Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Utvikling og forvaltning

Årsmelding 2020 - Austevoll kommune

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Oversyn over sjukefråvær
    6. 2.6 Servicekontoret
    7. 2.7 Overordna plan og beredskap
    8. 2.8 Folkehelse og idrett
    9. 2.9 Næring
  3. 3 Utvikling og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Austevollbadet
    4. 3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    5. 3.5 Eigedom
    6. 3.6 Plan og byggesak
    7. 3.7 Landbruk og viltforvaltning
  4. 4 Oppvekst
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kulturkoordinator
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Eidsbøen bufellesskap
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for Austevoll kommune
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4 Bevilgningsoversikter - drift 2. ledd
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 1. ledd
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5 Bevilgningsoversikter - investering 2. ledd
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 Økonomisk oversikt etter art – drift
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samlet budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjoner
    11. 6.11 Notar

3 Utvikling og forvaltning

Sektoren blir leia av kommunalsjef FDV (forvaltning, drift og vedlikehald).

3.1 Brann og redning

Brann og redning held til i felles lokale med FDV i Porsdalen. Eininga består av brannsjef, brannmeister, feiar samt 22 personar som utrykkingsmannskap. Totalt er det 3,7 årsverk i eininga.

Det var ingen større brannar eller hendingar i Austevoll i 2020. Brannmannskapa hadde 81 utrykkingar i 2020, dette var ein reduksjon frå 101 i 2019. Eininga arbeider i to hovudsektorar:

  • forebyggande brannvernarbeid  
  • beredskap innanfor brann og redning

Siste åra har eininga jobba aktivt med den forebyggande delen. Dette for å redusere brannar og ulykker, noko som igjen reduserer talet på utrykkingar. Tilsyn er ein stor del av det forebyggande arbeidet og blir prioritert i den daglege drifta. Eininga arbeider for ein trygg kvardag for innbyggjarane i Austevoll kommune.

Koronasituasjonen har redusert eininga si utadretta verksemd. Blant anna er møteverksemd og undervisning mot skular og barnehagar blitt ramma. Ein håpar å auke denne aktiviteten så raskt som mogeleg, dette er ein av viktig faktor i det forebyggande arbeidet.

Austevoll kommune er medlem i Vest brann og redningsregion (VBR). Dette er eit samarbeid eininga er godt nøgd med. Det bidreg til auka kompetanse og samordna drift av einingane på tvers av kommunegrensene.  

3.2 Prosjekt bygg og anlegg

I denne eininga ligg ansvar for store og små utbyggings- og utbetringsprosjekt i kommunal regi. Desse ligg under regelverket for offentlege anskaffingar og krev konkurranseutsetting. Ansvaret omfattar spesifikasjon av oppdrag, kunngjere konkurransegrunnlag, inngå kontrakt og følgje opp gjennomføring og styre prosjektbudsjett. Kommunestyret vedtok i 2020 eit eige prosjektreglement som er styrande for denne funksjonen. Eininga har 1 årsverk.

Prosjekt i utføringsfase 2020:

  • elevaula ved Selbjørn skule
  • Austevoll ungdomsskule - ferdigstilt skulebygg
  • trafikksikring Melingen

Prosjekt i prosjekteringsfase 2020:

  • vidare utvikling av kultursal ved Selbjørn skule
  • Eidsbøen bufellesskap, oppgraderingar
  • Birgittunet. oppgraderingar
  • Soltun og Bjørketun, utviding og endring i tilkomst
  • trafikksikring Selbjørn skule
  • Austevollpakken, vegutbetringar

Koronasituasjonen har gjort at fleire prosjekt ikkje har hatt den framdrift som blei lagt til grunn i budsjettet.  Blant anna gjeld dette arbeidet med trapp på nordsida av Austevollbadet. Vidare kan nevnast gjennomføring av ops-prosjekt i Birlkelandsvegen i samarbeid med lokal tiltakshavar. For desse prosjekta gjeld at det også har vore utfordringar med prosjekteringa.

3.3 Austevollbadet

Starten av året var svært god, stigande aktivitet og omsetnad samanlikna med 2019 - det såg lovande ut for 2020. Dei første 10 dagane av mars hadde me meir aktivitet enn heile mars 2019. Så kom bråstoppen 12.mars. 

Våre tilsette starta nedstenginga med hovudvask av Austevollbadet og mykje vedlikehald. Badet var stengt i 95 dagar. Personale fekk oppgåver hos FDV, der ein blant anna arbeidde med rydding og maling på skulane. Seinare tok me del i eit styrka korona-reinhald på skulane fram til sommarferien. Dei tilsette var rask til å omstilla seg og heldt motet oppe. Austevollbadet har 4,11 årsverk i drifta. I tillegg har FDV fast stasjonert driftsteknikar.  

Drifta opna opp igjen i juni 2020. Desse tiltaka blei med oss resten av året:

  • reduksjon badande (50% kapasitet av smittevernhensyn)
  • redusert badetid ved stor pågong
  • forsterka reinhald mellom ulike grupper, og med jamne mellomrom i publikumstida 
  • auka frekvens på desinfisering av tørrsone

Oppsummert kan ein konkludere at det har vore meir jobb med færre badande. Me har heldt fast på eit høgt nivå på reinhaldet, og me meiner å ha gode rutinar i så måte.

Fokus har heile tida vore :

  • betre folkehelse og trivsel
  • mest mogeleg aktivitet for flest mogeleg

Dette skjer i grupper og i opningstider for alle, blant anna:

  • 480  instruktørtimar i symjeopplæring, teknikk og vanngym
  • 70 5-åringar har vore på symjekurs i barnehagetida
  • 40 1-4 åringar har gått på sitt første symjekurs
  • 20 vaksne har lagt bak seg «svane-symjing» og sym no med god teknikk
  • 20 vaksne har hatt sitt første møte med symjing på Lær-å-symje kurs

AIK og skulane har i overkant av  2000 badebesøk av barn i alderen 7-15 år kvar månad. Pensjonistane, som var ei stor gruppe før 12.mars, har vore noko færre i år. Me forventar at dette tek seg opp att etter kvart som pandemien vert fasa ut.

Austevollbadet ser ut til å vera eit kjærkome tilbod for både mosjonistar og familiar i pandemien – med fokus på smittevern har det vore trygt å bade hos oss. Toppen fekk me i juli, då veret ikkje var det beste og ingen kunne reise nokon stad. Over 2500 besøkande bada og kosa seg hos oss denne julimånaden. Me ser at tilbodet vårt er populært også i andre feriar, som vinter-, haust-  og påskeferiar. At me held ope i desse feriane er eit godt tilbod til dei som ikkje kan eller vil reise vekk, og til hyttefolk og turistar i Austevoll.       

Me er framleis i ein byggefase, og jobbar utan stans for å skape meir aktivitet for enda fleire.

3.4 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV

FDV har administrative lokale i  brannstasjonen i Porsdalen. Leiar og koordinator har kontorplass i bygget, resterande tilsette er ambulerande. Eininga har også verkstad og utstyr plassert i Porsdalen. Det er 9 årsverk i FDV som har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine bygg, eigedomar, vegar, idrettsanlegg m.m.

Kommunen overtok drift av pleietenestene i 2020. Dette gjorde det naudsynt med ein gjennomgang av bygningsmassen. Det er gjort ein del utbetringar i bygga, hovudsakleg knytt til ventilasjon og el-anlegg. Heimetenestene i kommunal drift krev ein større bilpark - kommunen har no ca 50% elbilar i bilparken.

Skulane er fortløpande under vedlikehald. Ungdomsskulen sitt nybygg er teken i bruk og varmeanlegg er kopla til gamledelen av skulen. 78 elektriske ovnar er tatt bort og erstatta med radiatorvarme som er knytt til varmepumpe. Enøk-midlar har også gjort det mogleg å bytte ut ledlys i Austevollhallen og kople til varmestyringseining for ventilasjon. Ventilasjonen er utbetra i nyedelen av det gamle kommunehuset. Brannstasjonen er også ferdigstilt i tråd med tilsynsrapport.

Koronasituasjonen har medført ein del tilretteleggingsarbeid for helse gjennom heile 2020. Dette har fått konsekvensar for planlagt arbeid gjennom året. Nokre av dei planlagde prosjekta er forseinka som følgje av dette.

3.5 Eigedom

I 2020 blei det oppretta ei ny stilling som eigedomsforvaltar i kommunen. Stillinga skal arbeide med eigedomsforvaltning på overordna nivå, herunder strategisk planlegging og oppfølging av planar og tilsyn. Kjøp og sal av eigedom ligg også inn under denne stillinga.

Oppfølging av tilsyn har vore prioritert oppgåve i 2020. Helseverngodkjenning av skulane er under arbeid og ein forventar at dette skal avklarast i 2021. Det er starta eit arbeid for å kartlegge eigedomar i kommunal eige kor ein vil prioritere desse med tanke på vidare eige, utvikling og sal.

Det blir også jobba for å få på plass gode og oversiktlege driftsavtaler for reinhald og andre vedlikehaldsrelaterte oppgåver.

3.6 Plan og byggesak

Plan og byggesak held til i kommunehuset på Storebøportalen. Plan- byggesakssjefen leiar avdelinga som totalt har 8,7 årsverk. Desse er fordelt med 6,7 årsverk på byggesak, og 2 årsverk på plan. Eininga arbeider med byggesaker, private reguleringsplanar, landbruk, kart og oppmåling. Austevoll kommune er ein aktiv kommune med stor aktivitet innanfor dei felt avdelinga arbeider med.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor bistår i landbrukssaker og i viltspørsmål. Austevoll kart (AUKAS) bistår i oppmålingsforretningar, matrikkelføring av bygg og ferdigstiller adresseendringsprosjektet.

Plan- og byggesaksavdelinga har hatt utfordringar knytt til kapasitet og framdrift ved byggesakshandsaminga. Dette har resultert i forseinkingar som igjen resulterer i tilbakebetaling av gebyr. Bemanninga er styrka i 2020 i tråd med budsjettvedtak gjort i 2019, avdelinga arbeider målretta for å koma ajour.

Avdelinga arbeider med å betre samarbeid og dialog med lokale aktørar for å styrke kvaliteten på sakshandsaminga. Det er starta opp eit prosjekt med oppfølging av ulovlege tiltak i tråd med tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren. Arbeidet med kommuneplanen er vidareført i 2020 og områdereguleringsplanen for Storebø blei vedteken.

Anna statistikk:

Statistikk plan og byggesak
Saker Tal
Reguleringsplanar sendt på høyring 14
Delegerte byggesaker 114
Delesaker 33
Godkjente reguleringsplanar 13
Dispensasjonssaker 72
Mellombels bruksløyve og ferdigattestar 143


Avdelinga har lagt til rette for heimekontor i 2020 pga koronasituasjonen, dei tilsette har takla dette på ein god måte. 

3.7 Landbruk og viltforvaltning

Austevoll kommune kjøper tenester innanfor landbruk og vilt frå Stord og Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Austevoll har registrert og godkjent 52 søknader om produksjonstilskot. Disponibel mjølkekvote for Austevoll er 492 723 liter fordelt på 2 føretak. Austevoll kommune har eit veldrive landbruk, og den viktige naturtypen kystlynghei vert godt ivareteken av ein solid sauenæring. Vekstsesongen var i 2020 bra og det vart relativt gode grasavlingar, men det er framleis utfordringar med avlingsskade. Det er berekna utbetalt kr 375 020,- gjennom ordninga Regionalt Miljøprogram, med grunnlag i 11 søknader for 2020. I tillegg er kr 57 925,- berekna utbetalt til 2 beitelag gjennom  organisert beitebruk, OBB.

I 2020 vart det utarbeidd ny tiltaksstrategi for investeringstilskot til beiteområde og rullering av eksisterande strategi for særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL). Austevoll kommune fekk totalt tildelt kr 50 000,- frå Fylkesmannen i Vestland til investering i beiteområde. Det kom inn 5 søknader frå 3 føretak.

Austevoll kommune fekk tildelt kr 85 000,- i SMIL-midlar frå Fylkesmannen i Vestland i 2020. Det vart totalt løyvd kr 221 000,- til 4 ulike tiltak. 2 løyvingar gjekk til istandsetting av verneverdig bygg, 1 søknad til reinsking av bekk og 1 søknad til utarbeiding av plan for restaurering av løe. Austevoll kommune fekk tildelt kr. 50 000,- i tilskot til drenering, men ingen landbruksføretak har søkt om grøfting i 2020.

SFLMK utførte sertifisering av verksemder som skal bli Miljøfyrtårn bedrift på vegne av kommunane Stord, Fitjar, Austevoll og Bømlo i 2020.

Det vart tildelt 211 fellingsløyve på hjort i 2020 og registrert felt 159 dyr, som gir ein fellingsprosent på 75 %. Austevoll kommune bestilte i 2020 ein forvaltningsplan for gås, og arbeidet er komen godt i gong.

Veterinærvakttenesta i Stord vaktområde omfattar kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Kommunane har også i 2020 ytt tilskot for å sikra ei forsvarleg veterinærteneste og ei god vaktordning.