til å skapa og oppretthalda gode skulemiljø, og førebyggja, avdekka og handtera mobbing og andre krenkingar. Tilbodet skal styrka både regelverkskompetansen og den pedagogiske kompetansen, i tillegg kompetanse til å driva utviklingsarbeid lokalt. Dei som deltek er med på felles nasjonale og fylkesvise samlingar, utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, lærande nettverk på tvers av skulane i kommunen, og kommunen får støtte til lokal ressursperson. Førebuing til deltakinga i pulje 4 er gjort i løpet av hausthalvåret 2019. 

4.8.1 Selbjørn skule

Det er 18,4 årsverk undervisningspersonell på skulen som har 177 elevar og eigen SFO. Skulen har elevråd, samarbeidsutval og FAU. Det er lunsjordning for elevane på 4. - 7. trinn.

Skulen arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Ein har arbeidd vidare i personalet med «Overordna del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen», og kommunale planar for skulen. Det skal brukast meir IKT i undervisninga. Satsingsområde som skal vidareførast og nye satsingar er:

  • TL – er ein fast aktivitet nokre dagar i veka
  • Zippys venner – program på 1.-4.trinn
  • Teknologi og design
  • Villsauprosjekt
  • Praktisk musikkopplæring
  • Tidleg innsats; lesekurs, jul-til-jul og reknekurs

Auka fokus på at alle elevar skal ha eit trygt og godt læringsmiljø, med i IBS frå 2020

Alle elevar har fått sin eigen pc. Det blir jobba med IKT planen.

FAU arbeider for å trygge området ved bussane og opp mot parkeringen ved hallen. Det er mykje trafikk i området ved skulestart og skuleslutt. Dei fleste elevane kjem med skulebuss, men mange kjører likevel barna.

4.8.2 Storebø skule

Det er til saman 27 årsverk til undervisning og administrasjon, og 8 årsverk assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar/miljøterapeuter og merkantil.

Skulen har elevråd, samarbeidsråd og FAU. Det er til saman 315 elevar ved skulen. Skulen har eit godt spesialpedagogisk team. Skulebiblioteket er hjarta i skulen og blir godt drifta. Kantine for 5-7 trinn har blitt utvida til 5 dagar i veka.

Satsingsområde:

  • Skulen skal halde fram med arbeidet med tidleg innsats
  • Uteskule er innarbeidd, spesielt på småtrinnet
  • Skulen er godt i gang med fagfornyinga
  • Skulen har óg godt system på handtering av § 9A saker

Skulen er inne i ein prøveperiode med at leiinga består av rektor og avdelingsleiarar.

4.8.3 Austevoll ungdomsskule

Det er til saman 23 årsverk til undervisning og administrasjon, og 8,3 årsverk assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar/miljøterapeuter og merkantil. Skulen har elevråd, samarbeidsråd og FAU.

Det er til saman 191 elevar ved skulen. Skulen sine satsingsområde:

Samarbeid for eit godt læringsmiljø:

  • der elevane skal få utvikle fysiske, kreative og kunstnariske sider
  • der elevane skal oppleve meistring i skulekvardagen
  • der elevane skal trivast
  • der elevane utviklar sine sosiale sider

Skulen skal arbeide meir systematisk med måloppnåing og vurdering gjennom:

  • arbeidsplanar
  • elevmedverknad (eigenvurdering og mål) 
  • kriteria for måloppnåing
  • auka læraren sin rettleiingskompetanse
  • felles vurderingspraksis
  • auka kompetansen på vurdering utan karakter

Skulen skal arbeide med å betre lærarane sin kompetanse innan klasseleiing ved å:

  • arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø gjennom fokus på
  • elevrolle ( forventningar)
  • elevmedverknad ( laga eit godt klassemiljø)
  • læraren som leiar
  • felles haldning til reglar
  • nye lærarar skal få kursing i klasseleiing

Skulen skal arbeide for ein god individuell tilrettelagt opplæring gjennom:

  • tydelige fagmål i IOP
  • styrking knytt opp mot einskildelevar, lærar har ansvar for delmål, opplegg  og medansvar for vurdering.

Satsingsområde som også skal vidareførast og nye:

  • MOT – skulen som samfunnsbyggar
  • Fokus på læringsstrategiar
  • Skulen har samarbeid med Austevoll næringsråd og opplæringskontoret i Austevoll. Saman arrangerer vi Karrieredagen annakvart år.
  • Samarbeid med Austevoll vidaregåande der elevar i 10 kan ta fag ved vidaregåande
  • Auka fokus på at alle elevar skal få eit trygt og godt læringsmiljø. Med i IBS frå 2020
  • Psykisk helse – opplegg for alle elevar kvar vår
  • Auka fokus på lesing i alle fag
  • Bruk av digitale hjelpemiddel
  • Musikal annakvart år

Austevoll kommune har kjøpt inn nye pc’ar til alle elevar i grunnskulen. Skulen har også 2 ressurslærarar innanfor IKT som arbeider med implementeringa av den nye læreplatformen Canvas samt utvikle oss innanfor undervisning med digitale hjelpemidlar. Skulen har hatt store utfordingar med dårleg kvalitet på tastatura på dei nye maskinene frå ACER.

Uteområdet

Det er eit sterkt ynskje frå personalet ved skulen, elevrådet og FAU at det blir gjort noko med utemiljøet for å få elevane i meir aktivitet. Vi har ope bibliotek og Austevollhall i storefri slik at elevane kan lese, spele spel, drive med idrett. Alle tiltak er sett i verk for at elevane skal vere meir sosiale i friminutta.

Utearealet til skulen i byggeperioden har vorte mindre. Skulen treng eit  uteområde som inspirerer elevane til å vere aktive ute. Det blir jobba med planar for å sikre eit godt og funksjonelt uteområdet ved skulen og idrettsanlegget. Austevoll kommune samarbeider med Vestland fylke om dette i eige prosjekt kor skule og idrettslaga er representerte.