Austevoll kommune

Utvikling og forvaltning

Årsmelding 2019 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan-og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 1.7 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Næring
    4. 3.4 Kultur og frivilligheit
    5. 3.5 Folkehelse og idrett
    6. 3.6 Austevollbadet
    7. 3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV
    8. 3.8 Plan og byggesak
    9. 3.9 Servicekontoret
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste – PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelseteneste
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Austevoll folkebibliotek
    8. 4.8 Grunnskulane
      1. 4.8.1 Selbjørn skule
      2. 4.8.2 Storebø skule
      3. 4.8.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og omsorg
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse, rus- og kreftomsorg
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 PO-senteret
  6. 6 Økonomi og internkontroll
    1. 6.1 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    2. 6.2 Driftsrekneskapen
    3. 6.3 Investeringsrekneskapen
    4. 6.4 Balanse
    5. 6.5 Rekneskapsskjema 1 A og 2 A Drift
    6. 6.6 Notar
      1. 6.6.1 Note 1 Endring i arbeidskapital
      2. 6.6.2 Note 3 Kommunens garantiansvar
      3. 6.6.3 Note 4 Aksjer og andeler i varig eige
      4. 6.6.4 Note 5 Bruk og avsetning av fond
      5. 6.6.5 Note 6 Kapitalkonto
      6. 6.6.6 Note 7 Anleggsmidlar
      7. 6.6.7 Note 8 Investeringsoversikt
      8. 6.6.8 Note 10 Tidlegare endringar i rekneskapsprinsipp lagt på arbeidskapital drift
      9. 6.6.9 Note 11 Rekneskapsmessig meirforbruk / mindreforbruk
      10. 6.6.10 Note 12 Antal årsverk og ytingar til leiande personar og revisor
      11. 6.6.11 Note 13 Godtgjersle til revisor
      12. 6.6.12 Note 14 Bundne midlar

3 Utvikling og forvaltning

3.1 Brann og redning

Eininga består av brannsjef og brannmeister i tillegg til 20 personar som utrykningsmannskap i mindre stillingsprosentar. Det var ingen større brannar eller hendingar i Austevoll i 2019. Brannmannskapa hadde 101 utrykningar i 2019.


Nøkkeltal frå 2019:

  • Unødige automatiske brannalarmar:                   Nedgang frå 34 til 21
  • First responder (bistand lege/ambulanse):          Auke frå 8 til 19
  • Bistand heimesjukepleien:                                   Auke frå 2 til 8


Feiartenesta blei utført av 2 feiarar i til saman 1,4 årsverk. Tenesta har levert meir enn måltala:

  • Tilsyn einebustadar:        289
  • Feiing einebustadar:      1222
  • Tilsyn fritidsbustadar:      415
  • Feieoppdrag:                  415

Det har vore utført tilsyn med 49 «særskilte objekt». Dette er hovudsakleg bygg der brann kan få store samfunnsmessige konsekvensar, til dømes skular, barnehagar, omsorgsbustadar, PO-senteret og næringsverksemder.


Deltakinga i Vest brann og redningsregion (VBR) er godt i gang og det blir jobba godt på tvers av brannvesen. Austevoll drar ut effektar ved samarbeid i beredskap og i førebyggande arbeid. 

3.2 Prosjekt bygg og anlegg

Eininga har 1 årsverk. I denne eininga ligg ansvar for store og små utbyggings- og utbetringsprosjekt. Desse ligg under regelverket for offentlege anskaffingar og krev konkurranseutsetting. Ansvaret omfattar spesifikasjon av oppdrag, skaffe utførar, inngå kontrakt, følgje opp gjennomføring og styre prosjektbudsjettet.   

Prosjekt i utføringsfase 2019:

  • KV 1 – Salthella. Veg, tilrettelegging for vatn, avlaup, veglys, straum mm.
  • Elevaula ved Selbjørn skule, ventilasjon, golvsliping mm.
  • Austevoll ungdomsskule. Utviding og rehabilitering.
  • Selbjørn tennisbane.

Prosjekt i prosjekteringsfase 2019:

  • Elevaula/ kultursal ved Selbjørn skule, uttrekksamfi mm.
  • Eidsbøen bufellesskap, sprinklaranlegg.
  • Bekkjarvik bufellesskap, rehabilitering.
  • Rekommunalisering, bygg og anlegg.
  • Trafikksikringstiltak v/rundkjøringa på Melingen

3.3 Næring

Blått kompetansesenter blei stifta i 2019 og er eigd av Austevoll kommune og Austevoll næringsråd med 50% kvar. Styret har representantar frå kommune, næringsråd, Havforskingsinstituttet og Austevoll vidaregåande skule. Blått kompetansesenter har vedteke eigen verksemdsplan og det ligg til rette for at selskapet kan starte opp drifta i 2020.

Styremedlemmar i selskapet er Vivian Bjånesø Horgen (styreleiar), Morten Storebø, Hege Øye Lauvik og Geir Lasse Taranger.

3.4 Kultur og frivilligheit

Eininga har 1 årsverk. Kulturlivet i Austevoll er breidt, og mange organisasjonar nyttar seg av moglegheita til å søkja om kommunale tilskotsmidlar. Det vert jamnleg arrangert små og store konsertar av både lokale og meir kjende artistar. I 2019 arrangerte ungdomsskulen musikal, der elevar ved skulen stod for skodespelarprestasjonar, kulissar, song og musikk. 

Årleg er det sankthansfeiring på Hufthamartunet  med graut og pølser, bålbrenning og tradisjonsleikar. Dette er ein fin arena å få samla unge og eldre, i 2019 tok om lag 270 menneske vegen til tunet.

Austevoll frivilligsentral, som sidan november 2018 er blitt ein møteplass i kommunen, har vore med å arrangera boklesingar saman med kjende forfattarar. Det har også vore kulturkonsertar saman med frivillige lag og organisasjonar. Det kjem gode tilbakemeldingar på slike arrangement,kor ein blant anna har samla inn pengar til lokale organisasjonar med gode føremål.

Frivilligsentralen blei i 2019 drifta utan å ha eige budsjett. Det blei søkt inn midlar undervegs for å kunna driva aktivitet for ulike grupper. Kommunen hadde prosjekt EVS (European Volunteary Service) for å ha frivillige til å gjera ein jobb i oppstarten. EVS vart dekka av EU-midlar, som gjorde det mogleg å betala kost og losji, litt kurs og lommepengar til to frivillige i 11 mnd.

I 2019 blei det søkt til Bufdir om kr 75 000 til prosjekt aktivitetskort. Det skulle gjera det mogeleg at barn i lavinntektsfamiliar fekk delta i aktivitetar på lik linje med andre barn. Nokre av midlane gjekk til prosjektet SommarGØY; eit aktivitetstilbod til alle barn mellom 8-16 år. 60 barn deltok og aktiviteten blei godt motteke av foreldre, born og samarbeidspartnarar som NAV, flyktningtenesta, barnevern, MOT-ungdommar, samt frivillige lag og organisasjonar.

I 2019 søkte Austevoll folkebibliotek og frivilligsentralen om midlar til integrering i ordninga «Rom for møte». Resultatet blei kr 15 000 som blir brukt til å arrangera internasjonal kafè og kulturtreff. Samarbeidet vil vil fortsetta.

Austevoll frivilligsentral sine lokaler i Austevollbadet har hatt aktivitetar kvar veke. Eksempel på dette er eldretreff, bingo, strikketreff, spelegrupper, språksprell, ungdomstreff, aktivitet i feriar og «kafè» for alle. I tillegg har lokalet vore brukt av kommunen, ungdomsråd og av fleire frivillige organisasjonar for møter og samlingar. I 2019 besøkte om lag 1100 Austevollingar frivilligsentralen, og talet stig for kvar nye aktivitet som blir lagt til.

3.5 Folkehelse og idrett

Eininga har eitt årsverk. Folkehelse er sentralt i Austevoll og folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innanfor alle tenesteområde. Det vert arbeidd tverrfagleg for å fremma god helse blant innbyggjarane. For å sikra  eit målretta arbeid skal kommunen ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorane som har innverknad på denne. Arbeidet med folkehelseoversikten starta i 2019 og skal ferdigstillast i 2020. Folkehelseoversikten vil danna eit grunnlag for revidering av planstrategien til kommunen.     

I pågåande revidering av kommuneplanen sin arealdel står folkehelseperspektivet sentralt. For å sikra tilgang til rekreasjonsareal, naturområde og turformål fekk kommunen i 2018 kr 90 000 til å kartlegga og verdsetta friluftslivområde i heile kommunen. Prosjektet vart stilt ferdig i 2019, og som ein vidareføring av prosjektet fekk kommunen kr 60 000 i tilskot til prosjektet «Plan for friluftslivets ferdselsårer». Målet er at befolkninga skal kunna utøva friluftsliv jamleg og vera sikra god tilgang til turmoglegheiter og attraktive naturområde i kommunen. Planen vil også vera eit grunnlag for kva  friluftslivtiltak kommunen skal prioritera i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv».

Austevoll har eit aktivt idrett- og fritidsmiljø, noko som kjem tydeleg fram i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv» kor det er skildra i alt 29 igangsette, planlagde og framtidige aktivitetsprosjekt. I 2019 blei det sendt inn 9 spelemiddelsøknadar for søknadsåret 2020, noko som utgjer ein søknadssum på kr 13 791 000. Total kostnadsramme for desse prosjekta er kr 109 203 046 inklusive mva.

Eit av prosjekta skildra i planen er etableringa av ei dagsturhytte. Dagsturhytta skal vera eit turmål i kommunen, her kan store og små nyta matpakken og samlast. Austevoll kommune er tildelt 300 000 kr til hytta. Prosjektgruppa vil i løpet av 2020 jobba med å finna ein eigna stad for plassering og få på plass ein driftsmodell.    

3.6 Austevollbadet

Eininga består av 4,1 årsverk i 2019. Austevollbadet hadde sitt første heile driftsår i 2019. Drifta har heile tida hatt eit mål om å levere god kvalitet til dei badande. Kjemikaliar blei skifta ut med dampvask våren 2019. Det gir pluss for folkehelsa, dei tilsette og miljøet. Livredningsrutinar og alarmrutinar blir gjennomgått regelmessig.

Talet på vaksne som brukar Austevollbadet som trenings-/mosjonsarena aukar med symjing, vannjogging og vanngym. Me har ulike brukargrupper som er aktive brukarar:

Pensjonistane aukar mest. 80 faste badande kjem kvar veke og nyt kaffi og sosialt samver etter trening.  20-30 av dei deltek i tillegg på vanngym.

Alle 5-åringar i  Austevoll har hatt eit 10-timars symjekurs med barnehagen. Dette er eit poplulært tilbod med midlar frå fylket.

Symjegruppa til AIK utgjer om lag 300 barn som trenar med ca 35 frivillige instruktørar kvar veke.

Alle grunnskulane i kommunen har hatt symjeundervisning for alle trinn.


Fysioterapi har starta med ei lita gruppe som no aukar på. Eit svært viktig tilbod for denne gruppa.

Yogierne har funnet roen på meditasjons-symjing kvar torsdag kveld.

SeBra er ei gruppe for blinde som har badet for seg sjølv kvar måndag. Dei er fulltallig nesten kvar gong. Barselduppen har ein time kos i terapibassenget for foreldre og baby.

Oversikt bad per gruppe i 2019: 

  • AIK         10 251
  • Skular      8 373
  • Andre    19 425
  • Totalt     38 049

I 2020 er målet å gjere Austevollbadet enda meir attraktivt; kurstilbodet blir utvida, fleire typar aktivitet kjem til – og me held fram arbeidet med å bygge kultur for å bruka Austevollbadet som trivsels- og treningsarena. Resultatet skal bli enda meir god folkehelse, meir trivsel og meir omsetnad.

3.7 Forvaltning, drift og vedlikehald- FDV

Eininga består av 8 årsverk. FDV har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine eigedomar; teknisk tilsyn, oppfølging energiforbruk, reinhald, leasingbilane, uteområda sommar/vinter og havneområda.

Oppsummering 2019

  • Meirforbruk på straum blei på kr 700 000 grunna uvanleg høge straumprisar vinteren 2019.
  • Manglande husleigeinntektar på Prestaneset utgjorde kr 2 mill.
  • Eidsbøen bufelleskap og Birgittunet blei oppgraderte frå mekanisk til balansert ventilasjon.
  • I 2. etasje i det gamle kommunehuset (kyrkjekontoret) er det installere balansert ventilasjon. Det er skifta kledning på sørsida av bygget. Arbeidet held fram i 2020.
  • Tilstandsanalyser av kommunale bygg er ferdigstilt. Dei skal oppdaterast 2 gonger pr år.
  • Brannvarslingsanlegga på fleire av våre bygg blei skifta ut og vi held fram med nødvendige utbedringar også i 2020.
  • Arbeid er sett i gong for finna tiltak for å redusere straumforbruk. Forbruket et spesielt høgt på skular og idrettshallar.
  • Fleire omsorgsbustadar og skular har vore utsette for hærverk og misleghald. Det har påført ekstrakostnadar.

Målet for 2020 er å halde fram med å komplettera vedlikehaldsprogrammet og lukke avvik avdekka ved tilsyn. Resterande risikoanalyser (ROS) med omsyn til brannkrav og ordinær drift skal på plass.

3.8 Plan og byggesak

Byggesak har 4,7 årsverk og plan har 3 årsverk. I tillegg er det 1 leiarstilling. Eininga yter tenester innan byggesak, private reguleringsplanar, landbruk og delesaker. Det inneber byggesakshandsaming, ferdigattestar, rivingsløyve, frådeling, dispensasjon, matrikkelføring, seksjonering, eigedomsmeklarpakkar, arkivering, klagesaker, konsesjonssøknadar, eigenfråsegn om konsesjonsfridom, rettleiing, adresseendring, utsleppsløyve, detaljreguleringsforslag, arbeid med områdeplan og kommuneplan.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor bistår i landbrukssaker, og Austevoll kart (AUKAS) matrikkelfører bygg, adresserer nye tiltak i kommunen og ferdigstiller adresseendringsprosjektet.

Statistikk for 2019

Statistikk ABA 2019
Tal saker 2019
Godkjente detaljreguleringsplansaker 7
Detaljreguleringsplanar sendt på høyring 11
Motsegn 1
Handsama klagesaker (plan- og byggesaker 23
Handsama dispensasjonssaker 41
Handsama delegerte byggesaker 94
Handsama delesaker 39
Handsama mellombelse bruksløyver og ferdigattester 117

3.9 Servicekontoret

Eininga har 4 årsverk. Servicekontoret ligg i 2. etasje i Storebøportalen og representerer i stor grad kommunen sitt ansikt utad. Her ligg resepsjonen, sentralbordet og her finst publikums-PC og informasjonsbrosjyrar. I 2019 blei servicekontoret sitt areal i 2. etasje utvida og resepsjon/telefonsentral flytta for å gjere mottaket meir synleg og innbydande for publikum. Det blei samstundes utvida med to nye møterom. Dei 4 tilsette har ansvar for sentralbord, for postmottak, arkiv og søknadar – i tillegg til informasjon/rettleiing ovanfor innbyggjarane.