Austevoll kommune

Kommuneplanens arealdel (KPA)

Kommuneplanens arealdel (KPA) skal behandlast av styringsgruppa onsdag 4. mai. Les saksdokumenta her.

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Helse og velferd

Årsmelding 2021

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
    10. 1.10 Valstyret
    11. 1.11 Valnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne- og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Nytt kvalitetssystem
    6. 2.6 Oversyn over sjukefråvær
    7. 2.7 Servicekontoret
  3. 3 Eigedom og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    4. 3.4 Eigedom
    5. 3.5 Plan og byggesak
    6. 3.6 Landbruk og viltforvaltning
    7. 3.7 Overordna plan og beredskap
    8. 3.8 Folkehelse
    9. 3.9 Næring
  4. 4 Oppvekst og kultur
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kultur
      1. 4.7.1 Kulturkoordinator
      2. 4.7.2 Kulturminnerådgjevar
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
    10. 4.10 Austevollbadet
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Miljøarbeidartenesta
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie- og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for kommunen illustrert grafisk
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4, 2. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5, 1. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5, 2. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 - Økonomisk oversikt etter art
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 - Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar
    11. 6.11 Notar

5 Helse og velferd

Sektoren blir leia av kommunalsjef helse og velferd. 

5.1 Legetenesta

Legetenesta driftar fastlege- og allmennlegeverksemda i kommunen. Vidare har kontoret oppgåver knytt til utdanning og opplæring, samfunnsmedisin, legevakt og administrative funksjonar.  Året har vore prega av pandemien, men befolkninga har opplevd tryggleik. Me har klart å unngå store utbrot og hatt god kontroll på smitten - det er høg vaksinasjonsdekning i kommunen. 

Kommunen har sidan 2018 vore deltakar i eit statleg forsøksprosjekt kalla «Primærhelseteam» (PHT). Dette inneber at sjukepleiarar støttar legetenesta aktivt med besøk og oppfølging av særskilte pasientgrupper.  

  • diabetes og kols 
  • svake og multisyke eldre, yngre demente 
  • kreftpasienter og andre palliative heimebuande pasientar 
  • personar med utviklingshemming, rus og psykiske lidingar 
  • svangerskapsdiabetes og anna svangerskapsrelatert
  • legemiddelgjennomgang og anna kvalitetsarbeid
  • hjerterehabiliteringsprosjekt (med fysioterapeut) 

PHT har bidratt til at alle over 85 år samt skrøpelige pasienter under 85 år har hatt et tilbud om å få koronavaksine i hjemmet. Innovasjonsarbeidet i PHT har vore noko forseinka, men det er jobba med å styrke teamarbeidet. Nye prosjekt er utvikla og skal settast i verk i 2022. Sjukepleiarane ved legekontoret yter også støtte til jordmor, helsestasjon og pleietenestene.  

Aktiviteten ved legetenesta var også i 2021 sterkt prega av koronapandemien, blant anna gjennom eit omfattande koordineringsarbeid rundt prøvetaking og vaksinering. Den krevande situasjonen legetenesta har hatt med pandemien, har hatt negative konsekvensar for utviklingsarbeid, vidareutdanning og andre tiltak. Dette er ein slitasje som gjer seg gjeldande i alle kommunar og som blir drøfta på overordna plan.  

Kontoret ha fått ny fastlegestilling frå 01.03.21. Fastlegane skal etter nye normer ha færre pasientar på listene sine. Me har hatt ledig(e) legestilling(ar) gjennom heile året som me ikkje er har klart å rekruttere. Dette er løyst gjennom innleige av vikar. Vidare er det ein lege som går av med pensjon ved utgangen av 2021. Samla betyr dette at me manglar kapasitet for legetenesta som kan bli kritisk om me ikkje klarer å rekruttere nye legar. 

Legetenesta har fått på plass ALIS avtale (avtale om spesialistutdanning) for 2 leger. Vidare jobbar kontoret med å bli registrert utdanningsinstitusjon for allmennmedisin. Dette er positivt, men tek sjølvsagt av den tida ein har til disposisjon. Kontoret har hatt 2 turnuslegar og 2 legestudentar frå UiB i praksis.  

Pga. pandemi og situasjon med nødvendig vikarbruk, har det vore avvik ved skulelegestillinga og førskulekontroll med lege i 2021. Pandemien har også medført stor bruk av overtid og pålagt smittevernberedskap i helgene. 

Det er 4,2 årsverk til sjukepleiar og helsesekretær ved kontoret. Primærhelseteamet har 1,5 årsverk. I 2021 er det tatt inn ekstra personell til prøvetaking og vaksinering. Romsituasjonen for legekontoret har ikkje vore ideell gjennom året. Det er nødvendig å gjere endringar slik at dette ikkje hindrar oss i å yte gode tenester. 

Legetenesta har i tillegg funksjon som  

  • legevakt (døgnvakt)
  • tilsynslege sjukeheim
  • helsestasjonslege og helsestasjon for ungdom    

Legevakt har vore utfordrande på grunn av kvalifikasjonskrav når ein skal ha aleinevakt. Ser ein dette i samanheng med manglande rekruttering, skaper det vanskar for einskildpersonell der arbeidsbelastninga gjennom året blir for stor.  Sjømannslegen har redusert virksomheten pga. pandemiarbeid, men har hatt om lag 75 konsultasjonar.  

5.2 NAV

NAV-kontoret består av to delar, ein kommunal del og ein statleg del. Eininga har 4 faste årsverk på den kommunale delen (inkl. leiar), og 1,8 årsverk på den statlege delen. Frå november 2021 har kommunal del i tillegg 1 årsverk i mellombels engasjementstilling i flyktningtenesta. NAV-leiar er leiar for både den kommunale og den statlege delen. 

NAV kommune har tre hovudområde under kommunal velferd: 

  • sosialteneste 
  • flyktningteneste 
  • husbankordningane startlån/tilskot 

Sosiale tenester inneber  

  • informasjon, råd og rettleiing, økonomisk rådgjeving 
  • økonomisk sosialhjelp 
  • kvalifiseringsprogram (bistand og kvalifisering for arbeid)  
  • individuell plan 
  • mellombels bustad  

Det er innført ei digital løysing for søknader (Digisos). Dette har forenkla tilgongen for brukarar og søknadsbehandling. Pandemien har hatt beskjeden innverknad på sosialhjelpsutgiftene i kommunen. 

Flyktningtenesta blir administrert av NAV.  Dei siste 5 åra (2017-2021) har Austevoll kommune busett 42 flyktningar etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.  12 av flyktningane er busett i 2021 - 8 vaksne og 4 barn. Den nye integreringslova trådde i kraft i januar 2021. Lova set krav til kommunane når det gjeld norskopplæring, arbeidsliv, samfunnsliv og bidra til at alle blir økonomisk sjølvstendige. Pr 31.12.2021 var det 13 deltakarar i introduksjonsprogrammet. NAV Austevoll har som mål at integrering og busetnad i kommunen skal skje på ein god og forsvarleg måte. 

Kontrollutvalet utførte forvaltningsrevisjon av tenestene våren 2020 - “Integrering av flyktningar i Austevoll kommune”. Tiltak i handlingsplanen for merknader og tiltak er i all hovudsak ferdigstilte. 

Rammene for startlån blei auka frå 8 mill. i 2020 til 12 mill. i 2021. Kommunen mottok 24 søknader i 2021. Av desse var 22 søknader til kjøp av bustad og 2 søknader til refinansiering. Vidare er det motteke 4 søknader om etableringstilskot og 3 søknader om tilskot til tilpassing/utbetring. I tillegg er det i 2021 handsama 6 søknader som vart motteke hausten 2020 om startlån til kjøp av bustad.   

I desember 2021 er arbeidsløysa i Austevoll tilbake der me var før utbrotet av pandemien, og dei fleste permitterte er tilbake i arbeid.  

5.3 Ergo- og fysioterapitenesta

Tenesta har hovudansvar for rehabilitering i kommunen, frå barn til vaksne og eldre. Dette skjer i heimane til folk, på helsehuset, ved fysikalske institutt, på skular/barnehagar og institusjon. Tenesta legg til rette for utlån av hjelpemidlar til kort- og langtidsbruk for alle aldersgrupper. Tenesta bistår innbyggjarar om tilrettelegging av bustad slik at dei kan bu heime så lenge som mogeleg.  

Tenesta har i 2021 hatt fem faste stillingar fordelt på fem årsverk, 3 fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar. I tillegg yter kommunen to driftstilskot til fysikalske institutt. Det har i tillegg vore to stillingar i prosjektet “Leve heile livet”.   

Austevollbadet blir nytta som arena for rehabilitering. Dette er eit svært populært tilbod for dei som ikkje kan nytte bassenget på vanleg måte. Mindre grupper får tilbod om trening med fysio- og ergoterapeut i terapibassenget.  

I august 2021 fekk tenesta fysioterapeut i turnus som ei prøveordning. Dette har medført auka ressursar inn mot pasientar med behov for rehabilitering ved sjukeheim, på helsehuset og i heimen. Turnusfysioterapeut har også arbeidd 25% av stillinga med barn.  

Tenesta måtte i 2021 tilpasse og endre rutinar i tråd med gode smitterverntiltak, men tenesta har hatt tilnærma normal drift og dei to fysikalske institutta har vore ope gjennom heile året. 

Ergoterapi og fysioterapitenesta deltek i ei rekke tverrfaglege team, og samarbeider med dei ulike tenestene i kommunen. Ergoterapi og fysioterapitenesta deltek i fleire ansvarsgrupper og arbeid med individuelle planar.  

Mål og innsatsområde i 2021  

  • utføre pålagte oppgåver slik at brukarane får den hjelp dei treng i tide  
  • ernæringsfysiolog i 30%  - gode resultat og tilbakemeldingar frå pasientar
  • oppfølging av covid-19 pasienter
  • turnusfysioterapeut i tenesta med oppstart august 2021
  • barne-ergoterapeut ny stilling i drift 2022
  • 7 studenter frå Høgskulen Vestlandet (HVL) - ein viktig ressurs i tenesta  

Nye mål og innsats 2022  

  • rehabilitering i alle ledd.  
  • HPO hjemmetrenere, arbeide mot endring i tenesta  
  • gode pasientforløp – tverrfaglegprosjekt med KS  
  • dagrehabilitering lokaler på PO-senteret  
  • integrere ernæringsfysiolog som nytt tilbod i tenesta
  • forebyggjande heimebesøk – prosjekt saman med andre tenester
  • ta i bruk nytt kvalitetssystem og årshjul
  • behov for endra prosedyrer for oppfølging av habiliteringstenesten
  • studenter frå HVL  

5.4 Psykisk helse og rus

Psykisk helse- og rustenesta for vaksne gir hjelp og støtte til personar over 18 år som har ei psykisk liding og/eller utfordringar med rus.  Omfang av tilbodet kommunen gir, er avhengig av kor alvorlig situasjonen er. Eininga har 4,2 årsverk som fordeler seg på desse oppgåvene:  

  • endringsfokusert rådgjeving og oppfølgingssamtaler 
  • støtte til betring og meistring av psykiske problem som angst, depresjon, søvnvanskar, stress og bekymring 
  • diagnostisering og behandling 
  • meistringsamtale 
  • hjelp til å lage kriseplan 
  • koordinering og utarbeiding av individuell plan 
  • samarbeid med fastlege, NAV og andre som er sentrale i oppfølginga 
  • samarbeid med spesialisthelsetenesta 
  • tilvisning til rusbehandling og/eller oppfølging etter behandling 
  • henvisning til legemiddelsassistert rehabilitering (LAR) 
  • utlevering av brukarutstyr 
  • rettleiing for pårørande 
  • nettverkstilbod for pårørande 
  • oppfølging av gravide med rusutfordringar 

2 erfaringskonsulentar er engasjert i eininga. Stillingane blei i 2019 finansiert av tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren. Erfaringskonsulentane har medverka til å styrke informasjons- og opplysningsarbeidet til dømes gjennom Facebook og Instagram. Vidare har dei styrka brukarperspektivet og lågterskeltilbodet. Tenesta har gitt tilbod om eit heilskapeleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tiltak. Dei bistår i individuelle samtaler og har samarbeid med lokalt politi, blant anna med undervisning på vidaregåande skule og blant konfirmantar. Fredagskafé er etablert som en uhøgtidleg treffstad for dei som treng det. Dette i samarbeid med Austevoll frivilligsentral og ASV.  

Austevoll kommune tilsette i oktober psykolog i 20% stilling med midlar frå Statsforvaltaren for å styrke tenesta sitt lågterskeltilbod. Målet var individuelle samtalar/oppfølging slik at ein raskere kunne gi hjelp til dei som har, eller har hatt det vanskeleg gjennom pandemien. Eininga har eit rekrutteringssamarbeid med fastlegane. 

Det har vore ei auke i etterspurnad etter tenester i psykisk helse frå unge vaksne mellom 20 og 35 år. Utfordringar knytt til pandemien synest å vera utløysande, eksempelvis angstproblematikk som er blitt forsterka av helse og smitteangst under pandemien. Tenesta følger opp 120 pasientar. Det er framleis ei auke i gruppa unge vaksne (18 - 35 år). 

Handlingsplan for psykisk helse og rus ble vedtatt i juni 2021. Eitt av tiltaka er oppretting av FACT-team for særleg ressurskrevjande brukarar. Målet er å etablere medlemskap i FACT-team frå hausten 2022. 

5.5 Helseservicekontoret

Helseservicekontoret (HSK) er Austevoll kommune si koordinerande eining innafor helse- og omsorgstenester i kommunen. Brukargruppa er innbyggjarar som grunna alder, nedsett funksjonsevne, utviklingshemming eller anna, har behov for tilbod for helse- og omsorgstenester. HSK fattar vedtak om: 

  • heimesjukepleie 
  • praktisk bistand og opplæring
  • pårørandestøtte (omsorgsstønad, avlastning, opplæring og rettleiing
  • dagsenter/dagtilbod
  • tryggleiksalarm
  • brukarstyrt personleg assistanse
  • omsorgsbustad
  • individuell plan
  • opphald i institusjon
  • støttekontakt 

HSK har overordna ansvar for å koordinere helse- og omsorgstenester i kommunen. Kontoret skal vera «ei dør inn» til tenestene. Alle vedtak som blir fatta, blir gjort ut frå ei kartlegging av behov hos søkjaren - dette er eit arbeid som kan kreve rapportar også frå andre tenester. Eininga har 4 årsverk. I 2021 blei det igjen ekstra utfordringar knytt til koronasmitte.  

Kontoret har behandla 517 søknader i 2021, av desse fekk 19 avslag på sin søknad. Kontoret erfarer betre kapasitet på institusjonsplassar og omsorgsbustader. Det er gjort førebuing til eit meir tydeleg skilje mellom tildelar-rolla og tenesteytar-rolla. Dette vil styrke likeverd og rettar for søkjar og klargjere grensene internt i kommunen. Kontoret har hatt ekstern rettleiing i dette planleggingsarbeidet. 

Austevoll kommune hadde tidleg i 2021 ute anbod på avlastingstenester for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Aberia fekk oppdraget og har frå sommaren 2021 drifta denne tenesta på vegner av kommunen.  

HSK har også ansvar for kvalitet- og systemarbeid innafor fleire fagsystem. Våren 2021 starta arbeid med nytt system for pasientjournal. Dette har gått vegen om innovasjon- og innkjøpsavdelinga i IKTNH. Rapportering til statleg mynde inngår også som eit viktig arbeid, her skjer det heile tida endringar som ein må følge opp.  

Frivilligkoordinator blei i 2021 ein del av eininga for å bygge bru mellom forvaltninga og frivillige lag og organisasjonar. Vidare er det gjort førebuing til å flytte i samla og nye lokale, samt tilsette eigen konsulent innan velferdsteknologi - dette er gjort innafor eksisterande budsjettrammer. Austevoll kommune er del av prosjektet “TryggEst” - her er HSK representert. 

2022 vil vera siste heile kontraktsår med BPA-leverandørane, ny prosess med konkurranseutsetting må setjast i verk innan rimeleg tid. Eventuelt må det løftast politisk med tanke på endra organisering. 

5.6 Jordmortenesta

Jordmortenesta følger opp gravide under svangerskap, og møter familiane på heimebesøk etter heimkomst. Det vart fødd 53 barn i Austevoll i 2021 (51 i 2020).  Jordmor følger fødande inn til sjukehus ved behov. Nokre gongar går det fort, og i 2021 blei det ein heimefødsel.  

Jordmortenesta har 1,8 årsverk (3 personar). Tenesta blei styrka med ei jordmor i 15% stilling frå februar 2021. Dette inneber at det er jordmor på vakt heile døgnet. Jordmortenesta samarbeidar tett med helsestasjon, legetenesta og avdeling for psykisk helse og rus. 

Dei som føder kjem i dag tidleg heim frå sjukehuset. Dette krev meir oppfølging i heimen. Tenesta gir eit heilskapleg tilbod til dei som har født. Det blei i 2021 kjøpt inn utstyr som gjer at jordmor no tar alle dei standard testane som eit nyfødt barn skal ha. Dette betyr at nybakte mødrer slepp å reise inn igjen til sjukehuset etter nokre dagar. 

Jordmor og helsestasjon har gjennom året førebudd søknad om å bli godkjent som «Ammekyndig helsestasjon». Dette håpar me kjem på plass i 2022. 

“Tidleg inn” er eit opplæringsprogram, som tenesta saman med helsestasjonen, har delteke på. Kursrekka vart ferdig i 2021. Programmet skal bidra til at gravide og småbarnsfamiliar får kompetent hjelp så raskt som mogleg – spesielt gjeld dette innan områda rus, psykisk helse og vald. 

Jordmor har hatt ekstra oppgåver og delteke i arbeidet med covid-19 i 2021. Leiande jordmor har jobba mykje med å ferdigstilla “Handlingsplan mot vold i nære relasjoner” og bygge opp og etablere “TryggEst” i kommunen. Det har vore oppgåver knytt til samhandlingsprosjektet for ny dataplattform, samt deltaking i arbeidsgruppe for BTI (betre tverrfagleg innsats) 

Nokre nøkkeltal: 

  • 506 konsultasjonar og heimebesøk (475 i 2020) 
  • 4 svangerskapskurs for førstegongsfødande (3 i 2020) 

Jordmortenesta blir delfinansiert med tilskot kr 900 000 frå Helse-Bergen for å ha vakt/følgeteneste. 

Mål for 2022: 

  • Hospitering på fødeavdeling 
  • Jobbe vidare med kvalitetsdokument 
  • Handlingsplan vald” til godkjenning 
  • “Ammekyndig helsestasjon” til godkjenning 

5.7 Miljøarbeidartenesta

Eininga yter tenester til personar med nedsett funksjonsevne og personar med psykiske lidingar. Dette skjer i samlokaliserte omsorgsbustader, i private heimar og i frittliggande omsorgsbustader. 1 bustad blir nytta som avlastningsbustad med rullerande opphald.  

Det er 28 årsverk i eininga. Kommunen tilbyr tenester til 22 personar med varierande omsorgsbehov. Nokre av tenestemottakarane har heildøgnstilbod, andre har punktvis bistand. Tenestene er basert på vedtak gjort av helseservicekontoret i tråd med gjeldande lover og reglar.  

Tenestene inneber praktisk bistand, opplæring, heimesjukepleie og avlastning. Eininga samarbeider med brukarane og deira nettverk.  

Covid 19 prega drifta i 2021, men i noko mindre grad enn kva som var tilfelle i 2020: 

  • periodevis reduksjon i aktivitetar  
  • færre treffpunkt 
  • digitale møte 
  • reduksjon på kompetansehevingstiltak - fokus på kompetanseheving innan smittevern
  • behov for meir detaljert styring  

DigiHelse blei innført i 2020, det blei tekniske utfordringar i 2021 som gjorde at systemet ikkje har vore nytta slik som tiltenkt. Hovudmålet er å styrke samarbeidet tenestemottakar-pårørande-tilsette.   

Tenesta arbeidar heile tida med å sikre rekruttering og riktig kompetanse i eininga.  

Tenesta har i 2021 endra namn frå Eidsbøen bufellesskap til miljøarbeidartenesta. Kommunestyret har gjennom året godkjent planar for etablering av avlastningsbustad og omsorgsbustader i Bekkjarvik. Miljøarbeidartenesta har vore med i planlegginga av dette prosjektet som vil gi oss eit styrka tenestetilbod til personar med nedsett funksjonsevne. 

Budsjettet for 2022 er styrka etter at ein i 2021 gjorde ei grundig analyse av tildelingsvedtak og ressursar til gjennomføring av desse. Avviket blei kompensert i budsjettet. 

5.8 Frivilligheit

Frivilligkoordinator er i 2021 tatt inn som ein del av kommunalsjefområdet helse og velferd ved helseservicekontoret. Bakgrunnen for dette er eit ynskje om at koordinator skal bidra til samarbeid og samskaping med organisasjonar, lag og frivilligheita. Korona gjorde sitt til at 2021 blei eit spesielt år, fleire gongar måtte planlagte arrangement gå ut grunna koronarestriksjonar.  

Hovudfokus innan frivilligheit første del av 2021 har utan tvil vore vaksinevaktordninga. Her har det vore 3-6 frivillige for kvar vaksineringsdag, ofte ein gang i veka. Ungjobb overtok vaktordningsarbeidet i sommarferien, dette blei godt motteke og evalueringa gav oss gode tilbakemeldingar.  

Austevoll frivilligsentral fekk i 2021 etablert styre og leiar. Det er halde 3 styremøte - Joon Raymond Haugland er styreleiar. Frivilligsentralen har vore på nettverkssamling med frivilligsentralar i Sunnhordaland - Fitjar, Stord, Kvinnherad, Etne, Tysnes, Bømlo og Sveio. Det er lærerikt, inspirerande og inkluderande å vere medlem av ei slik gruppe. Det har vore høyring frå Kultur- og likestillingsdepartementet på nye retningslinjer for frivilligsentralar.  

Årets frivillige Austevolling 2021 blei Inger Marie Møgster. Ho blir gjennom prisen takka for sin ekstraordinære innsats for kyrkjelydsarbeidet i kommunen. Inger Marie har i fleire tiår hatt ei sentral og aktivt deltakande rolle i dette arbeidet, blant mykje anna er det trekt fram hennar rolle for babysong. 

BUA opna i midlertidige lokale på frivilligsentralen sommaren 2021. Frivillige bidrog med å registrere ca. 200 produktar i databasen. Juli 2021 kom BUA Austevoll på 7. plass målt etter utlån av utstyr blant dei mindre kommunane, dette var me veldig stolt over. Det er totalt 198 utlånssentralar i landet. Ungdommar frå ungjobb gjorde det mogleg å halde BUA open kvar måndag og fredag heile sommaren. Heilt på slutten av året kom endeleg BUA lokala på plass, to containerar i sametablering med Snapnap på gamle kommunehustomta. Då Austevollbadet ikkje kunne halde ope som vanleg i desember, bidrog dei på eige initiativ til å flytte alt utstyr frå frivilligsentralen til BUA-containerane. No kunne me byrja å bestille inn vinterutstyr og førebu offisiell opning i 2022.  

Ungjobb blei ein stor suksess i 2021 - 16 ungdommar fekk sommarjobb i Austevoll kommune. Kommunen har lagt vekt på å gje ungdommane varierte oppgåver innafor fleire sektorar, herunder pleietenester, vakthald, datahjelp, idrettsaktivitetar m.m.  

Frivillige har strikka tøflar til Dagsturhytta Adlesi, og Austevoll Turlag står for drift og enkelt vedlikehald.  

Ungdomsklubb sine tiltenkte lokale på Storebø har vore renovert. Det er brukt innleigd arbeidskraft, frivillige, ungdomsråd og ungjobb. Lokalet manglar noko montering på kjøkkenet før ein kan starte opp når ansvarleg tilsett for ungdomsklubb blir tilsett i 2022. Det har vore vanskeleg å få på plass desse stillingane og noko fram og tilbake mellom ulike utval for å fastsette storleik på stillingane. 

Dyrepassordning er eit nytt tilbod i Austevoll. Dette er blitt populært og fleire frivillige ynskjer å hjelpe. Spesielt gledeleg er det å sjå at førarhundar i Austevoll har fått god nytte av ordninga.  

Austevoll kommune søkte og fekk 54.000 kroner i tilskot frå Statsforvaltaren. Dette var i tråd med reforma “Leve heile livet - måltid og felleskap”.  185 austevollingar møtte opp på Bekkjarvik gjestgiveri og CM kafé på Storebø brygge der dei fekk gratis middag og godt fellesskap. Kulturskulen stod for underhaldning og administrasjonen og eldrerådet var også representert.  

Austevoll sette ny rekord i TV-aksjonen i 2021. Frivillige deltok som bøsseberarar og på ringedugnad, me samla inn 566 785 kroner. Kjekt at mange bøsseberarar også tok seg tid å slå av ein prat med kaffi og bollar på frivilligsentralen.  

Frivillige var med for å kunne realisere sommarkonsert på omsorgsbustadene i Bekkjarvik og på Storebø med Tore Halvorsen. Dette skjedde i samarbeid med kulturkoordinator og tiltaket “Den kulturelle spaserstokken” 

5.9 Pleie- og omsorgstenestene

Pleie- og omsorgstenestene 2021 er i hovudsak Austevoll PO-senter og heimetenesta i kommunen. Totalt var det ca. 84 årsverk fordelt på 160 tilsette (inkl. vikarar). I tillegg har kommunen ressurskrevjande brukarar utanfor denne ramma.  

Covid-19 har vore vår største utfordring i 2021. Ein kan trygt sei det blei store oppgåver som måtte løysast, til dømes vaksinering av heimebuande og pasientar. Hovudmålet var at bebuarar ved sjukeheimen og brukarar av heimetenestene ikkje skulle bli smitta av covid-19 - dette har vi lukkast med. Stor arbeidsinnsats av personale og gode rutinar, gjorde dette mogleg. Vi har heile tida følgt FHI og regjeringa sine tilrådingar om smittevern.   

På sjukeheimen er det fast bemanning for 49 pasientar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter. Det er kapasitet til 52 pasientar, av desse er 32 pasientar på somatiske avdelingar og 20 på spesialavdelingar - demens og geriatrisk avdeling. Hausten 2020 blei det bestemt å rehabilitere og utvida Soltun og Bjørketun. Det blei etablert eit fagprosjekt i 2021 som er styrande for organisering og drift av denne nye avdelinga. Eit nytt trinn i omsorgstrappa vil stå klart sommaren 2022. Dette er i tråd med den skisserte strukturendringa som blei presentert for kommunestyret i 2019. 

Me har auka til to rullerande avlastningsplassar. Dette er eit tilbod til personar og familiar med tungt omsorgsarbeid. Avlastinga skal hindre overbelastning hos dei pårørande og bidra til betre livskvalitet for alle partar.   

Seng nr. 50 er øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH). Denne har til føremål å redusere talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta. Den har vore nytta av 27 brukarar i til saman 85 døgn. I 2021 har me hatt 44 langtidsplassar, 1 ØH-seng, 2 avlastningsplassar og opptil 5 korttidsplassar. Kjøkkenet har vore i drift heile året og leverer kvar dag ca. 80 middagar til bebuarane ved sjukeheimen og til private heimar.  

Kommunen hadde 130 brukarar som fekk heimeteneste. Hjelpebehovet varierer frå 1 gong anna kvar veke, til 8 gongar per døgn.   

Når det gjeld praktisk bistand, så hadde me ved slutten av året 68 brukarar. Dei får vedtak om hjelp til reingjering av hus m.m. annakvar veke.  

Omsorgsbustader i kommunen:  

Tal omsorgsbustader
Omsorgsbustad tal bebuarar
Bekkjarvik 16
Soltun 6
Birgittunet 15
Bjørketun 6
Prestaneset 20

Kultur- og aktivitetsavdelinga organiserer og gjennomfører dagaktivitetar for bebuarane på PO-senteret. I tillegg driv dei dagsenter for heimebuande. Seniorbussen vert nytta til å hente og bringe dei som skal på dagsenteret. Det er ope for dagpasientar 3 dagar i veka frå kl. 10-14. 

2021 var fyrste året med heilårsdrift av pleie- og omsorgstenestene i kommunal regi. Erfaringa viser at dette skapar betre samarbeidstilhøve og samhandling med andre aktørar som har roller i den heilskaplege tenesta me skal tilby. Kapasiteten har vore god, me har svært få “overliggedøgn” m/betalingsplikt ved spesialisthelsetenesta i Bergen.