Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Organisasjon

Årsmelding 2020 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
    6. 2.6 Servicekontoret
    7. 2.7 Overordna plan og beredskap
    8. 2.8 Folkehelse og idrett
    9. 2.9 Næring
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Austevollbadet
    4. 3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    5. 3.5 Eigedom
    6. 3.6 Plan og byggesak
    7. 3.7 Landbruk og viltforvaltning
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kulturkoordinator
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4 Bevilgningsoversikter - drift 2. ledd
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 1. ledd
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 2. ledd
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 Økonomisk oversikt etter art – drift
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samlet budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjoner
    11. 6.11 Notar

2 Organisasjon

Rådmann er øvste administrative leiar i ein kommune. Austevoll kommune har tre sektorar som blir leia av kommunalsjefar (kap. 3, 4 og 5 nedanfor). Vidare er det fellestenester som rapporterer til rådmann (kap. 2 og 6). Personalrådgjevar og økonomisjef er leiar for ulike delar av fellestenestene. Folkehelse, overordna plan og beredskap rapporterer direkte til rådmann. 

2.1 Tilsette og årsverk per 31.12

2.1 Tilsette og årsverk per 31.12.
31.12  2019  2019  2020  2020 
  Tilsette  Årsverk  Tilsette  Årsverk 
Kvinner   196  167  339  256 
Menn    56    41    64    45 
Totalt  252  208  403  301 


Talet på tilsette i kommunen er auka med 151 personar. Årsverka er auka med 93. Hovudårsaka til den store auken er tilbakeføring av pleie- og omsorgstenestene.  

2.2 Likestilling

Den administrative toppleiargruppa var i 2020 samansett av 2 menn (rådmann og økonomisjef), og 4 kvinner (3 kommunalsjefar og personalrådgjevar). Kjønnsfordelinga for einings- og fagleiarnivå var 5 menn (24 prosent) og 16 kvinner (76 prosent). I arbeidsstokken totalt er 84 prosent kvinner. Kommunen freistar å ta aktivt omsyn til likestillingsperspektivet i ulike sider av personalpolitikken. Tilsvarande gjeld ulike sider ved diskriminering av personar og grupper. Arbeidet skjer gjennom rekruttering/tilsettingar, i lønspolitikken og i arbeidet med å redusera ufrivillig bruk av deltid. Dei etiske retningslinjene for kommunen vil også bli arbeidd vidare med i året som kjem. 

2.3 Arbeidsmiljøutvalet

AMU har 6 medlemmar, 3 frå arbeidsgjevar og 3 representantar for dei tilsette. I 2020 har arbeidsgjevar hatt leiarvervet. Vervet går på omgang mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarrepresentantane. Bedriftshelsetenesta Volvat Bedrift A/S -  har møte og talerett i AMU og har vore kalla inn til møta. 

AMU har berre hatt 2 møte i 2020 og har handsama 14 saker inklusive referat og meldingar.

2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid

Austevoll kommune har rammeavtale med Volvat Bedrift A/S om levering av bedriftshelsetenester. Dette sikrar kommunen tilgang til lovfesta tenester med nødvendig kompetanse innan HMT. Det er etablert eit fast samarbeid med NAV Arbeidslivssenter - Vestland der kommunen har oppnemnd eigen rådgjevar som kontaktperson i samband med oppfølging av IA -avtala.  

Austevoll kommune har utarbeida ein overordna handlingsplan for inkluderandande arbeidsliv med ulike tiltak. I den nye handlingsplanen er det ei målsetning at vi skal redusera sjukefråværet i løpet av perioden med 15 %. 

2.5 Oversyn over sjukefråvær

Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2020 var 6,9% mot 6,7% i 2019. Fråværet i 2020 har vore nokså likt heile året til tross for koronapandemien. Fråværet va1,2% høgare enn måltalet i IA-handlingsplanen som er på 5,7% . Kvartalsrapportar om sjukefråvær blei etter rutine framlagt og drøfta i AMU. 

Klikk for stort bilete 

2.6 Servicekontoret

Servicekontoret har lokale i 2. etasje i kommunehuset. Kontoret er kommunen sitt ansikt utad. Her ligg resepsjonen, sentralbordet og lokale for møteverksemd.

Eininga har 4 årsverk. Desse har ansvar for sentralbord, postmottak, arkiv og ulike søknader. Kontoret har ein viktig funksjon ved all informasjon og rettleiing overfor innbyggjarane i kommunen. Vidare legg servicekontoret til rette for all politisk møteverksemd i kommunehuset og ved anna møteverksemd og representasjonsoppdrag der kommunen er involvert.

2.7 Overordna plan og beredskap

Overordna plan og beredskap blei underlagt rådmannen direkte i 2020. Bakgrunnen for dette var eit ynskje om å styrke beredskap og planarbeid i kommunen. Då koronasituasjonen spissa seg til vinteren 2020, blei det oppretta direkte kontakt mellom alle kommunar og statsforvaltar. I periodar var det daglege møter, seinare blei det gjennomført møte ein gong pr veke. I desse møta blei det utveksla erfaringar og gitt instruksar omkring handtering av covid-19 i kommunane. Beredskapskontakten hadde ei  sentral og koordinerande rolle i dette arbeidet, det  blei rapportert direkte til kommuneleiinga og KKL (kommunal kriseleiing).

Alle einingar laga ROS-analyser for å stå best mogeleg rusta til dei utfordringar som ville komme. Analysane blei rapportert saman med tiltaksplanar som danna grunnlaget for lokale smitteverntiltak. Beredskapskontakt, kommuneoverlege og KKL har kontinuerleg koordinert arbeidet med smitteverntiltak og informert innbyggjarane om dei tiltak og vurderingar som er gjort.

Kommuneplanen sin arealdel har vore prioritert – Asplan Viak har gjennomført ei stor kartlegging av strandsone og vurdert innspel til planen. Dette arbeidet har vore omfattande og innspela skal no leggjast fram for politisk behandling. Planstrategien for Austevoll kommune blei vedteke i kommunestyret i 2020 – dette er føringar for satsingar i den neste 4-årsperiode. Områdereguleringsplan for Storebø blei også endeleg vedtatt i 2020. Det er også gjort førebuande arbeid til oppstart av klima- og miljøplan for Austevoll kommune. Vidare er det lagt fram utkast til ungdomsstrategi og oppstart av arbeid med miljøsertifisering (Miljøfyrtårn).

Det har vore eit tett samarbeid med Vestland fylke i 2020, blant anna oppstart og koordinering av planarbeid for den nye Storebøvegen, Austevollpakken og lysregulering over Selbjørn bru.

2.8 Folkehelse og idrett

Folkehelse er sentralt i Austevoll og folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innanfor alle tenesteområda - det blir arbeidd tverrfagleg for å fremma god helse blant innbyggjarane. For å sikra  eit målretta arbeid skal kommunen ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorane som har innverknad på denne. Arbeidet med å revidera folkehelseoversikten var ferdig i juni 2020 og danna med det grunnlaget for revidering av planstrategien til kommunen. Eininga har eitt årsverk og rapporterer til rådmann.     

I pågåande revidering av kommuneplanen sin arealdel står folkehelseperspektivet sentralt. For å sikra tilgang til rekreasjonsareal, naturområde og turformål fekk kommunen i 2018 kr 90 000 til å kartlegga og verdsetta friluftslivområde i heile kommunen. Prosjektet vart stilt ferdig i 2019, og som ein vidareføring av prosjektet fekk kommunen kr 60 000 i tilskot til prosjektet «Plan for friluftslivets ferdselsårer». Målet er at befolkninga skal kunna utøva friluftsliv jamleg og vera sikra god tilgang til turmoglegheiter og attraktive naturområde i kommunen. Planen vil også vera eit grunnlag for kva  friluftslivtiltak kommunen skal prioritera i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv». Dette arbeidet skal stillast ferdig i løpet av 2021.

Austevoll har eit aktivt idrett- og fritidsmiljø, noko som kjem tydeleg fram i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv» kor det er skildra i alt 27 igangsette, planlagde og framtidige aktivitetsprosjekt. I 2020 blei det sendt inn 10 spelemiddelsøknader for søknadsåret 2021, noko som utgjer ein søknadssum på kr 9 309 000. Total kostnadsramme for desse prosjekta er kr 23 152 000 inklusive mva.

Eit av prosjekta skildra i planen er etableringa av ei dagsturhytte. Dagsturhytta skal vera eit turmål i kommunen, her kan store og små nyta matpakken og samlast. I 2020 blei det vedtatt at hytta skulle plasserast på Loddo, og den kom på plass i desember 2020 og skal offisielt opnast våren 2021.  

2.9 Næring

Blått kompetansesenter blei stifta i 2019 og er eigd av Austevoll kommune og Austevoll næringsråd med 50% kvar. Styret har representantar frå kommune, næringsråd, Havforskingsinstituttet og Austevoll vidaregåande skule. Blått kompetansesenter har i 2020 vidareført arbeidet sitt og fått driftsmidlar frå kommune og ytterlegare midlar frå tiltakspakke korona. Dette for å styrke selskapet sin aktivitet i tråd med den verksemdsplan som styret har fått på plass.