Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Oppvekst

Årsmelding 2020 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
    6. 2.6 Servicekontoret
    7. 2.7 Overordna plan og beredskap
    8. 2.8 Folkehelse og idrett
    9. 2.9 Næring
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Austevollbadet
    4. 3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    5. 3.5 Eigedom
    6. 3.6 Plan og byggesak
    7. 3.7 Landbruk og viltforvaltning
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kulturkoordinator
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4 Bevilgningsoversikter - drift 2. ledd
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 1. ledd
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 2. ledd
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 Økonomisk oversikt etter art – drift
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samlet budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjoner
    11. 6.11 Notar

4 Oppvekst

Sektoren blir leia av kommunalsjef Oppvekst.

4.1 Barnehage

Austevoll kommune er barnehagemynde og skal rettleie og sjå til at barnehagar blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen har ansvar for å sikre barnehagetilbod av høg kvalitet og bidra til å sikre barn likeverdige og gode oppvekstvilkår. Vidare skal kommunen legge til rette for ein samordna opptaksprosess slik at alle barn får barnehageplass i samsvar med lov. I vår kommune gjekk 94,3% av born 1 – 5 år i barnehage i 2020, landssnittet er 92,7%.

I 2020 blei det gjennomført eit økonomisk tilsyn etter barnehagelova. Frå 2021 er ansvar for økonomisk tilsyn lagt til Utdanningsdirektoratet. Hausten 2020 varsla kommunen stadleg tilsyn i to av barnehagane. Tilsyna er eit samarbeid mellom barnehagemynda i Midthordland kompetanseregion. Begge tilsyna måtte utsetjast grunna Covid-19 restriksjonar. Hausten 2020 blei det gjennomført skriftleg tilsyn i alle seks barnehagane.

Barnehagane har i løpet av året rapportert seks gongar om bemanning, arealutnytting, tal barn, alder og pedagognorm. Kommunen har lagt til rette for møteplassar med styrarar og PP-tenesta, dei fleste på teams. Barnehagane har delteke på forvaltningsmøte med tema som omhandlar regelverk knytt til barnehagedrift og ulike utfordringar knytt til covid-19 og barnehagedrift. Grunna covid-19 er fagdag for alle styrarar i Midthordland kompetanseregion utsett til haust 2021.

Kolbeinsvik barnehage og Eventus Haugland barnehage fekk tildelt midlar til kompetanseutvikling i barnehageåret 2020-21. Desse midlane kjem frå ei regional ordning som Statsforvaltaren styrer. Midlane skal bidra til at barnehagar utviklar den pedagogiske praksisen.   

Austevoll har stort utbytte av samarbeid med dei andre barnehageansvarlege i Midthordland kompetanseregion i jamlege møte og samarbeid om rutinar og i arbeidet generelt.

4.2 Barnevern

Barneverntenesta jobbar etter barnevernlova og skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår og sikre hjelp til dei som treng det.  Barneverntenesta behandlar bekymringsmeldingar og søknader om bistand og hjelp. Det blir då starta ei undersøking for å kartlegge barnet sin situasjon. Undersøkinga kan leie til at saka blir lagt bort, eller det kan bli iverksatt tiltak av ulik karakter.

Barnevernet held til i Austevoll helsehus kor dei er samlokalisert med andre einingar i kommunen. Det er 5 årsverk fordelt på 5 tilsette, alle kvinner.

Barnevernet sine brukarar er barn, ungdom og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon, som treng oppfølging og tiltak frå barneverntenesta. Tenesta jobbar for gode oppvekstvilkår gjennom førebyggande tiltak og samarbeid med andre instansar:

  • råd og rettleiing til foreldre
  • samtalar med born og unge
  • tilvising til andre instansar som psykolog, BUP, familievernkontor, statleg barnevern ol.
  • eit tverrfagleg samarbeid med andre etatar i kommunen som jobbar med barn/unge
  • vurdere omsorg for born for vidare plassering i fosterheim eller institusjon

Barnevernet i Austevoll har hatt utfordringar i 2020 som har gjort det nødvendig å leige inn ekstern bistand i prosjektstilling. Engasjementet er gjort for å styrke internkontroll, leiing og struktur i saksbehandling. Kostnadene har gått ut over rammene i budsjettvedtaket. Dette er rapportert fortløpande gjennom året.

Barneverntenesta har sidan 2018/2019 hatt barnevernsvakt i samarbeid med Bergen kommune. Dette for å sikre at innbyggjarane skal få akutt hjelp utanom kontortid, i helg og heilagdagar.

Barneverntenesta jobbar tett med barnehagar og skular i kommunen for å drive førebyggande arbeid. Tenesta har som mål å besøke alle barnehagar og skular i løpet av 2021. Barneverntenesta er involvert i drøftingsteam saman med helsestasjon, PPT og legetenesta. I drøftingsteam kan alle offentlege instansar som har kontakt med barn og unge drøfte bekymringar anonymt.

Fleire i tenesta har tatt, og nokre held på med vidareutdanning på høgskule/masternivå innan fagfeltet. Fleire av utdanningane er del av Bufdir si kompetanseheving innan barnevern. Austevoll barnevern har og delteke på Statsforvaltaren sitt læringsnettverk der det blir gitt oppdatert informasjon om lovverk og drift av tenester. Austevoll er og med i eit prosjekt saman med Kvinnherad og Tysnes kommune; “Prosjekt på tvers av kommunegrenser”.

Barneverntenesta har starta førebuingar i høve barnevernsreforma som trer i kraft i 2022. Denne reforma vil krevje meir av kommunen - meir ansvar, økonomi, oppgåver og tenester. Dette vil gjelde for alle kommunale instansar som er i kontakt med barn.

4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT

Alle kommunar er pålagt å ha ei Pedagogisk psykologisk teneste (PPT). PPT er kommunen sitt sakkunnige organ som blant anna skal:

  • sørge for at det blir utarbeida sakkunnig vurdering når lova krev det
  • bistå barnehagar og skular i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • legge til rette for gode barnehagetilbod og gode skuletilbod for barn med særskilte behov

PPT i Austevoll har 2,8 årsverk - leiar og to pedagogisk psykologiske rådgjevarar, ein for skule og ein for barnehage. I tillegg har me eit barnehageteam med 1,6 pedagogstillingar til utøvande arbeid i barnehagane.

PPT si brukargrupper er skular, barnehagar, barn og unge, føresette, samt vaksenopplæringa. PPT samarbeider tett med andre kommunale tenester og med ulike kompetanseeiningar utanfor kommunen. Tenesta er med i fleire tverrfaglege team. Målet er å oppdage vanskar så tidleg som mogeleg slik at ein kan gi tidleg hjelp. Tenesta er også aktiv i arbeidet med å hjelpe barn til å få ei meir robust psykisk helse.

Pedagogane i barnehageteamet utfører spesialpedagogisk hjelp til barn under skulepliktig alder. I dette arbeidet blir det lagt vekt på å drive språkgrupper som eit lågterskeltilbod. Det er også viktig å gi råd og rettleiing i barnehagane for å sikre eit godt allmennpedagogisk tilbod for barnehageborna.

Dei siste åra har det vore stor auke i tilvisingar til tenesta. Det vert fleire og meir komplekse saker. Dette krev fagleg kompetanse, som igjen krev oppdatering og kunnskapsinnhenting. 

Nasjonal omlegging av dei spesialpedagogiske kompetansesentera vil bli krevjande for PPT dei neste åra. Mange saker der PPT har henta hjelp utanfrå, vil innan ein femårsperiode bli lagt til kommunen sine oppgåver aleine - dette vil kreve at tenesta må auke den formelle kompetansen sin. Frå nasjonalt hald er det bestemt at kompetansen skal flyttast frå kompetansesentera og inn i dei lokale PP-tenestene.

4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste som skal jobbe førebyggande og helsefremjande mot barn og unge og deira familiar. Tenesta er eit lågterskel tilbod som skal vere lett tilgjengeleg for brukarane. Brukargruppa er born og unge frå 0 til 23 år, samt foreldre og/eller føresette.

Helsestasjon har ansvar for oppfylging av barn 0-5 år og deira familie. Det er fokus på både fysisk og psykisk utvikling, trivsel, foreldrerettleiing, vaksinasjon og smittevern. Helsesjukepleiar  har og fokus på å avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt.

Skulehelsetenesta har ansvar for elevar mellom 6 og 20 år, der helsesjukepleiar har fokus på å fremje psykisk og fysisk helse hos alle elevar. Elevane får tilbod om helsekontrollar, undervisning og vaksinasjonar etter anbefalt program. Tenesta har faste kontordagar på alle fem skulane i kommunen. Helsesjukepleiarar i skulen har individuelle samtaler med elevar, i tillegg til klasseundervisning og undervisning i grupper. Skulehelsetenesta skal ha fokus på den psykiske helsa hos elevar, og tilvise vidare til andre hjelpeinstansar ved behov.

Avdelinga har 6 helsesjukepleiarar tilsett i faste stillingar, fordelt på 4,95 årsverk. 3 helsesjukepleiarar driftar helsestasjonen, medan 3 helsesjukepleiarar jobbar i skulane - alle tilsette er kvinner. 

Helsestasjon for ungdom (HFU), er eit helsetilbod for ungdom mellom 13 og 23 år, med opningstider på Helsehuset kvar torsdag. På HFU er det mest fokus på psykisk og seksuell helse hos ungdom. Det er jordmor, helsesjukepleiar og lege som driftar HFU. Tilbodet er gratis og ein treng ikkje tinga time på førehand.

Kommunepsykolog skal primært jobbe helsefremmande og førebyggande i forhold til barn og unge si psykiske helse, og kan utføre behandling av lettare til moderate vanskar hos barn og unge. Kommunepsykolog er eit mellomtrinn mellom helsestasjon- og skulehelsetenesta og 2. linjetenesta (f.eks BUP). Frå oktober 2020  har helsestasjon- og skulehelsetenesta hatt kommunepsykolog for barn og unge (0 til 20 år) tilgjengeleg for tenesta i ca 30 % stilling.

Miljøretta helsevern er også ein del av kontoret sine arbeidsoppgåver, blant anna tuberkulosekontroll av tilflyttarar til kommunen frå andre land.  

Helsestasjon- og skulehelsetenesta deltar i ei rekkje tverrfaglege team, der målet er å kome inn med hjelp til barn og ungdom så tidleg som mogleg. Tenesta samarbeider aktivt med barnehagar, skular, barnevern, PPT, jordmor, legetenesta og fysioterapiavdelinga i kommunen. Barn og ungdomspsykiatri avdeling Nesttun (BUP), er også ein viktig samarbeidspart.

 Nye tiltak i 2020:

  • oppstart av grupper for barn og ungdom med angstproblematikk, «Cool Kids»
  • undervisning på 5. trinn om «Psykologisk førstehjelp» på alle barneskular
  • tilbod om samtalegrupper for barn med skilteforeldre på alle skular
  • fortsette med foreldrerettleiing i grupper

Helsestasjonen opplever at tenestene dei tilbyr er etterspurt. Det er viktig med slike lågterskel-tilbod til barn og unge.

4.5 Kulturskulen

Kulturskulen driv undervisning frå ulike lokalitetar - her nyttar ein dei lokala som er best eigna ut frå den undervisning som skal gjennomførast. Storparten av undervisninga skjer i  skulelokale, men det er også undervisning i private heimar og i leigde lokale.

Kulturskulen har 3,6 årsverk fordelt på 11 lærarar – 7 kvinner og 4 mann. Våren 2020 hadde kulturskulen 156 elevar og 174 elevplassar. Dette er 12 elevar færre enn i 2019. Brukargruppa er personar i alderen 6-53 år.

Skulen har vore sekretariat for Austevoll musikkråd fram til sommaren 2020. Denne ordninga er avslutta. Det blir tilbode tenester til psykisk helse og Austevoll PO-senter. Dette skjer gjennom musikkterapi og song- og musikkstunder for bebuarar på PO-senteret.

Musikktilboda i kulturskulen famnar om undervisning innan:

  • musikkstart
  • song
  • piano
  • gitar, el. gitar, bassgitar
  • keyboard
  • slagverk
  • bandundervisning
  • musikkverkstad
  • tilpassa musikkopplæring

Vidare omfattar tilbodet aspirantopplæring for KDV skulekorps. Kulturskulen har og undervisning i teikning og maling, dans (1.- 6. klasse) og jazzdans (8.-10. klasse).

Kulturskulen organiserte og la til rette for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Austevoll i 2020. Tilsvarande blei gjort for UKM (Ung Kultur Møtest) i lag med Austevoll ungdomsråd.

Hausten 2020 starta arbeidet med å revidere «Plan for innhald, kvalitet og utvikling i kulturskulen». I samband med dette blei det våren 2020 gjennomført ei spørjeundersøking for å kartleggje interesse for nye tilbod. Denne undersøkinga har mellom anna ført til at det er vedteke å starte opp med teater i 2021.

I 2020 har delar av den planlagde aktiviteten vore avlyst pga korona, og andre delar har i periodar vore endra til digitale løysingar.

4.6 Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa held til i dei gjenståande delane av det gamle kommunehuset på Storebø. Her er dei samlokalisert med kyrkjekontoret og framtidig ungdomslokale. Det er 4,2 årsverk i eininga. Desse årsverka er fordelt på 5 personar – 4 kvinner og 1 mann. Alle tilsette i undervisningsstilling er utdanna lærarar. I tillegg kjem ein merkantilt tilsett i 20% stilling.

Brukargrupper er flyktningar, familiegjenforeinte og betalingselevar. Vidare er det deltakarar med særskilte behov og vaksne med manglande grunnskuleopplæring. Totalt har det i 2020 vore 25 deltakarar i norsk, 5 deltakarar i grunnskuleopplæring og 5 deltakarar med særskilte behov.

Vaksenopplæringa gir tilbod om fag og kurs for å kvalifisere seg for arbeidsmarknad eller vidare utdanning på høgare nivå.

Det er mange deltakarar som har gjennomført eksamen i norsk og samfunnskunnskap i 2020. Norskeksamen og kveldskurs våren 2020 blei avlyst pga koronasituasjonen. Nye kurs og eksamen blei gjennomført hausten 2020. Vaksenopplæringa samarbeider tett med NAV og flyktningkoordinator om introduksjonsprogrammet. Dette programmet er meint å kvalifisere og førebu flyktningar for integrering i samfunnet. Det er også gjennomført språk- og arbeidspraksis ute i ulike bedrifter i kommunen gjennom året. Vaksenopplæringa er takksam for det samarbeid bedriftene tilbyr.

Utfordringar med digital undervisning var vanskelegare å handtere for vaksenopplæringa enn for dei øvrige skulane i kommunen. Dette hadde si årsak i ulik kompetanse hos deltakarane, samt utdaterte PC-ar. Det er gjort eit løft på den sistnemnte faktor.

Det vil bli stilt større krav til norskopplæringa i tida som kjem. Dette er ein følgje av ny integreringslov som blir gjeldande frå 1. januar 2021. Dette må vaksenopplæringa ta høgde for i planlegging av drifta. Blant anna betyr det auka samarbeid og samhandling med andre einingar i kommunen.

4.7 Kulturkoordinator

I april 2020 blei det oppretta eigen stilling som kulturkoordinator i Austevoll kommune. Tanken bak dette er å vareta kommunale kulturoppgåver på ein god måte. Det ligg slike oppgåver til stillinga:

  • sakshandsaming av kultursaker til politisk handsaming
  • samfunnsutvikling og planarbeid innanfor kultursektoren
  • koordinere og legge til rette for kulturarrangement i samarbeid med eksterne aktørar
  • søknader, oppfølging og rapportering på kommunale tilskotsordningar
  • søknader og koordinering av nasjonale og regionale kulturprogram

Eininga har 1 årsverk. I tillegg var det i 2020 ei prosjektstilling på 0,2 årsverk som hovudsakleg hadde oppgåver i tilknytning til kulturminneplanen.

Kulturlivet i Austevoll har stor breidde, mange organisasjonar søker midlar frå dei kommunale tilskotsmidlane. Det vert jamnleg arrangert små og store konsertar av både lokale og meir kjende artistar. Koronasituasjonen har ramma kulturlivet hardt i 2020. Dette gjorde at mange store og små arrangement som var planlagd i 2020 blei avlyst eller utsatt. Kulturformidling er langt på veg blitt sett “på vent” - me håpar på føreseieleg utvikling i tida som kjem!

Aktivitet rundt ungdom og ungdomskultur er viktige satsingsområder for Austevoll kommune. Ungdomsrådet har gjort eit viktig arbeid i 2020 for å få på plass lokale som kan bli eit viktig møtepunkt. Det er 3 nye ungdomsklubbar under planlegging i kommunen - kulturkoordinator og frivilligkoordinator vil ha ei støttande og koordinerande rolle under etableringa av desse. Målet er å  tilby gode og varierte aktivitetstilbod til ungdommen vår i heile kommunen.

4.8 Austevoll folkebibliotek

Austevoll folkebibliotek held til i andre etasje i Bekkjarvik torg, og er eit moderne bibliotek som tilbyr ulike tenester til publikum, med utlån av både fysisk og digitalt materiale. Biblioteket er meirope, noko som tillet kundar å bruke biblioteklokalet utanom bemanna opningstid.

Biblioteket har 1,35 årsverk fordelt på 3 tilsette, 2 kvinner og 1 mann. I 2020 er det registrert 8153 besøkande. Dette er ein kraftig reduksjon frå 2019 då det blei registrert 15775 besøkande. Årsaka til dette er koronasmitta.

Utlån av medier hadde ein reduksjon som tilsvarar reduksjon i besøkstal. Innkjøp av bøker blei i denne fasen nedprioritert på bekostning av ekstra møblar til eksponering av litteratur, nye barnemøblar og utstyr ein treng ved litterære arrangement.

Det var 3 kulturarrangement i 2020 og 1 omvisning i regi av biblioteket. I tillegg var det 7 kulturarrangement i biblioteket i regi av andre. Dette var ein stor nedgang samanlikna med 2019, av same grunn som besøksnedgangen. Biblioteklokalet var heilt stengt i perioden 16. mars- 17. mai 2020. I denne perioden skjedde utlevering av bøker frå biblioteket kun etter bestilling frå brukarar. I den stengte perioden blei boksamlinga gjennomgått - gamle og utgåtte media blei kasserte. Ein del av det kasserte materialet blei tilbydd skulane og andre.

Den populære landsomfattande digitale Sommarleskampanjen for 1.-7. klassetrinn gjekk som vanleg, og førte til eit stort engasjement og utlån av barnebøker i sommarmånadene.

Utlån av digitale media (e-bøker, e-lydbøker, filmar, e-aviser/tidsskrifter) fekk stort oppsving i Hordaland og på landsbasis. Publikum er blitt mykje flinkare til å nytte seg av biblioteket sine digitale tilbod, til dømes bestilling av materiale frå andre bibliotek.  

Med støtte frå Vestland fylkeskommune kunne biblioteket i samarbeid med May-Linn Clement lage og publisere sin første eigenproduserte film. Den vart publisert på biblioteket sin youtube-kanal og delt på biblioteket si heimeside og facebookside. Den handlar om yrket som avisteiknar.

Det vart teke initiativ frå kultur om å få ein lesekiosk (gammal telefonkiosk) til Storebø, som folkebiblioteket er tiltenkt å vera fadder for. Like eins er folkebiblioteket tiltenkt ei rolle når det gjeld dagsturhytta som er plassert på toppen av Loddo, høgaste fjellet i Austevoll.

Biblioteket fekk under haustens budsjettbehandling innvilga auke i bibliotekarstillinga frå årsskiftet 20/21. I tillegg vart det innvilga 150.000 kroner til ombygging av eit spelerom i biblioteket for barn og unge.

4.9 Grunnskulane

Vi har 3 offentlege grunnskular og 1 privatskule i kommunen. Det er 744 elevar i skulane våre i hausthalvåret 2020 (inkl privatskulen).

Grunnskulane omfattar desse tenestene:

  • Grunnskuleopplæring 1.-10. trinn etter læreplanen (og for vaksne som treng det)
  • SFO- ordning 1.-4. trinn
  • Lokalitetar for og i samarbeid med kulturskulen
  • Lag og organisasjonar brukar skulelokale til trening, øving, arrangement
  • Utleige av lokale til arrangement, kurs m.m.

Det er opplæringslova som regulerer grunnskule og vidaregåande opplæring i offentlege og private grunnskular. Den overordna planen for grunnskulen i Austevoll kommune er forankra i gjeldande lover og regelverk, og set føringar og mål for arbeidet i alle skulane.

Austevoll kommune deltek med alle grunnskulane og PPT i eit samlingsbasert tilbod frå Utdanningsdirektoratet omkring inkluderande skulemiljø. Dette tilbodet varar ut 2021 og gir ressursar til å arbeida med trygge og gode skulemiljø med ei kunnskapsbasert tilnærming. Kompetanseutviklinga skal styrka kompetansen til skular og skuleeigarar til å skapa og oppretthalda gode skulemiljø, og førebyggja, avdekka og handtera mobbing og andre krenkingar.

Fagfornyinga kom for fullt inn i 2020 og inneber at alle læreplanar for fag i grunnskulen og vidaregåande opplæring er fornya og gjeldande frå august 2020. Fagfornyinga handlar i all hovudsak om at læreplanane skal bli meir relevante for framtida. Faga skal få meir relevant innhald, tydelegare prioriteringar og samanhengen mellom faga skal bli betre.

Den statlege strategien for vidareutdanning “Kompetanse for kvalitet” vert vidareført fram til 2025 for å sikra at lærarar som manglar formell kompetanse får tilbod om utdanning.

4.9.1 Selbjørn skule

Selbjørn skule er sentralt plassert i Bekkjarvik med kort veg til sentrum. Idrettsanlegg og friluftsområde ligg tett på skulen – eit flott utgangspunkt for ein skule!

Det er til saman 16,4 årsverk til undervisning og leiing. I tillegg er det 7,3 årsverk som fordeler seg på assistentar, ungdomsarbeidarar, miljøterapeutar og merkantilt tilsette. Det er 33 tilsette fordelt på årsverka, av desse er 5 menn og 28 kvinner.

Skulen har 184 elevar og eigen SFO. Skulen har elevråd, samarbeidsutval og FAU. Lunsjordninga på skulen for elevar i 4. - 7. klasse blei stengt ned i mars 2020 pga korona. Skulen arbeider aktivt for at alle elevar skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Blant anna gjennomfører skulen ei utvida undersøking blant elevar kvart år for å sikre gode og fullstendige tilbakemeldingar på elevmiljøet.

Alle elevar har sin eigen pc som blir nytta kvar dag i undervisninga. Skulen opplever at den digitale kompetansen er auka i 2020 der ein fekk store utfordringar etter at koronasmitta kom til kommunen.

 Satsingsområde:

  • teknologi og design - praktisk tilnærming for å sikre kreativitet og teknologisk kompetanse
  • villsauprosjekt i samarbeid med lokal eigar
  • praktisk musikkopplæring - band og samspel
  • solidaritetsarbeid – hjelpeprosjekt gatebarn Brasil

FAU og skulen arbeider for å trygge trafikkavviklinga rundt skulen og idrettsanlegget. Det er mykje trafikk i området ved skulestart og skuleslutt. Dei fleste elevane kjem med skulebuss, men mange køyrer likevel barna sine til skulen. Skuleleiinga har faste månadlege møter med FAU. Skulen ynskjer også å styrke elevrådet sin medverknad i skulekvardagen.

Skulen har fått på plass ein elevaula med amfi med 200 seter. Her kan alle elevar og personale samlast. Det ligg føre planar for vidare utvikling av lokalet til ein fullverdig kultursal med moderne fasilitetar. Dette blir gjort i samarbeid med Austevoll musikkråd og private støttespelarar. Kultursalen er også inne på budsjettplanen for Austevoll kommune i 2022.

4.9.2 Storebø skule

Storebø skule er den største skulen i kommunen med 320 elevar hausten 2020. Desse er fordelt på 17 klassar. Det er til saman 28 årsverk til undervisning og administrasjon. I tillegg er det 8 årsverk som fordeler seg på assistentar, ungdomsarbeidarar, miljøterapeutar og merkantilt tilsette. Det er 50 tilsette fordelt på årsverka, av desse er 4 menn og 46 kvinner.

Skulen har vore i ein lengre prosess med helseverngodkjenning - dette starta opp i 2019. I 2020 blei det klart at arealbehova til skulen er større enn det ein tidlegare har lagt til grunn. Dette resulterte i oppstart av eit prosjekt kor ein skal sjå på dei langsiktige behova for skulen. Samtidig blei det avdekka at skulen har eit akutt behov for større areal frå skuleåret 21/22. Skulen har arbeidd for ei mellombels løysing som blir lagt fram til kommunestyret våren 2021. Helseverngodkjenninga er nær ei løysing - me håpar dette er avklart innan sommaren 2021.

Skulen har elevråd, samarbeidsråd og FAU. Skulen har  eit godt spesialpedagogisk team. Skulebiblioteket er hjarte i skulen og blir drifta på ein god måte.

Koronapandemien har sjølvsagt hatt stor påverknad for drifta på skulen i 2020. Noko av utviklingsarbeidet er blitt forseinka. På den anna side er me blitt flink til å ta i bruk digitale løysingar. Skulen har også vore heldige med lite smitteutbrot og lite karantenar for elevar og tilsette. Skulen var nedstengt ein periode våren 2020 kor all undervisning var digital. Ved ny oppstart av skulen i mai 2020 opplevde skulen at elevane var glade for å koma tilbake – dette er eit godt teikn for alle oss på Storebø skule.

Satsingsområde:

  • halde fram med arbeidet med prosjekt “tidleg innsats”
  • uteskule skal vera ein del av opplæringstilbodet
  • arbeide aktivt med fagfornyinga
  • system for å sikre eit godt og trygt skulemiljø
  • prøveperiode med at leiinga består av rektor og avdelingsleiar

Rektor opplyser at det er eit godt samarbeid mellom skule og heim, spesielt blir arbeidet til FAU framheva som eit viktig bidrag til utviklinga av skulen. Elevrådet er også aktivt og deltakande i skulen sin kvardag.

4.9.3 Austevoll ungdomsskule

Utbygginga av skulen starta juni 2018 - den skulle stå ferdig hausten 2020. Året 2020 har vore prega av byggearbeida. Både rektor, vaktmeister og dei andre tilsette har hatt eit krevjande år med mykje ekstraarbeid for å få skulen operativ. Det har spesielt vore utfordrande med fløy 3 og 4.

Skulen skal frå august 2021 gå over til avdelingsleiarar for kvart trinn. Teamleiarane våre har i dag 3 timar nedsett undervisning for å avlaste arbeidet som skuleleiinga har. Skulen har uttrykt ynskje om meir ressursar til undervisning når avdelingsleiarmodellen blir innført.

Som alle andre skular har ungdomsskulen elevar som slit med psykiske utfordringar. Hausten 2020 hadde me ein større del av elevar med spesialundervisning enn det som er landssnittet.

Hausten 2018 tok skulen initiativ til kursing av alle tilsette innanfor temaet «elevar som utfordrar oss – sinne og aggresjon». Skulen har 2 miljøterapeutar som er ferdig sertifisert som ART-instruktørar. Desse har undervisning med små grupper av elevar som har ulike utfordringar. Skulen treng ei meir praktisk opplæringsarena for guttar som ikkje meistrar den teoretiske ungdomsskulen.

Skulen har IKT-ressurs med 2 undervisningstimar pr veke fordelt på 2 lærarar. Rektor har fremma ynskje om at denne ressursen bør aukast frå skuleåret 21-22. Skulen har hatt utfordringar med kvaliteten på elevmaskinar. Ungdomsskulen bør få prioritet når nye datamaskinar skal kjøpast inn.

Koronapandemien har bidrege til at dei tilsette har fått auka kompetanse på å drive digital skule. Det er lagt ned ein betydeleg arbeidsinnsats hos våre tilsette for å få dette til. Rektor opplyser om eit godt samarbeid og miljø blant dei tilsette på skulen. Skulen sitt personale ynskjer å framstå som rollemodellar med gode haldningar til kva som er gode normer og reglar. Dette er eit kontinuerleg arbeid som heng saman med andre delprosjekt som skulen arbeider med.

Austevoll kommune er med i eit pilotprosjekt i regi av Vestland fylke - Nyskapande aktivitetsanlegg. Det er gjennomført ei stor kartlegging av behov, og det vil bli presentert konkrete forslag våren 2021. Skulen treng eit uteområde som inspirerer elevane til å vere aktive ute.

 Når elevane sluttar på Austevoll ungdomsskule, vil vi at dei skal

  • ha eit godt sjølvbilete
  • ha fått gode relasjonar til medelevar og tilsette
  • visa respekt for andre, ta ansvar og vere tolerante
  • vere kunnskapsrike
  • ha god studieteknikk
  • ha tru på framtida og meistra komande utfordringar

 Satsingsområde som skal også skal vidareførast og nye :

  • MOT – skulen som samfunnsbyggar
  • fokus på læringsstrategiar
  • skulen samarbeider med Austevoll næringsråd og opplæringskontoret i Austevoll
  • arrangere Karrieredagen annakvart år
  • samarbeid med Austevoll vidaregåande der elevar i 10 kan ta fag ved vidaregåande
  • auka fokus på at alle elevar skal få eit trygt og godt læringsmiljø
  • psykisk helse – opplegg for alle elevar kvar vår
  • auka fokus på lesing i alle fag
  • bruk av digitale hjelpemiddel
  • musikal annakvart år

Det er 23 årsverk undervisningspersonale på skulen, inkl administrasjonen. Vidare er det 8,3 årsverk assistentar og miljøarbeidarar. Av 38 tilsette ved skulen er det 10 menn og 28 kvinner. Det er ei utfordring for framtida å få fleire mannlege lærarar og assistentar ved skulen.

Det er til saman 184 elevar ved skulen. Dei neste åra ventar ein ei større auke i elevtalet.