Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Helse og velferd

Årsmelding 2020 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
    6. 2.6 Servicekontoret
    7. 2.7 Overordna plan og beredskap
    8. 2.8 Folkehelse og idrett
    9. 2.9 Næring
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Austevollbadet
    4. 3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    5. 3.5 Eigedom
    6. 3.6 Plan og byggesak
    7. 3.7 Landbruk og viltforvaltning
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kulturkoordinator
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4 Bevilgningsoversikter - drift 2. ledd
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 1. ledd
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 2. ledd
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 Økonomisk oversikt etter art – drift
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samlet budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjoner
    11. 6.11 Notar

5 Helse og velferd

Sektoren blir leia av kommunalsjef Helse og velferd.

5.1 Legetenesta

Legetenesta driftar fastlege- og allmennlegeverksemda i kommunen. Vidare har kontoret oppgåver knytt til utdanning og opplæring, samfunnsmedisin, legevakt og administrative funksjonar.  

Kommunen har sidan 2018 vore deltaker i eit statleg forsøksprosjekt kalla Primærhelseteam. Dette inneber at sjukepleiarar støttar legetenesta aktivt med besøk og oppfølging av særskilte pasientgrupper. Sjukepleiarane ved kontoret yter også støtte til jordmor, helsestasjon og pleietenestene.

Aktiviteten ved legetenesta var sterkt prega av koronapandemien i 2020. Kommuneoverlegen har vore sentral i den kommunale kriseleiinga gjennom året, dette inkluderer også ei koordinerande rolle i regionen. Pandemien medførte store endringar i drifta ved kontoret. Dette pga smittevernomsyn som blant anna resulterte i fleire heimebesøk, videokonsultasjonar, eigen luftvegsklinikk, endringar i lokaler m.m.

Begrepet TISK er etterkvart blitt kjent – Testing, Isolering, Smittesporing, Karantene – dette krevde store ressursar gjennom heile 2020. Dette gjorde det naudsynt å bruke vikartimar/overtid som utgjorde ca 2,5 årsverk i 2020. Den krevande situasjonen legetenesta har hatt med pandemien, har hatt negative konsekvensar for utviklingsarbeid, vidareutdanning og andre tiltak.

Eininga har 5 faste årsverk som lege, og 3 årsverk som sjukepleiar. I tillegg har ein 1 fast årsverk som LIS-1 lege. Det er 1,2 årsverk helsesekretær og 1,5 årsverk sjukepleiar i primærhelseprosjektet. Til saman har legetenesta i 2020 hatt 17 tilsette fordelt på 6 menn og 11 kvinner. Ved utgangen av året hadde kontoret 2 legestillingar som ikkje var besatt. Det er ei utfordring å rekruttere kvalifisert personell.

Nokre viktige punkt for aktiviteten i 2020:

  • aktivt arbeid med TISK har gjort at ein aktiv kommune som Austevoll i hovudtrekk har klart seg tilfredsstillande gjennom året
  • legevakta blei drifta utan avbrot til tross for dei store utfordringar heile samfunnsdrifta hadde i 2020

5.2 NAV

NAV-kontoret består av to delar, ein kommunal del og ein statleg del. Eininga har 4 faste årsverk på den kommunale delen (inkl leiar), og 1,8 årsverk på den statlege delen. NAV-leiar er leiar for både den kommunale og den statlege delen.

NAV kommune har tre hovudområde under kommunal velferd:

  • sosialteneste
  • flyktningteneste
  • startlån/tilskot

Sosialteneste inneber opplysningsverksemd, rådgjeving økonomi, økonomisk stønad, kvalifiseringsprogram og mellombels bustad. Kvalifiseringsprogrammet omfattar eit tilbod om opplæring og kvalifisering/arbeidstrening.

Flyktningtenesta blir administrert av NAV. Det bur 40 flyktningar i Austevoll pr. 31.12.2020 etter avtale mellom IMDI og Austevoll kommune. Austevoll kommune busette 9 flyktningar i 2020. Det blei utført forvaltningsrevisjon av tenestene våren 2020 - “Integrering av flyktningar i Austevoll kommune”. Handlingsplan for merknader og tiltak er under arbeid.

Rammene for Startlån blei auka i 2020. Kommunen mottok 22 søknader i 2020 - 20 til kjøp av bustad, 2 til refinansiering. I tillegg er det motteke 4 søknader om etableringstilskot og 1 søknad om utbetringstilskot.

Covid-19 hadde stor verknad for kontoret sine opningstider i 2020. I ein tidleg fase av pandemien, opplevde me ei markant auke i talet på permitterte. Dette normaliserte seg utover hausten 2020, men det er enda noko høgare permitteringstal enn det som var status før mars 2020.

Det blei innført ei digital løysing for søknader (Digisos) i 2020. Dette vil forenkle og lette arbeidet med søknadsbehandlinga for begge partar.

5.3 Ergo- og fysioterapitenesta

Tenesta har hovudansvar for rehabilitering i kommunen, frå born til vaksne og eldre. Dette skjer i heimane til folk, på Helsehuset, ved fysikalske institutt, på skular/barnehagar og institusjon. Tenesta legg til rette for utlån av hjelpemidlar til kort- og langtidsbruk for alle aldersgrupper. Tenesta bistår innbyggjarar om tilrettelegging av bustad slik at dei kan bu heime så lenge som mogeleg.

Tenesta har i 2020 hatt fem faste stillingar fordelt på fem årsverk, 3 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar. I tillegg yter kommunen to driftstilskot til fysikalske institutt. Det har i tillegg vore to stillingar i prosjekt “Leve heile livet”. Ein fysioterapeut i 80 % stilling frå medio oktober og ein ernæringsfysiolog i 30% stilling.  

Austevollbadet blir nytta som arena for rehabilitering. Dette er eit svært populært tilbod for dei som ikkje kan nytte bassenget på vanleg måte. Mindre grupper får tilbod om trening med fysio- og ergoterapeut i terapibassenget.

I mars 2020 fekk tenesta 2 nye stillingar. Dette medførte fast drift av kvardagsrehabilitering i kommunen. Ein fysioterapeut og ein ergoterapeut arbeider med tilbod om kvardagsrehabilitering i heimane. Kvardagsrehab-teamet bidreg også til fast drift av rehabilitering av grupper i basseng to timar i veka frå september- mai.

Tenesta hadde tilnærma nedstengt drift i 6 veker frå 12. mars og fram til slutten av april. Dette hadde si årsak i koronasituasjonen. Begge dei to fysikalske institutta blei også stengd. 1 årsverk frå avdelinga blei lånt ut til HSK for å bistå med sakshandsaming så lenge skular og barnehagar var stengde. Vaksne og eldre som blei vurdert med særskilde behov for opptrening, fekk tilbod om trening i heimen. Ein fysioterapeut arbeidde full tid med rehabilitering av pasientar som blei innlagt covid-19 avdelinga ved Prestaneset. Tenesta måtte i 2020 tilpasse og endre rutinar i tråd med gode smittervernstiltak. Frå sommaren 2020 har tenesta hatt tilnærma normalt drift og institutta har vore opne.

5.4 Psykisk helse og rus

Tenesta skal bistå vaksne som opplever psykiske vanskar og utfordringar med rus. Eininga har 4,1 årsverk.

Brukargruppa består av vaksne over 18 år som har ein vanskeleg livssituasjon. Tenesta bistår med:

  • førebyggande tiltak
  • identifisering av vanskar
  • kartlegging, diagnostisering og funksjonsvurdering
  • tidleg hjelp og behandling
  • psykososial støtte og rettleiing
  • tverrfagleg samarbeid
  • tilvisning til spesialisthelsetenesta

Tenesta følger opp 116 pasientar. Det synest å vera ei auke på unge vaksne (21 – 30 år).  

Evaluering av måloppnåing i 2020

  • tilsett 2 erfaringskonsulentar/medarbeidar med brukarerfaring
  • tilsett psykolog
  • har gjort lågterskeltilbodet meir tilgjengeleg 

Tenesta søkte i 2019 midlar for etablering av erfaringskonsulentar. Dette blei innvilga, og kommunen engasjerte 2 erfaringskonsulentar i 2020. Dei skal styrke brukarperspektivet og brukarmedverknad i tenesteytinga. 

5.5 Helseservicekontoret

Helseservicekontoret (HSK) er Austevoll kommune si koordinerande eining innafor helse- og omsorgstenestene i kommunen. Brukargruppa er innbyggjarar som grunna alder, nedsett funksjonsevne, utviklingshemming eller anna, har behov for tilbod for helse- og omsorgstenester. HSK fattar vedtak om:

  • heimesjukepleie
  • praktisk bistand og opplæring
  • pårørandestøtte
  • dagsenter/dagtilbod
  • tryggleiksalarm
  • brukarstyrt personleg assistanse
  • omsorgsbustad
  • individuell plan
  • opphald i institusjon
  • støttekontakt

HSK har overordna ansvar for å koordinere helse- og omsorgstenester i kommunen. Kontoret skal vera «ei dør inn» til tenestene. Alle vedtak som blir fatta, blir gjort ut frå ei kartlegging av behov hos søkjaren. Dette er eit krevande arbeid som tek mykje av tida ved HSK. Eininga har 4 årsverk. I 2020 blei det ekstra utfordringar knytta til koronasmitte. HSK var sentral i etableringa av ekstra sengeplassar ved omsorgsbustadene våre. Rekommunalisering av pleietenestene var også eit felt som tok mykje av kapasiteten til kontoret. Kontoret deltok aktivt i fleire grupper i prosjektplanen som blei gjennomført i forkant av overføringa til kommunal drift. I 2020 blei det gjort endringar  ved handsaming av søknader om tryggleiksalarmar – HSK har no har eit utvida ansvarsområde for denne oppgåva.

HSK har også ansvar for kvalitet- og systemarbeid innafor fleire fagsystem. Rapportering til statleg mynde inngår også som eit viktig arbeid, her skjer det heile tida endringar som ein må følge opp.

5.6 Jordmortenesta

Jordmortenesta følger opp gravide under svangerskap, og møter familiane på heimebesøk etter heimkomst. Det vart fødd 51 barn i Austevoll i 2020. Dette er noko lågare fødselstall enn dei forrige åra - dette er ein tendens som pregar heile landet. Jordmor følger fødande inn til sjukehus ved behov. Nokre gongar går det fort, og i 2020 blei det 2 fødslar på veg til sjukehuset!

Jordmortenesta har 1,65 årsverk. Tenesta har vaktordning som sikrar god hjelp og oppfølging heile døgnet. Jordmortenesta samarbeider tett med helsestasjon, legetenesta og avdeling for psykisk helse/rus.

Tenesta har i samarbeid med helsestasjonen og Rikshospitalet laga eit kunnskapsdokument som blir  kalla «Ammekyndig helsestasjon». Dette skal sikre riktig og lik informasjon om amming til gravide og nybakte foreldre.

“Tidleg inn” er eit opplæringsprogram som tenesta saman med helsestasjonen har delteke på i 2020. Programmet skal bidra til at gravide og småbarnsfamiliar får kompetent hjelp tidleg på områda rus, psykisk helse og vald.

Jordmor har hatt ekstra oppgåver og delteke aktivt i arbeidet med covid-19. Her har det vore ein stor dugnad for å handtere dei utfordringar kommunen stod i gjennom året. Trass dette, har mødrene og familiane fått eit tilfredsstillande tilbod etter gjeldande retningslinjer. 

Mål for 2021:

  • hospitering på fødeavdeling
  • jobbe vidare med kvalitetsdokument
  • sette i verk tiltak etter “Tidleg inn” og “Handlingsplan vald”

Nokre nøkkeltal:

  • 475 konsultasjonar og heimebesøk

3 svangerskapskurs for fyrstegongsfødande

5.7 Eidsbøen bufellesskap

Eininga yter tenester til vaksne personar med nedsett funksjonsevne. Dette skjer i samlokaliserte omsorgsbustader, i private heimar og i frittliggande omsorgsbustader. Det er 28 årsverk i eininga. Kommunen tilbyr tenester til 19 personar med varierande omsorgsbehov. Nokre av tenestemottakarane har heildøgnstilbod, andre har punktvis bistand. Tenestene er basert på vedtak gjort av HSK i tråd med gjeldande lover og reglar.

Tenestene inneber praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie. Eininga samarbeider med brukarane og deira nettverk.

Covid 19 prega drifta i 2020:

  • soneinndeling for å danne mindre arbeidsgrupper
  • reduksjon i aktivitetar
  • meir isolert arbeidsmiljø, færre treffpunkt
  • digitale møter
  • planlagt kompetanseheving satt på vent - fokus på kompetanseheving innan smittevern.
  • behov for meir detaljert styring

DigiHelse blei innført i 2020. Dette er ein digital innbyggarteneste som kan nyttast av alle kommunar i landet. Hovudmålet er å styrke samarbeidet tenestemottakar-pårørande-tilsette. Eidsbøen bufellesskap er vald som pilot til dette i Austevoll kommune. Det har vore nokre tekniske utfordringar med systemet som ein jobbar med å utbetre. DigiHelse vil bli ein nyttig kommunikasjonskanal framover.

Tenesta arbeider heile tida med å sikre rekruttering og riktig kompetanse i eininga. Dette er krevjande når ein kontinuerleg møter nye lovkrav til bemanning og kompetanse.

Teamleiar i utegruppa deltek i tverrkommunalt prosjekt “Tenketank”. Det omhandlar velferdsteknologi til personar med utviklingshemming. Dette prosjektet vil vere nyttig når det gjeld innføring av velferdsteknologi i Austevoll kommune. 

Tenesta har eit ynskje om å endre namn på eininga til noko som skildrar tenestene betre. Innspel er sendt rådmannen.

5.8 Frivilligheit

2020 var eit spesielt år for frivilligheita. Det meste av arrangement me skulle gjennomføra, blei sett på vent grunna korona. Aktivitetar som eldretreff, bingo, strikketreff, spelegrupper, språksprell, ungdomstreff, aktivitet i feriar og «kafé» for alle – alt blei punktert og falt bort i 2020.

Lokala våre i Austevollbadet har likevel vore i bruk av kommunen, ungdomsråd og fleire frivillige organisasjonar, men i langt mindre grad enn året før. Dette pga smittevernomsyn og at mykje aktivitet av den grunn blei flytta til digitale plattformar.

Utfordringa med korona gjorde at det oppstod alternative og nye idear. Blant anna 17. mai feiringa, som i 2020 blei gjennomført med ei bilkortesje gjennom kommunen. Frivillige køyrte veteranbilar saman med utrykningskøyrety for å laga fest langs vegen. Russen var kopla på, og ansvarlege frå 17.cmai komiteane i dei ulike bygdene fekk gjennomført flaggheising, musikk og leven på ulike stoppestader. Dette vart godt motteke.

Grunna korona måtte ein finna nye måtar å hjelpa kvarandre på. Austevoll kommune inngjekk samarbeid med Røde Kors om handling og køyring av varar til dei som trong hjelp med slike ting. Nokre fordi dei var redde for å gå ut, andre fordi dei sat i karantene. Austevoll frivilligsentral forenkla heimesida si, og gjorde det lettare for frivillige å melda seg til ulike oppdrag som telefonven, handlehjelp og andre oppdrag. Det blei laga instruksar til korleis ein skal opptre som frivillig i dei ulike oppgåvene.

Besøksvertsordning på PO-senteret blei etablert for at bebuarane kunne få besøk under koronapandemien. Ordninga er etablert i eit samarbeid med PO-senteret, frivilligkoordinator og frivillige organisasjonar (Røde Kors, Lions og demensforeininga).

Frivilligsentralen hadde i 2020 eige budsjett å drifta for. Det var ei ramme på kr 200 000 - desse skulle gå til aktivitet og innkjøp av naudsynt utstyr for å driva aktivitet. Midlane blei ikkje brukt i fjor. Det blei bestemt at dei midlane skulle brukast til å få etablera ein ungdomsklubb i gamle kommunehuset. I tillegg fekk me ytterlegare 424 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til å ruste opp og starta ungdomsklubb.

I samarbeid med folkehelsekoordinator har me starta opp arbeid med etablering av BUA (Barn, ungdom, aktivitet). Dette er ei utlånsordning som skal gi alle moglegheit til å låna sportsutstyr gratis, og er eit ledd i arbeidet for å utlikna sosiale skilnadar i samfunnet vårt. Det er også eit viktig tiltak i for å setta fokus på berekraftig utvikling. Kommunen fekk kr 190 000 i 2020 frå Bufdir til dette arbeidet, og det ligg ei årleg løyving på kr 70 000 frå kommunen til drift. BUA skal driftast av frivilligsentralen, og skal også fungera som tiltaksplass for blant anna ASV,  NAV og opplæringskontoret. BUA skal etter planen opnast i juni 2021.

Det blei søkt om, og mottatt 74 000 kr frå Bufdir i ordninga «Tilskot for å motverka einsemd og passivitet for eldre». Desse skulle brukast til å få opp ein organisert kafé med fysisk aktivitet. Denne er avtalt igangsett ila 2021.

5.9 Pleie og omsorgstenestene

Pleie- og omsorgstenestene 2020 er i hovudsak Austevoll PO-senter og heimetenesta i kommunen. Fram til 1. juni 2020 drifta Stendi Senior AS pleie- og omsorgstenestene på vegne av Austevoll kommune. Frå same dato tok Austevoll kommune over drifta. Alle tilsette i Stendi blei med over til Austevoll kommune. Dette var viktig for å ha ei kontinuerleg og forsvarleg drift av tenesta ved overføringa. Totalt var det ca 84 årsverk fordelt på 160 tilsette (inkl vikarar).

Det har sjølvsagt vore utfordringar ved ei slik stor overføring av drift. Det blei gjort eit grundig arbeid i førekant for å sikre ei forsvarleg overføring. I dette arbeidet deltok personell både frå kommune og Stendi.

Før overføringa i juni, fekk me utfordringa med covid-19 og pandemien me no kjenner så godt. Ein kan trygt sei det blei store og utfordringar som måtte løysast. Eit hovudmål har vore at bebuarar ved sjukeheimen og brukarar av heimetenestene ikkje skulle bli smitta av covid-19. Dette har me i skrivande stund lukkast med. Stor arbeidsinnsats av personalet og gode rutinar for tilsette og leiing, har gjort dette mogeleg. Vi stengte ned sjukeheimen for besøkande frå 10. mars 2020, to dagar før landet forøvrig gjorde det same. Elles har vi fulgt FHI og regjeringa sine tilrådingar om smittevern. Den kommunale kriseleiinga og smittevernlegen har heile tida vore konsultert.

Dei tilsette ved Stendi opplever at ein blei  godt motteken i kommunen - gode ressursar hos dei tilsette blei overført den kommunale drifta. Tilsette er totalt sett nøgde, og er glade for å vere tilsett i Austevoll kommune igjen.

Det har vore ei utfordring at nokre av systema som blei brukt i Stendi, ikkje blei vidareført i Austevoll kommune. Her kan nevnast kvalitetessystemet. I oktober 2020 innførte me Digital vaktbok ved alle avdelingar. Dette har vist seg å vere ei framtidsretta og vellukka prosjekt som er lett tilgjengeleg.

Me har lagt inn bemanning for 49 pasientar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter. Det er kapasitet til 52 pasientar. 20 av desse plassane er i  spesialavdelingar - demens og geriatrisk avdeling. På desse avdelingane vert miljøtiltak nytta i stor grad.

Me har også fått på plass ein avlastningsplass. Dette er eit tilbod til personar og familiar med tungt omsorgsarbeid. Avlastinga skal hindre overbelastning hos omsorgsgjevarar - opphald er eit rullerande tilbod. Det har vore brukt  235 døgn avlastning fordelt på 8 brukarar.

Seng nr 50 er Øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH). Denne har til føremål å redusere talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta. Den har vore nytta av 12 brukarar i tilsaman 24 døgn. I 2020 har me hatt 44 langtidsplassar, 1 ØH-seng, 1 avlastningsplass og opptil 6 korttidsplassar. Kjøkkenet har vore i drift heile året og leverer kvar dag ca 80 middagar til bebuarane ved sjukeheimen og til private heimar.

I 2020 var det ca 110  brukarar som fekk heimeteneste. Nokre av brukarane kan ha hjelp 4 – 6 gongar pr døgn, andre har behov for hjelp 1 gong anna kvar veke. I gjennomsnitt har me utført 2125 timar med heimesjukepleie kvar månad i 2020.

Når det gjeld praktisk bistand, så hadde me ved slutten av året 60 brukarar. Dei får vedtak for hjelp til  støvsuging/vask av hus m.m. annakvar veke. Fleire brukarar valde å ikkje motta praktisk bistand frå mars grunna covid-19.  

Omsorgsbustader i kommunen:

Omsorgsbustader i kommunen
Omsorgsbustad Tal plassar
Bekkjarvik 16
Soltun 6
Birgittunet 15
Bjørketun 5
Prestaneset 20


Tilsette i Stendi blei engasjert for opplæring av helsepersonell i Austevoll kommune ei veke i mars med omsyn til pandemihandtering og driftsordning ved avdelinga på Prestaneset.

Kultur- og aktivitetsavdelinga driftar kultur- og aktivitetstilbodet for bebuarar på PO-senteret. Det var mykje på det kulturelle programmet i byrjinga av 2020, men covid-19 gjorde at vi allereie frå byrjinga av mars måtte sette pauseknappen på. Arbeidsoppgåver for avdelinga vart omdisponert, og organisering av arrangement vart avlyst etter nasjonale føringar for smittevern. 

Det blei innført redusert besøk på PO-senteret. Gjennom tilskot frå Fylkesmannen, blei det etablert ei ny og tilpassa besøksordning som frivillige lag var med å organisere på ein god måte.

Kultur- og aktivitetsavdelinga driftar i tillegg dagsenteret for heimebuande med demensdiagnose. Seniorbussen vert nytta til å hente og bringe dei som skal på dagsenteret. Frå byrjinga av mars til juni, var dagsenteret stengt. Frå opning i juni har det vore tilbod to dagar i veka.