Årsmelding 2021

Rådmannen si innleiing 

Koronapandemien prega kvardagen til austevollingane også i 2021. Ikkje heilt på same vis som i 2020, men testing og vaksinering blei me godt kjent med gjennom året. Helsestellet i kommunen gjorde ein stor innsats og sørga for at alle kunne bli vaksinerte på ein god og forsvarleg måte. Innbyggjarane stilte opp til vaksineringstimane, og me erfarte at det er stor vilje til å stå saman når slike hendingar slår inn over oss. 

Barn og unge har fått redusert fritidsaktivitet og ein annan skulekvardag enn det me ynskjer. Det er krevande å stå i dette over lengre tid, både for dei unge, men like mykje for dei som er tilsett for at drifta skal gå sin gong. Me håpar inderleg at det nærmar seg slutten av denne ekstraordinære situasjonen som pandemien har skapt. På ei anna side har pandemien vist at me er i stand til å endre og tilpasse oss raskt når omstenda krev det – dette er ei positiv erfaring me tar med oss frå dei to siste åra.  

Innan samferdsel har arbeidet med Austevollpakken formalisert seg gjennom vedtak i Austevoll kommunestyre og Vestland fylkesting – begge har bevilga pengar til å utbetra vegstrekningar i kommunen vår. Planleggingsarbeidet går sin gong med Bjelland, Storebøvegen og kollektivterminal som dei fyrste prosjekta. Det blir godt å høyre anleggsmaskinane når dei startar opp om ikkje altfor lenge! 

Innan helse er det i 2021 gjort endringar ved pleiesenteret på Storebø der bygningar er moderniserte og gitt plass for døgnbemanna omsorgsbustader. Dette er det “nye trinnet” i omsorgstrappa som skal sikre ei god og framtidsretta pleieteneste i kommunen. Det er også starta prosjekteringsarbeid for nye bustader for ungdom og andre med nedsett funksjonsevne i Bekkjarvik.  

Folketalet viste ein auke på 7 innbyggjarar i 2021, ved nyttår var me 5283 austevollingar som leverte store skatteinntekter til fellesskapet. Dette resulterte i eit samla overskot på den kommunale drifta på rundt kr 15 mill.  Austevoll kommune har etter kvart opparbeidd ein robust økonomi som gjer oss i stand til å stå imot om det kjem dårlegare tider. 

I årsmeldinga kan du lese om aktiviteten i alle våre einingar. Dette gir god innsikt i det breie ansvarsfeltet kommunen har - her er aktivitet frå vugge til grav med viktige funksjonar gjennom alle livsfasar! Tilbodet vårt er større enn nokon gong – me arbeider for at alle i kommunen skal ha ein god kvardag. 

Som leiar av organisasjonen vil eg nok ein gong få uttrykke glede for alt engasjement som innbyggjarane våre viser og gir uttrykk for – dette gjeld både ris og ros.  

Austevoll er eit trygt og godt lokalsamfunn som me alle kan vera stolte over. Eg vil takke våre tilsette i alle einingar, næringsliv, idrett, kultur og foreiningsliv, samt alle innbyggjarar i Austevoll kommune  

– tusen takk for strålande innsats gjennom 2021, me ser deg igjen i 2022! 

Storebø 29. mars 2022 

 

Bjarte Madsen 

Rådmann  

Innhaldsoversikt

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
    10. 1.10 Valstyret
    11. 1.11 Valnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne- og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Nytt kvalitetssystem
    6. 2.6 Oversyn over sjukefråvær
    7. 2.7 Servicekontoret
  3. 3 Eigedom og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    4. 3.4 Eigedom
    5. 3.5 Plan og byggesak
    6. 3.6 Landbruk og viltforvaltning
    7. 3.7 Overordna plan og beredskap
    8. 3.8 Folkehelse
    9. 3.9 Næring
  4. 4 Oppvekst og kultur
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kultur
      1. 4.7.1 Kulturkoordinator
      2. 4.7.2 Kulturminnerådgjevar
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
    10. 4.10 Austevollbadet
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Miljøarbeidartenesta
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie- og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for kommunen illustrert grafisk
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4, 2. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5, 1. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5, 2. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 - Økonomisk oversikt etter art
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 - Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar
    11. 6.11 Notar