1 Politiske organ, utval og råd
Kommunestyret er øvste organ i ein kommune. For å sikre ei effektiv drift, er det vedteke eit delegeringsreglement som ein finn på heimesida til kommunen. I delegeringsreglementet kan ein lese dei fullmakter og oppgåver som er delegert til ulike utval og til rådmann.
Møter i kommunestyre, formannskap og tenesteutval blir sendt direkte på kommune-tv. Tilgang til sendingane får ein ved å gå inn på kommunen si heimeside.
1.1 Kommunestyret
Austevoll kommunestyre er samansett av 21 representantar som representerer 6 politiske parti:
Ordførar: Morten Storebø (H)
Varaordførar: Anja Heggholmen (Ap)
Kommunestyret handsama 183 saker i 2020. Møta blir leia av ordførar.
1.2 Formannskapet
Austevoll formannskap er samansett av 9 representantar. Det blei handsama 139 saker i 2020. Ordførar leier møta i formannskapet.
1.3 Kontrollutvalet
Kontrollutvalet er samansett av 5 representantar. Det blei handsama 10 saker i 2020. Kontrollutvalsleiar er Lars Knut Årland.
1.4 Plan- og byggesaksutvalet
Plan- og byggesaksutvalet er samansett av 7 representantar. Utvalet avgjer ei rekke byggesaker og dispensasjonar. Det blei handsama 142 saker i 2020. Morten Storebø er leiar i plan- og byggesaksutvalet.
1.5 Tenesteutvalet
Tenesteutvalet er samansatt av 9 representantar. Dei har oppgåver i hovudsak knytt til oppvekst og kultur i kommunen. Det blei handsama 51 saker i 2020. Tenesteutvalet blir leia av Inga M. Fagerbakke.
1.6 Eldrerådet
Eldrerådet er samansett av 5 representantar. Eldrerådet skal vareta dei eldre sine interesser i kommunen. Det blei handsama 28 saker i 2020. Bjørn Tore Klepsvik er leiar i eldrerådet.
1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Rådet er samansett av 5 representantar. Dei har til oppgåve å vareta interessene til innbyggjarar som har ulike funksjonsnedsettingar. Det blei handsama 18 saker i 2020. Hilde Klepsvik er leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
1.8 Ungdomsrådet
Ungdomsrådet er samansett av 8 representantar. Som namnet tilseier, skal dei vareta dei unge sine interesser i kommunen. Det blei handsama 28 saker i 2020. Heike Zetterstrøm er leiar i ungdomsrådet.
1.9 Viltnemnda
Viltnemnda er samansett av 5 representantar. Det blei handsama 31 saker i 2020. Sofie Bøe Tømmerbakke er leiar i viltnemnda.