Årsmelding 2020 - Austevoll kommune

Rådmannen si innleiing 

Koronapandemien prega kvardagen til oss alle i 2020, unge og gamle - arbeid og fritid. Covid 19- viruset kom til Austevoll, ei skjebne me delte med dei fleste kommunar i landet. Dei fyrste meldingane om at noko var på gong, blei registrert i våre loggar i januar. Me skjøna etter kvart at noko meir ville skje, før det heile eksploderte i mars med den største nedstenginga av samfunnet me har opplevd sidan krigens dagar.  

Den kommunale kriseleiinga har aldri vore meir samla enn i 2020. Det blei tidleg tatt eit val der me ville lytte til sentrale råd - saka gjaldt eit felt og tema som er kompliserte. Ingen kommunar er rusta til å handtere dette aleine. Det blei sjølvsagt gjort tilpassingar til lokale høve, blant anna har me heile tida lagt stor vekt på den lokale smittesituasjonen. Det var også eit overordna mål å sikre eldre og andre grupper som er utsett for risiko. Det er gledeleg å konstatere at me klarte å halde covid-19 utanfor dørene til PO-senteret vårt. Nokre meinte me tidvis gjekk for langt i våre restriksjonar, andre meinte me kunne vore endå strengare. Det blei etablert eigne lokale og bustader på Prestaneset og me gjorde innkjøp og erfaringar som vil hjelpe oss i endringsarbeidet som ligg framfor oss i helsesektoren. 

Det er ikkje til å legge skjul på at fleire av våre daglege oppgåver og tenestetilbod blei påverka negativt av covid-19. Direkte gjennom tiltak som ramma idrett, kultur og skular. Indirekte gjennom stort fokus på ein pandemi - noko me ikkje hadde tatt høgde for i planlegginga av 2020. Drifta av kommunen blei i periodar gjort frå heimekontoret. Austevoll kommune har gjort investeringar i infrastruktur rundt IKT-løysingar som gjorde oss i stand til å drifte digitale løysingar både på skular og i administrasjonen. Beredskapsplanane våre fekk verkeleg børsta støvet av seg dette året. 

Næringslivet blei også ramma av smittesituasjonen, det viste seg at Austevollingane bretta opp armane meir enn alle andre. Me ser ved årsslutt ein imponerande produktivitet i kommunen vår i 2020. Frå statleg hald blei det også gjort ein tverrpolitisk dugnad for å sikre lokalsamfunna. Kommunar og næringsliv blei ramma økonomisk, nokre fekk gode støtteordningar, andre må tåle tap gjennom pandemien.  

Austevoll ungdomsskule blei ferdigstilt og teken i bruk hausten 2020. Pleie og omsorgstenestene blei tilbakeført til kommunal drift 1. juni 2020 etter at desse har vore drifta privat i 7 år. Meir enn 150 nye tilsette kom inn i rekkene våre ved denne endringa. Det er gjort viktige vedtak og gjennomført prosessar for å endre velferdstrappa i kommunen – me arbeider hardt for å sikre god og tilpassa  hjelp slik at flest mogeleg kan bu og trivast der ein helst vil vera. Born og unge har hatt eit krevande år med lite sosial aktivitet. Me ser at det er eit aukande behov innanfor psykisk helse som me tek på alvor.  

Det er gjort framskritt i ulike samferdsleprosjekt som er under planlegging. Det er store behov som me håpar å få utbetra dei komande åra, nokre av dei gjennom Austevollpakken – den nærmar seg bindande politiske vedtak og realisering. 

Folketalet viste ein auke på 40 innbyggjarar i 2020, ved nyttår var me 5276 austevollingar som leverte store skatteinntekter til fellesskapet. Dette resulterte i eit samla overskot på den kommunale drifta på rundt kr 35 mill, dette er det beste økonomiske resultatet kommunen har presentert. Me er sjølvsagt merksam på at det ikkje er dei økonomiske resultata aleine som fortel oss sanninga om drifta vår, men det bidreg sterkt til eit etterlengta handlingsrom. 

Som dei fleste av oss, håpar eg på eit meir “vanleg” år i 2021. I årsberetninga kan du lese om aktiviteten i alle våre einingar. Dette gir ei god innsikt i det breie ansvarsfeltet kommunen har - her er det frå vogge til grav med viktige funksjonar gjennom alle livsfasar!  

Alle skal vita at me er glad for alt engasjement, og glad for alle vaktbikkjer som melder inn både ris og ros til oss. Dette er ei stadfesting på at me er eit fungerande lokalsamfunn. Rådmannen takkar alle våre tilsette i alle einingar, og alle innbyggjarar i Austevoll kommune for flott innsats i eit år som blei vanskeleg. 

Storebø, 28. mars 2021 


Bjarte Madsen 

Rådmann  

Innhaldsoversikt

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
    6. 2.6 Servicekontoret
    7. 2.7 Overordna plan og beredskap
    8. 2.8 Folkehelse og idrett
    9. 2.9 Næring
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Austevollbadet
    4. 3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    5. 3.5 Eigedom
    6. 3.6 Plan og byggesak
    7. 3.7 Landbruk og viltforvaltning
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kulturkoordinator
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4 Bevilgningsoversikter - drift 2. ledd
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 1. ledd
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 2. ledd
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 Økonomisk oversikt etter art – drift
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samlet budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjoner
    11. 6.11 Notar