Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Organisasjon

Årsmelding 2019 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan-og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 1.7 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Næring
    4. 3.4 Kultur og frivilligheit
    5. 3.5 Folkehelse og idrett
    6. 3.6 Austevollbadet
    7. 3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV
    8. 3.8 Plan og byggesak
    9. 3.9 Servicekontoret
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Austevoll folkebibliotek
    8. 4.8 Grunnskulane
      1. 4.8.1 Selbjørn skule
      2. 4.8.2 Storebø skule
      3. 4.8.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og omsorg
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 PO-senteret
  6. 6 Økonomi og internkontroll
    1. 6.1 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    2. 6.2 Driftsrekneskapen
    3. 6.3 Investeringsrekneskapen
    4. 6.4 Balanse
    5. 6.5 Rekneskapsskjema 1 A og 2 A Drift
    6. 6.6 Notar
      1. 6.6.1 Note 1 Endring i arbeidskapital
      2. 6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
      3. 6.6.3 Note 4 Aksjer og andeler i varig eige
      4. 6.6.4 Note 5 Bruk og avsetning av fond
      5. 6.6.5 Note 6 Kapitalkonto
      6. 6.6.6 Note 7 Anleggsmidlar
      7. 6.6.7 Note 8 Investeringsoversikt
      8. 6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
      9. 6.6.9 Note 11 Rekneskapsmessig meirforbruk / mindreforbruk
      10. 6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
      11. 6.6.11 Note 13 Godtgjersle til revisor
      12. 6.6.12 Note 14 Bundne midlar

2 Organisasjon

2.1 Tilsette

Tilsette
31.12 2018 2018 2019 2019
Tilsette Tal Årsverk Tal Årsverk
Kvinner 197 167 196 167
Menn 59 42 56 41
Totalt 256 209 252 208
         


Talet på fast tilsette i kommunen er redusert med 4 personar. Årsverka er redusert med 1. Dei etiske grunnverdiane for leiarar og tilsette i Austevoll kommune er:

  • Truverd
  • Respekt
  • Openheit
  • Mot
  • Profesjonalitet

Grunnverdiane skal vera forpliktande for alle tilsette, og det blir arbeidd med å laga etiske retningsliner som skal gjelda for både tilsette og politikarar som skal implementerast i heile organisasjonen.

2.2 Likestilling

Den administrative toppleiargruppa var i 2019 samansett av 2 menn (rådmann og økonomisjef), og 4 kvinner (kommunalsjefar og personalrådgjevar). Kjønnsfordelinga for einings- og fagleiarnivå var 7 menn (33 prosent) og 14 kvinner (66 prosent). I arbeidsstokken totalt er 77 prosent kvinner. Kommunen freistar å ta aktivt omsyn til likestillingsperspektivet i ulike sider av personalpolitikken. Det gjeld både tilsettingar, i lønspolitikken og i arbeidet med å redusera ufrivillig bruk av deltid.

2.3 Arbeidsmiljøutvalet

AMU har 6 medlemmar, 3 frå arbeidsgjevar og 3 representantar for dei tilsette. Arbeidstakarrepresentantane har leiarvervet i 2018 og 2019. Vervet går på omgang mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarrepresentantane. Bedriftshelsetenesta Volvat Bedrift A/S -  har møte og talerett i AMU og har vore kalla inn til møta.

AMU har hatt 3 møte i 2019 og har handsama 17 saker inklusive referat og meldingar. AMU har handsama og uttalt seg om følgjande saker:

  • Kvartalsvis rapportar om sjukefråvær
  • Omsorgsbustader på Storebø brygge
  • Handlingsplan mot vald og truslar på arbeidsplassen
  • Medarbeidarundersøking
  • Oversikt over hjartestartarar i kommunale bygg
  • Budsjett og økonomiplan 2020
  • Handlingsplan for eit inkluderande arbeidsliv i Austevoll kommune
  • Årshjul for arbeidsmiljøutval
  • Inneklima på helsehuset

Austevoll kommune sine mål for HMT 2020

2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid

Austevoll kommune har rammeavtale med Volvat Bedrift A/S om levering av bedriftshelsetenester. Dette sikrar kommunen tilgang til lovfesta bedriftshelseteneste med nødvendig kompetanse innan HMT. Det er etablert eit fast samarbeid med NAV Arbeidslivssenter - Vestland der kommunen har oppnemnd eigen rådgjevar som kontaktperson i samband med oppfølging av IA -avtala.

Austevoll kommune har utarbeidd ein handlingsplan for inkluderandande arbeidsliv med ulike tiltak. I den nye handlingsplanen er det ei målsetning at vi skal redusera sjukefråværet i løpet av perioden med 15 %.

2.5 Oversyn over sjukefråvær

Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2019 var 6,7% mot 7,2% i 2018. Fråværet første kvartal 2019 var relativt høgt, og gjennomsnittstalet for året var høgare enn måltalet i IA-handlingsplanen som er på 5,7%. Handlingsplanen har som ovanfor nemnt målsettingom å redusere fråværet med 15 %. Kvartalsrapportar om sjukefråvær blei etter rutine framlagt og drøfta i AMU.

Klikk for stort bilete