3 Eigedom og forvaltning
Sektoren blir leia av kommunalsjef samfunnsutvikling.
3.1 Brann og redning
Brann og redning held til i felles lokale med FDV i Porsdalen. Eininga består av brannsjef, brannmeistar, feiar, samt 22 personar som utrykningsmannskap. Totalt var det 3,7 årsverk i eininga.
Det var 3 fullt utvikla bygningsbrannar i 2021. Brannmannskapa hadde 103 utrykkingar, dette var ei auke frå 83 i 2020. Auken skuldast i stor grad bistand til helse (ambulanse og heimesjukepleie). Ny feiar starta våren 2021 – dette har styrka den faglege delen av tenestene våre.
Eininga arbeider i to hovudsektorar:
Siste åra har eininga jobba aktivt med den førebyggande delen. Dette for å redusere brannar og ulykker, noko som igjen reduserer talet på utrykkingar. Tilsyn er ein stor del av det førebyggande arbeidet og blir prioritert i den daglege drifta. Eininga arbeidar for ein trygg kvardag for innbyggarane i Austevoll kommune, brannsjefen opplever at det er god innsats og motivasjon i troppen.
Koronasituasjonen har redusert eininga si utadretta verksemd også 2021. Blant anna er møteverksemd og undervisning mot skular og barnehagar blitt ramma. Ein håpar å auke denne aktiviteten så raskt som mogleg, dette er ein viktig faktor i det førebyggande arbeidet.
Brann og redning erfarer at det er nedetid på liftbilen grunna reparasjonar som er nødvendige – i 2021 var dette registrert med 39 døgn. Brann og redning disponerer ein eldre og mindre mobiliseringsbåt som krev vedlikehald. Brannsjef har også gitt innspel til utviklinga av den nye ambulansebåten som ein opplever vil styrke brann og redningsfunksjonen i kommunen.
Austevoll kommune er medlem i Vest brann- og redningsregion (VBR). Dette er eit samarbeid eininga er godt nøgd med. Det bidreg til auka kompetanse og samordna drift av einingane på tvers av kommunegrensene. Blant anna bidrog Austevoll med mannskap i den store utmarksbrannen i Øygarden våren 2021.
3.2 Prosjekt bygg og anlegg
I denne eininga ligg ansvar for store og små utbyggings- og utbetringsprosjekt i kommunal regi. Prosjekta blir styrt av eit eige prosjektreglement som er styrande for denne funksjonen. Eininga har 1 årsverk.
Prosjekt i utføringsfase 2021:
-
kultursal ved Selbjørn skule
-
oppgradering Soltun/Bjørketun
-
banedekke idrettsanlegget
-
utbetring av Mosamyra
Prosjekt i prosjekteringsfase 2021:
-
vidare utvikling av kultursal ved Selbjørn skule
-
utviding av Storebø skule, behovsanalyse
-
Bekkjarvik bufellesskap/omsorgsbustader
-
uteområde Austevoll ungdomsskule
-
infrastruktur Austevoll idrettsanlegg/storhall
-
miljøtiltak belysning idrettsanlegg og kommunale vegar
-
hjartesone Storebø skule
-
utvikling av Porsdalen næringspark
-
reguleringsarbeid Storebøvegen
Det har vore utfordringar med bemanning av prosektleiarfunksjonen i 2021. Kommunen måtte endre organisering av FDV slik at me klarte å ta unna dei viktigaste prosjekta, samstundes som me skulle ha fokus på dei mindre. Dette er krevande, og me leitar framleis etter ei endeleg løysing på dette som vil styrke funksjonen.
3.4 Eigedom
Eigedomsforvaltar arbeidar med eigedomsforvaltning på overordna nivå, herunder strategisk planlegging og oppfølging av planar og tilsyn. Kjøp og sal av eigedom ligg også inn under denne stillinga. Funksjonen må ein sjå i samanheng med prosjekt og vedlikehald, jf. pkt 3.2 og 3.3. Personellressursar har gjort det krevande å få arbeidd tilstrekkeleg med dei overordna strategiar og målsettingar. Dette håpar ein å få meir fokus på i komande år.
Helseverngodkjenning av Austevoll ungdomsskule og Storebø skule er no på plass. Det er avklart sal av definerte eigedomar som vil bli effektuert. Ny avtale om reinhald av kommunale bygg kom på plass i 2021. Ulike byggetiltak krev grunnerverv – her blei det gjort avtale på Storebø for å sikre hjartesone rundt skulen.
Det gjenstår framleis arbeid med kartlegging av ein langsiktig vedlikehaldsplan av bygg og anlegg. Vidare er det nødvendig å sikre oss gode og effektive driftsavtaler.
Kommunen erfarer eit større press rundt eigedomsrettslege avklaringar, det er ofte ein forventning om at kommunen skal svare ut spørsmål rundt privatrettslege tvistar og tilhøve som direkte eller indirekte har verknad for tenestene våre.
3.5 Plan og byggesak
Plan og byggesak held til i kommunehuset i Storebøportalen. Plan- og byggesakssjefen leiar avdelinga som totalt har 8,7 årsverk. Desse er fordelt med 6,7 årsverk på byggesak, og 2 årsverk på plan. Eininga arbeidar med byggesaker, private reguleringsplanar, landbruk, kart og oppmåling. Austevoll kommune er ein aktiv kommune med stor aktivitet innanfor dei felt avdelinga arbeidar med.
Stord og Fitjar landbruks- og miljøkontor bistår i landbrukssaker og viltspørsmål. Austevoll kart (AUKAS) bistår i oppmålingsforretningar og matrikkelføring av bygg.
Avdelinga har gjennomgått ein forvaltningsrevisjon der det blir sagt at avdelinga har ein formålstenleg organisering og kompetente tilsette, men at avdelinga slit med å nå lovpålagte saksbehandlingsfristar for byggesaker og klagesaker. Kommunestyret har vedteke 6 tiltak/mål som avdelinga skal rette seg etter for å imøtegå konklusjonane i revisjonen.
Det har gjennom heile 2021 blitt arbeidd systematisk med å redusere saksbehandlingstid og styrke bemanninga. I 2021 har avdelinga behandla dobbelt så mange klagar på byggesaker enn i 2020. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid er redusert med 40 kalenderdagar.
Total saksbehandlingstid for byggesaker er redusert med 10 kalenderdagar i 2021, samanlikna med 2020. Avdelinga har behandla 69 delesaker (33 vedtak i 2020). Det er etablert 1 ny stilling på byggesak (60% byggesaksbehandling, 40% oppfølging av ulovlege tiltak).
Økonomirapportering viser at avdelinga har hatt ei netto inntekt på ca kr 1,3 mill meir enn tilsvarande for 2020. Dette viser at avdelinga har hatt ein vesentleg auke i produksjon. Avdelinga mistar framleis inntekter på gebyrbortfall. Plan og byggesak vil framover prioritere arbeid med fristoversitting, bemanning og politisk vedtatte tiltak etter forvaltningsrevisjonen.
Nokre tal:
Avdelinga har lagt til rette for heimekontor i 2021 pga koronasituasjonen, dette har fungert på ein god måte.
3.6 Landbruk og viltforvaltning
Austevoll kommune kjøper tenester innafor landbruk og viltforvaltning frå Stord og Fitjar landbruks- og miljøkontor. I 2021 er det betalt ca. kr 850.000,- for tenestene.
Austevoll har motteke og godkjent 55 søknader om produksjons- og avløysartilskot, og samla vart det utbetalt kr 8 450 735,- i tilskot. Disponibel mjølkekvote for Austevoll er 565 548 liter fordelt på 3 føretak, derav ein samdrift.
Austevoll kommune har eit veldrive landbruk, og den viktige naturtypen kystlynghei blir godt ivareteken av ein solid sauenæring. I 2021 var det registrert 3 258 vf. sau og 3 609 lam slept på beite. Vekstsesongen 2021 var god og det blei hausta relativt gode grasavlingar.
Det er berekna utbetalt kr 810 260,- gjennom tilskotsordninga Regionalt Miljøprogram (RMP) med grunnlag i 9 søknader for 2021. Det er brenning og beiting av kystlynghei som er mest omsøkt. I tillegg er kr 66 425,- berekna utbetalt til 2 beitelag gjennom ordninga organisert beitebruk (OBB).
Austevoll kommune fekk tildelt kr 75 000,- i SMIL-midlar og kr 30 000,- til investering i beiteområde frå Statsforvaltaren i Vestland. Det er utbetalt kr 22 000,- til investering i beiteområde. Austevoll kommune fekk tildelt kr 50 000,- i tilskot til drenering, men ingen landbruksføretak har søkt om tilskot i 2021.
Det vart tildelt 209 fellingsløyve på hjort i 2021 og registrert felt 146 dyr, som gir ein fellingsprosent på 70 %. Austevoll kommune har vedteke ein forvaltningsplan for gås.
Veterinærvakttenesta i Stord vaktområde omfattar kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Kommunane har også i 2021 ytt tilskot for å sikra ei forsvarleg veterinærteneste og ei god vaktordning.
3.7 Overordna plan og beredskap
Overordna plan og beredskap ligg under kommunalsjefområdet samfunnsutvikling. Koronapandemien har medført stor aktivitet rundt rapportering og kontakt med Statsforvaltaren gjennom heile året. Beredskapskontakten hadde ei sentral og koordinerande rolle i dette arbeidet, det blei rapportert direkte til kommuneleiinga og KKL (kommunal kriseleiing).
Kommuneplanen sin arealdel har vore prioritert – Asplan Viak har vidareført sitt planarbeid i samråd med arbeidsgruppa. Dette arbeidet har vore omfattande og innspela skal leggjast fram for politisk behandling våren 2022. Det er blitt lite tid til arbeid med klima- og miljøplan i 2021. Naturmangfaldsplanen har fått oppstart og det er lagt inn personellressursar til å vidareføre dette arbeidet. Ungdomsstrategien er vedtatt og kommunehuset og Austevollbadet er miljøsertifisert gjennom ordninga Miljøfyrtårn.
Det har vore eit tett samarbeid med Vestland fylke i 2021, blant anna oppstart og koordinering av planarbeid for den nye Storebøvegen og Austevollpakken. Lysregulering over Selbjørn bru er ferdigstilt. Det er også etablert tettare kontakt og møtepunkt med Austevoll kraftlag og Austevoll vatn og avløp for å sikre god kommunikasjon og oversikt omkring felles utviklingsplanar.
3.8 Folkehelse
Folkehelse står sentralt i Austevoll og folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda i Austevoll kommune. Samskaping og tverrfagleg arbeid er grunnpilaren for å oppnå god livskvalitet, heile livet, for innbyggjarane i Austevoll. For å sikra god samfunnsøkonomisk lønsemd skal administrasjonen i kommunen og politikarane, ha oversikt over dei positive og negative faktorane som har påverknad på folkehelsa. Kommunen si folkehelseoversikt, samt den årlege folkehelseprofilen frå FHI, gir god oversikt over kva fokuset skal vere i framtidig satsing. Eininga har eitt årsverk og rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Eksempel på dette tverrfaglege arbeidet er «TryggEst», der folkehelsekoordinator har hatt tett samarbeid med jordmor, NAV-leiar og leiar for psykisk helse og rus. Folkehelseteam er også eit døme på tverrfagleg samarbeid i kommunen. Teamet er eit samlingspunkt for drøfting og avklaringar som har relevans for tiltakspunkt som ein ønsker å realisere.
I pågåande revidering av kommuneplanen sin arealdel står folkehelseperspektivet sentralt. For å sikra tilgang til rekreasjonsareal, naturområde og turformål, har kommunen fått midlar til å kartlegga friluftslivområde i heile kommunen. Vidareføring av dette blei gjort i prosjektet «Plan for friluftslivets ferdselsårer». I 2021 blei det satt opp tre turteljarar i dei mest brukte turløypene i Austevoll - Kongskleiva, Loddo og Vinnesvatnet. Arbeidet med planen blir ferdigstilt i 2022. Målet er at befolkninga skal utøva friluftsliv jamleg og vera sikra god tilgang til turar og attraktive naturområde i kommunen. Planen vil også vera eit grunnlag for kva tiltak kommunen skal prioritera i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv».
Austevoll har eit aktivt idrett- og fritidsmiljø, noko som kjem tydeleg fram i «Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv» kor det er skildra i alt 28 igangsette, planlagde og framtidige aktivitetsprosjekt. I 2021 blei det sendt inn 9 spelemiddelsøknader for søknadsåret 2022 med ein samla søknadssum på kr 7 412 000. I 2021 blei planprogram for den nye «Plan for kultur, idrett og fysisk aktivitet» vedtatt og arbeidet starta.
Siste halvår 2021, gjennom Sunnekommuner, blei Austevoll kommune valt ut som pilotkommune til prosjektet “Hverdagsreisen”. Prosjektet er eit samarbeid mellom Design og arkitektur Norge (DOGA) og Sunnekommuner. Det har som mål å auke fysisk aktivitet og sosiale møteplassar for innbyggarane i kommunen heile året, gjennom å sjå arkitektur og design i samanheng med folkehelse. Trinn to av prosjektet vil bli utført i 2022.
Andre prosjekt, som starta opp i 2021, er etablering av hundepark v/Vinnesvatnet, bygging av sherpatrapp til Veten, etablering av turløype på Hundvåkøy, og oppstart av «Demensvenleg samfunn». Austevoll kommune samarbeider med Bergen og omland friluftsråd, blant anna ved tiltak på Horgo og planar for padlehytte på Skår.
Dagsturhytta «Adlesi» blei opna av fylkesordføraren i juni 2021. Dette er ei hytte som er meint for allmenn bruk på attraktive stader i kommunar over heile fylket. Besøkstala for hytta vår er svært gode.
Eininga har også ansvar for alkohol- og tobakkforvalting. I 2021 vart det gjeve 4 nye skjenkeløyve i kommunen.
3.9 Næring
Austevoll kommune har gjennom 2021 motteke midlar til å dempe økonomiske tap i næringslivet som følge av pandemien. Desse midlane er lyst ut og tildelt i tråd med retningsliner vedteke i kommunen.
Merkur-programmet er vidareført og butikkar i vår kommune er med i denne ordninga som skal sikre varer og tenester ut til alle.
Austevoll fiskerihamn er fortsatt under utvikling. Vestland fylke har overtatt ansvaret for fiskerihamnane og det er oppretta kontakt med fylket og fiskarlaget med tanke på etablering av sjarkhamn. Kommunestyret har stilt seg positiv til dette og det vil bli arbeidd vidare med dette komande år.
Reguleringsarbeid i Porsdalen der kommunen er ein av aktørane, er framleis under arbeid. Dette skal legge til rette for næringsaktivitet i ein sentral del av kommunen, herunder utvikling av SIM sitt anlegg i kommunen.
Blått kompetansesenter blei stifta i 2019 og er eigd av Austevoll kommune og Austevoll næringsråd med 50% kvar. Styret har representantar frå kommune, næringsråd, Havforskingsinstituttet og Austevoll vidaregåande skule. Blått kompetansesenter har i 2021 vidareført arbeidet sitt og utlyst stilling som dagleg leiar. Dette for å styrke selskapet sin aktivitet i tråd med selskapet sin verksemdsplan.