Austevoll kommune

Kommuneplanens arealdel (KPA)

Kommuneplanens arealdel (KPA):  Les saksdokumenta her.

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Oppvekst og kultur

Årsmelding 2021

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
    10. 1.10 Valstyret
    11. 1.11 Valnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne- og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Nytt kvalitetssystem
    6. 2.6 Oversyn over sjukefråvær
    7. 2.7 Servicekontoret
  3. 3 Eigedom og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    4. 3.4 Eigedom
    5. 3.5 Plan og byggesak
    6. 3.6 Landbruk og viltforvaltning
    7. 3.7 Overordna plan og beredskap
    8. 3.8 Folkehelse
    9. 3.9 Næring
  4. 4 Oppvekst og kultur
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kultur
      1. 4.7.1 Kulturkoordinator
      2. 4.7.2 Kulturminnerådgjevar
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
    10. 4.10 Austevollbadet
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Miljøarbeidartenesta
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie- og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for kommunen illustrert grafisk
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4, 2. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5, 1. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5, 2. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 - Økonomisk oversikt etter art
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 - Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar
    11. 6.11 Notar

4 Oppvekst og kultur

Sektoren blir leia av kommunalsjef oppvekst og kultur. 

4.1 Barnehage

Austevoll kommune er barnehagemynde og skal rettleie og sjå til at barnehagar blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen har ansvar for å sikre barnehagetilbod av høg kvalitet og bidra til å sikre barn likeverdige og gode oppvekstvilkår. Vidare skal kommunen legge til rette for ein samordna opptaksprosess slik at alle barn får barnehageplass i samsvar med lov. I vår kommune gjekk 93,4% av barn 1 – 5 år i barnehage i 2021, landssnittet er 93,6%. Dei siste åra har det vore ein tendens til at fleire barn i barnehagane har behov for auka tilbod om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging. 

Tilsyn i barnehagane er eit samarbeid mellom barnehagemynda i Midthordland kompetanseregion. Grunna Covid-19 er stadlege tilsyn utsett til 2022. Hausten 2021 blei det gjennomført skriftleg tilsyn i alle fem barnehagane. 

Barnehagane har i løpet av året rapportert seks gongar om bemanning, arealutnytting, tal barn, alder og pedagognorm. Kommunen har lagt til rette for møteplassar med styrarar og PP-tenesta. 

Barnehagane har delteke på forvaltningsmøte med tema som omhandlar regelverk knytt til barnehagedrift og ulike utfordringar knytt til covid-19 og barnehagedrift. Det blei invitert til fagdag for alle styrarar i Midthordland kompetanseregion hausten 2021. Tema var erfaringsdeling frå sentral kompetanseordning (REKOMP-ordninga) og foredrag om vaksenrolla i barnehagen, «Trygt og godt i barnehagen». 

Ingen barnehagar i Austevoll har søkt midlar til kompetanseutvikling i barnehageåret 2021-22.  
Kolbeinsvik barnehage la ned drifta ved årsslutt 2021. Det er fire barnehagar i kommunen frå 2022. 

Austevoll har stort utbytte av samarbeid med dei andre barnehageansvarlege i Midthordland kompetanseregion i jamlege møte og samarbeid om rutinar og i arbeidet generelt. 

4.2 Barnevern

Barneverntenesta sitt arbeid er regulert av barnevernlova. Barneverntenesta har eit svært viktig samfunnsoppdrag med å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid og skal bidra til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstsvilkår.  

Barneverntenesta behandlar bekymringsmeldingar og søknader om hjelpetiltak. Det blir då starta ei undersøking for å kartlegge barnet sin situasjon. Undersøkinga kan føre til at saka vert lagt bort, eller det kan bli sett i verk ulike typar tiltak. 

Barnevernet held til i Austevoll helsehus der dei er samlokalisert med andre einingar i kommunen. Det er 5 årsverk fordelt på 5 tilsette, alle kvinner. Ved utlysing av stillingar har det vore få kvalifiserte søkarar. Stillinga som barnevernleiar vart lyst ut hausten 2021, og etter 2. gongs utlysing vart det tilsett ny leiar frå 01.03.2022. Budsjettvedtak i kommunestyret har auka rammene for barnevernet med 1 stilling i 2022.  

Barneverntenesta har barnevernvakt i samarbeid med Bergen kommune. Slik sikrar vi at innbyggarane skal få akutt hjelp utanom kontortid, i helg og heilagdagar. Austevoll er òg med å drive eit prosjekt saman med Kvinnherad og Tysnes kommune; “Fagleg fellesskap på tvers av kommunegrenser" med formål om tenesteutvikling og kompetanseheving. Hovudmålet er å auka kompetanse for å identifisere barn i risiko og gje rett hjelp til rett tid.  

Barnevernet sine brukarar er barn, ungdom og familiar i ein vanskeleg og utfordrande livssituasjon, som treng oppfølging og tiltak frå barneverntenesta. Tenesta jobbar for gode oppvekstvilkår gjennom førebyggande tiltak og samarbeid med andre instansar: 

  • samtalar med barn og unge
  • råd og rettleiing til ungdom og unge vaksne (ettervern 18-25 år)
  • råd og rettleiing til foreldre
  • fritidskontakt
  • besøksheim/nettverksfamilie
  • familieråd
  • kontrolltiltak (tilsyn, umelde tilsyn, rustest)
  • tilvising til andre instansar
  • tverrfagleg samarbeid med andre etatar i kommunen
  • vurdere omsorg for barn for vidare plassering  

I alle saker jobbar ein utifrå minste inngreps prinsipp, og det som er til barnets beste. Eventuell plassering og andre inngripande tiltak blir forsøkt gjort med samtykke, samarbeid og medverknad frå partane. 

Barnevernet i Austevoll har hatt utfordringar også i 2021 som har gjort det nødvendig å vidareføra avtale om å leige inn ekstern bistand i prosjektstilling. Engasjementet er gjort for å styrke internkontroll, leiing og struktur i saksbehandling. Kostnadene har gått ut over rammene i budsjettvedtaket. Dette er rapportert fortløpande gjennom året og blei også teke hensyn til i revidert budsjett. 

Gjennom 2021 har barneverntenesta på ulike måtar førebudd seg på endringar i barnevernlova og den nye barnevernsreforma som trådde i kraft 01.01.2022.  Kommunen overtek all oppfølging og rettleiing av fosterheimar og den statlege refusjonsordninga forsvinn. Det er gjennomført ei kompetanseoverføring frå Bufetat knytt til fosterheimsarbeid der alle tilsette har delteke på samlingar. Overføringa held fram utover våren 2022. Ny barnevernlov vil i si heilskap bli gjeldande frå 2023. 

4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT

Barneverntenesta sitt arbeid er regulert av barnevernlova. Barneverntenesta har eit svært viktig samfunnsoppdrag med å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid og skal bidra til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstsvilkår.  

Barneverntenesta behandlar bekymringsmeldingar og søknader om hjelpetiltak. Det blir då starta ei undersøking for å kartlegge barnet sin situasjon. Undersøkinga kan føre til at saka vert lagt bort, eller det kan bli sett i verk ulike typar tiltak. 

Barnevernet held til i Austevoll helsehus der dei er samlokalisert med andre einingar i kommunen. Det er 5 årsverk fordelt på 5 tilsette, alle kvinner. Ved utlysing av stillingar har det vore få kvalifiserte søkarar. Stillinga som barnevernleiar vart lyst ut hausten 2021, og etter 2. gongs utlysing vart det tilsett ny leiar frå 01.03.2022. Budsjettvedtak i kommunestyret har auka rammene for barnevernet med 1 stilling i 2022.  

Barneverntenesta har barnevernvakt i samarbeid med Bergen kommune. Slik sikrar vi at innbyggarane skal få akutt hjelp utanom kontortid, i helg og heilagdagar. Austevoll er òg med å drive eit prosjekt saman med Kvinnherad og Tysnes kommune; “Fagleg fellesskap på tvers av kommunegrenser" med formål om tenesteutvikling og kompetanseheving. Hovudmålet er å auka kompetanse for å identifisere barn i risiko og gje rett hjelp til rett tid.  

Barnevernet sine brukarar er barn, ungdom og familiar i ein vanskeleg og utfordrande livssituasjon, som treng oppfølging og tiltak frå barneverntenesta. Tenesta jobbar for gode oppvekstvilkår gjennom førebyggande tiltak og samarbeid med andre instansar: 

  • samtalar med barn og unge 
  • råd og rettleiing til ungdom og unge vaksne (ettervern 18-25 år) 
  • råd og rettleiing til foreldre 
  • fritidskontakt 
  • besøksheim/nettverksfamilie 
  • familieråd  
  • kontrolltiltak (tilsyn, umelde tilsyn, rustest) 
  • tilvising til andre instansar  
  • tverrfagleg samarbeid med andre etatar i kommunen 
  • vurdere omsorg for barn for vidare plassering  

I alle saker jobbar ein utifrå minste inngreps prinsipp, og det som er til barnets beste. Eventuell plassering og andre inngripande tiltak blir forsøkt gjort med samtykke, samarbeid og medverknad frå partane. 

Barnevernet i Austevoll har hatt utfordringar også i 2021 som har gjort det nødvendig å vidareføra avtale om å leige inn ekstern bistand i prosjektstilling. Engasjementet er gjort for å styrke internkontroll, leiing og struktur i saksbehandling. Kostnadene har gått ut over rammene i budsjettvedtaket. Dette er rapportert fortløpande gjennom året og blei også teke hensyn til i revidert budsjett. 

Gjennom 2021 har barneverntenesta på ulike måtar førebudd seg på endringar i barnevernlova og den nye barnevernsreforma som trådde i kraft 01.01.2022.  Kommunen overtek all oppfølging og rettleiing av fosterheimar og den statlege refusjonsordninga forsvinn. Det er gjennomført ei kompetanseoverføring frå Bufetat knytt til fosterheimsarbeid der alle tilsette har delteke på samlingar. Overføringa held fram utover våren 2022. Ny barnevernlov vil i si heilskap bli gjeldande frå 2023. 

4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste som skal jobbe førebyggande og helsefremjande mot barn og unge og deira familiar. Tenesta er eit lågterskeltilbod som skal vere lett tilgjengeleg for brukarane. Brukargruppa er barn og unge frå 0 til 23 år, samt foreldre og/eller føresette. 

Helsestasjonen har ansvar for oppfølging av barn 0-5 år og deira familie. Det er fokus på fysisk og psykisk helse, trivsel, foreldrerettleiing, vaksinasjon og smittevern. Helsesjukepleiar har òg merksemd mot å avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt. 

Skulehelsetenesta har ansvar for elevar mellom 6 og 23 år, der helsesjukepleiar har fokus på å fremje psykisk og fysisk helse hos alle elevar. Elevane får tilbod om helsekontrollar, undervisning og vaksinasjonar etter anbefalt program. Tenesta har faste kontordagar på alle fem skulane i kommunen. Helsesjukepleiarar i skulen har individuelle samtaler med elevar, i tillegg til klasseundervisning og undervisning i grupper. Skulehelsetenesta skal ha fokus på den psykiske helsa hos elevar, og tilvise vidare til andre hjelpeinstansar ved behov. 

Eininga har 6 helsesjukepleiarar tilsett i faste stillingar, fordelt på 4,95 årsverk. 3 helsesjukepleiarar driftar helsestasjonen, medan 3 helsesjukepleiarar jobbar i skulane - alle tilsette er kvinner.  

Helsestasjon for ungdom (HFU), er eit helsetilbod for ungdom mellom 13 og 23 år, med opningstider på helsehuset kvar torsdag. På HFU er det mest fokus på psykisk og seksuell helse hos ungdom. Det er jordmor, helsesjukepleiar og lege som driftar HFU. Tilbodet er gratis og ein treng ikkje bestilla time på førehand.  

Miljøretta helsevern er også ein del av kontoret sine arbeidsoppgåver, blant anna tuberkulosekontroll av tilflyttarar til kommunen frå andre land.   

Kommunepsykolog skal primært jobbe helsefremmande og førebyggande med barn og unge si psykiske helse, og kan utføra behandling av lettare til moderate vanskar. Kommunepsykolog er eit mellomledd mellom helsestasjon- og skulehelsetenesta og 2. linjetenesta (f.eks BUP). I 2021 har helsestasjon- og skulehelsetenesta hatt kommunepsykolog for barn og unge (0 til 20 år) tilgjengeleg for tenesta i ca. 30 % stilling. 

Helsestasjon- og skulehelsetenesta deltar i ei rekke tverrfaglege team, der målet er å kome inn med hjelp til barn og ungdom så tidleg som mogleg. Tenesta samarbeider aktivt med barnehagar, skular, barnevern, PPT, jordmor, legetenesta og fysioterapiavdelinga i kommunen. Barn og ungdomspsykiatri (BUP), er også ein viktig samarbeidspart. 

 Nye tiltak i 2021: 

  • oppstart av grupper for barn og ungdom med angstproblematikk, «Cool Kids» 
  • fortsette med foreldrerettleiing i grupper, COS «Circle of Security» 
  • tilbod om samtalegrupper for barn med skilte foreldre på alle skular 

Helsestasjonen opplever at tenestene dei tilbyr er etterspurte. Det er viktig med slike lågterskel-tilbod til barn og unge. 

4.5 Kulturskulen

Kulturskulen driv undervisning frå ulike lokalitetar, men har ikkje eigne undervisningslokale. Storparten av undervisninga skjer i skulelokale, men det er òg undervisning i idrettsbygg, treningssenter og i private heimar. 

Kulturskulen har 3,7 årsverk fordelt på 10 lærarar – 6 kvinner og 4 menn.  

Hausten 2021 hadde kulturskulen 183 elevar og 209 elevplassar. Dette er 31 fleire elevar, og 39 fleire elevplassar enn eitt år tidlegare. Denne auken består av:   

  • fleire elevar på musikkstart (grunnopplæringstilbod for 1.-3. klasse)
  • oppstart av teater som fag i kulturskulen i 2021 

Musikktilboda i kulturskulen famnar om undervisning innan: 

  • musikkstart 
  • song 
  • piano
  • gitar, el. gitar, bassgitar
  • keyboard
  • slagverk
  • bandundervisning
  • musikkverkstad
  • tilpassa musikkopplæring 

Utanom musikk har kulturskulen tilbod innan: 

  • teater (starta i 2021) 
  • dans 
  • biletkunst 

Det blir gitt musikktilbod til psykisk helse og Austevoll PO-senter. Dette skjer gjennom musikkterapi og song- og musikkstunder for bebuarar på PO-senteret. 

Vidare omfattar tilbodet i kulturskulen aspirantopplæring for KDV skulekorps. Dette har det vore mindre av i 2021 grunna låg rekruttering til korpset. 

Saman med Austevoll ungdomsråd har kulturskulen ansvar for UKM i Austevoll. Våren 2021 vart UKM i Austevoll avvikla som digitalt arrangement. 

4.6 Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa held til i dei gjenståande delane av det gamle kommunehuset på Storebø. Her er dei samlokalisert med kyrkjekontoret og framtidig ungdomslokale. Det er 4 årsverk i eininga. Desse årsverka er fordelt på 7 personar – 6 kvinner og 1 mann. Alle tilsette i undervisningsstilling er utdanna lærarar. I tillegg kjem ein merkantilt tilsett i 20% stilling. 

Brukargrupper er flyktningar, familiegjenforeinte og betalingselevar. Vidare er det deltakarar med særskilte behov og vaksne med manglande grunnskuleopplæring. Totalt har det i 2021 vore 34 deltakarar i norsk, 8 deltakarar i grunnskuleopplæring og 5 deltakarar med særskilte behov. 

Kveldskurs for arbeidsinnvandrarar blei gjennomført våren 2021, men avlyst på hausten grunna mangel på lærarar. 

Vaksenopplæringa samarbeider tett med NAV og flyktningkoordinator om introduksjonsprogrammet. Dette programmet er meint å kvalifisere og førebu flyktningar for integrering i samfunnet. Det er også gjennomført språk- og arbeidspraksis ute i ulike bedrifter i kommunen gjennom året. Vaksenopplæringa er takknemleg for det samarbeid bedriftene tilbyr. 

Utfordringar med digital undervisning 2020, blei løyst i 2021. No har alle deltakarane i vaksenopplæringa fått personleg PC-innlogging - dei kan dermed bruka Teams i undervisninga. Dette er eit godt utgangspunkt for å styrke datakompetansen til deltakarane, noko som er heilt nødvendig for å delta i det norske samfunnet både privat og profesjonelt. 

Frå 01.01.2021 gjeld ny integreringslov for alle som blir busett i Norge. Lova krev at norskopplæring må planleggast ut frå deltakaren si tidlegare utdanning. Dette resulterer i store forskjellar på kor lenge dei deltar i vaksenopplæringa sitt program. Vaksenopplæringa ta høgde for dette i planlegging av drift, og nivåinndeling og progresjon for kvar deltakar. Med ny integreringslov er det også innført to nye obligatoriske element: livsmeistring og foreldrerettleiing. Her arbeider vi for eit utvida samarbeid og samhandling med andre einingar i kommunen som helse, barnevern og NAV/flyktningkoordinator. 

4.7 Kultur

4.7.1 Kulturkoordinator

Kulturområdet er i liten grad lovregulert - kulturlova er generell og seier at kommunen skal syta for  verkemiddel og tiltak som skal bidra til eit breitt spekter av kulturverksemd. Feltet har 1,0 årsverk. 

Kulturkoordinator jobbar for at innbyggjarane skal ha eit aktivt og meiningsfylt liv gjennom å leggja til rette for aktivitet og oppleving innafor kunst og kultur. Ved hjelp av dette arbeidet ynskjer vi å stimulere til aktivitet. I kommunebudsjettet inngår årleg over 1 000 000 kr til kommunale tilskot til kultur og idrett. Kommunen nytter også  ulike fylkeskommunale og statlege tilskotsordningar. 

Kulturlivet i Austevoll har stor breidde, og kulturkoordinator opererer tverrfagleg med varierte oppgåver, på tvers av etatar og med eksternt samarbeid. Nokre eksempel på dei faste, årlege oppgåvene som blei gjennomført i 2021 er kommunale tilskotsmidlar til kultur og idrett, utdeling av årets kulturpris og den lokale organiseringa av årets nasjonale TV-aksjon.  

I 2021 kom det inn totalt 57 søknader til dei 6 ulike ordningane for kommunale tilskot til idrett og kultur. Kulturkoordinator jobbar tett på frivillige lag- og organisasjonar for å laga ein god oversikt over søknader som skal til politisk handsaming. Tenesteutvalet vedtar sjølve tildelinga. 

For å utvikla kultur- og kunsttilbod i kommunen blei det i 2021 jobba med fleire innovative prosjekt med nye samarbeidspartnarar. Blant anna blei Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin kunstfagseksjon kopla på vaksenopplæringa i Austevoll i eit samarbeid mellom kommunen og dramaseksjonen på HVL.  

Vidare fekk bebuarane på PO-senteret besøk av lektorar og professorar i drama med teaterstykket «Jenta på loftet». Dette var ein del av ordninga Den kulturelle spaserstokken - ei nasjonal støtteordning til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre. Framsyninga er eit resultat av ei doktoravhandling om dramaarbeid med demente.  

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skuleelevar i Norge får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Kulturtilbodet skal vera av høg kvalitet, og visa heile breidda av ulike kulturuttrykk. I 2021 blei den populære «Eg byggjer meg ein båt» gjennomført i Hengjo. For å utvikla  ordninga inngjekk kommunen eit samarbeid med to nye aktørar. Ein skodespelar frå Bergen blei engasjert for interaktivt dramaarbeid til 6. trinn. Ein avisteiknarverkstad blei gjennomført for 5. trinn i samarbeid med ein lokal kunstnar i prosjektet «Demokrati og ytringsfridom». Lokalavisa bidrog med tema for verkstaden og elevane sine teikningar blei publisert i Marsteinen.   

Koronasituasjonen prega kulturlivet og førte til at ein del arrangement som var planlagd i 2021 blei avlyst eller utsett., til dømes Nissemarsj med julekonsert på dagsturhytta på Loddo.  

Bokdelingstiltaket Lesekiosken kom på plass på Tusenårsstaden på Storebø. Dei raude telefonkioskane er klassifisert som kulturarv og i Telenor sitt eige. Austevoll kommune fekk ein telefonkiosk som blei forvandla til ein lesekiosk i eit verkstad, og frakta til Storebø.  

Austevoll kommune var ein av 28 kommunar som arrangerte Vestlandet sitt flytande litteraturhus - eit pilotprosjekt for å prøva ut ei ordning som skal sørga for å vidareføre drifta av bokbåten Epos. Litteraturfestivalen besøkte Bekkjarvik hamn i november. Skulane fekk koma om bord i bokbåten på dagtid - lokale og tilreisande forfattarar tok plass på folkebiblioteket sin scene på kvelden. 

Aktivitet rundt ungdom og ungdomskultur er viktige satsingsområde for Austevoll kommune. Ungdomsrådet har gjort eit godt arbeid i 2021 for å få realisert lokale som kan bli eit viktig møtepunkt på Storebø - ein ungdomsklubb. Kulturkoordinator og frivilligkoordinator har ei støttande og koordinerande rolle under etablering og vidare oppfølging av kommunen sin første kommunale ungdomsklubb. 

4.7.2 Kulturminnerådgjevar

I 2021 var rådgjevar kulturminne tilsett i 20% prosjektstilling fram til 21. juni. Då vart denne stillinga fast.  

Arbeidet til rådgjevar kulturminne var i 2021 knytt til revidering av Austevoll kommune sin kulturminneplan. Dette innebar tett samarbeid med kommunen si kulturavdeling og plan og byggesaksavdeling. I tillegg har  nettverksgruppa innan kulturminneforvaltning i Sunnhordland (KIK- Sunnhordland) og Stord og Fitjar landbruk- og miljøkontor vore samarbeidspart. Ut over dette er det  jobba med regional mynde og nasjonale mynde sine lovar, føringar og oppdateringar. 

Rådgjevar  kulturminne har jobba med synfaring av enkelte kulturminne og kulturmiljø. Synfaring har resultert i rapportar, anbefaling og rådgjeving knytt til restaurering, søknadar om tilskot mm. 

Ut over året kom fleire oppgåver knytt til å vera kontakt og svara på spørsmål frå privatpersonar, lag og forvaltning på lokalt og regionalt nivå. Ein kan særleg nemna spørsmål om søknadar om tilskot til restaureringsarbeid. 

Rådgjevar kulturminne er knytt til drift- og forvaltningsutvalet for Hufthamartunet. Mandatet til denne gruppa har vore å sjå på mogelegheiter for eit omfattande restaureringsarbeid og bruken av bygdetunet. Ein har særleg sett på Hufthamartunet si rolle i formidling av lokalhistorie til skuleklassar og generelt besøkande til Austevoll. Dette arbeidet gav resultat i form av eit godt budsjett for restaurering av bygga i 2022. 

Stillinga på 20% vart i samband med budsjett for 2022 foreslått auka opp til 40%. Dette vart vedtatt og rådgjevar  kulturminne gjekk frå januar 2022 opp til 40% stilling. Dette vil gje eit betre rom for arbeid med måla i kulturminneplanen, kulturminnearbeid generelt i Austevoll og ikkje minst iverksette tiltak og mål for Hufthamartunet.  

I 2021 kom det frå politisk hald ei bestilling frå politisk hald om at administrasjonen måtte arbeida med mogelegheiter for å reisa ei statue av Abelone Møgster på Møkster. Rådgjevar kulturminne er engasjert i denne saka med å arbeida i prosjektgruppa og mellom anna forfatta eit informajonsskriv der ein tek for seg Abelone Møgster sitt mangfaldige liv og virke. 

4.8 Austevoll folkebibliotek

Austevoll folkebibliotek held til i andre etasje i Bekkjarvik torg, og er eit moderne bibliotek som tilbyr ulike tenester til publikum, med utlån av både fysisk og digitalt materiale. Biblioteket er meirope, noko som tillet kundar å bruke biblioteklokalet utanom bemanna opningstid. 

Biblioteket hadde i 2021 1,69 årsverk - dei tilsette er 2 kvinner og 1 mann. Det er registrert 10 350 besøk, ein auke på 27% samanlikna med 2020. Utlån av fysiske medier 2021 var 7668, dette er ein liten nedgang frå 2020 der talet var 7848. 

Det blei heller ikkje i 2021 kjøpt inn bøker/media i like stor grad som vanleg. Etterspurnaden var lågare på grunn av den pågåande koronapandemien. Det ser ut til at bibliotekbrukarane i større grad nyttar biblioteket på andre måtar – til dømes studiar og arbeidsmøte. 

I perioden med nedstenging under pandemien, har det vore bruk av heimekontor slik at ein har unngått å vera for mykje i lag over lengre tid. Tidvis har ein innført fysiske avgrensingar i nokre av tenestene, blant anna gjeld dette avstand og bruk av teknisk utstyr. På grunn av ferieavvikling måtte biblioteket halde stengt laurdagar i veke 20 - veke 32. Publikum har likevel heile tida hatt tilgong til lokala gjennom meiropen-ordninga. Biblioteklokalet er hyppig brukt av studentar før eksamensperiodar. 

Då samfunnet opna etter pandemien, blei det igjen høve til å gjennomføre fysiske arrangement i biblioteket. Frivillige lag og organisasjonar kunne bruke biblioteket på ettermiddags- og kveldstid. Austevoll seniornett fekk midlar til å halde kurs kvar veke for dei eldre, der dei har fått opplæring i diverse digitale ferdigheiter. Det blei også søkt om midlar til å vidareføre dette tilbodet i 2022. 

Det har etter sommaren vore fleire arrangement både for barn og vaksne som har trekt folk til biblioteket. Totalt var det 8 fysiske kulturarrangement i eigen regi, og 18 i regi av frivillige organisasjonar/andre (strikkekveldar, møter, m.m.) Det vart også gjennomført 2 digitale speltevlingar for barn i samarbeid med speltilbydaren Bibliogames. Til saman deltok 408 personar på dei ulike arrangementa som vart gjennomført. I tillegg var det 7 klassebesøk i biblioteket, og ein del besøk frå barnehagar. 

Den digitale Sommarleskampanjen for 1.- 7. trinn, som går frå 1. juli til 30. august, er blitt folkebiblioteka sin absolutte flaggberar når det gjeld utlån og aktivitet for barn. Den blir heile tida  vidareutvikla frå sentralt hald, og difor meir attraktiv år for år. 

Bokbåten Epos kom på vestlandsturné, dette samla store og små med tre ulike arrangement for  barn og vaksne på ein dag. 

Biblioteket fekk i årets budsjetthandsaming innvilga 50 % stilling som barnebibliotekar, slik at det til saman etter tilsetjing vil vera 2,19 årsverk i biblioteket. Stillinga vil kunne lysast ut i januar 2022.  

Biblioteket fekk i samarbeid med Bekkjarvik eigedom, ferdigstilt spelrommet i 2021. Dette skal vera eit samlingsrom for barn og unge. Det er tilført prosjektmidlar til å utstyre rommet med ulikt spelutstyr. Rommet vil bli teke i bruk så snart det let seg gjera med tanke på både pandemi og personalressursar. 

To av dei bibliotektilsette deltok på digitalt kurs i bruk av utlånsmodulen i Bibliofil. Elles har det vore gjennomført ein del faglege kurs/oppdateringar både i kommunal- og fylkesregi gjennom året. 

4.9 Grunnskulane

Vi har 3 offentlege grunnskular og 1 privatskule i kommunen. Det er 773 elevar i skulane våre i hausthalvåret 2021 (inkl. privatskulen). 

Grunnskulane omfattar desse tenestene:  

  • grunnskuleopplæring 1.-10. trinn etter læreplanen (og for vaksne som treng det) 
  • SFO- ordning 1.-4. trinn 
  • lokalitetar for og i samarbeid med kulturskulen 
  • lag og organisasjonar brukar skulelokale til trening, øving, arrangement
  • utleige av lokale til arrangement, kurs m.m. 

Det er opplæringslova som regulerer grunnskule og vidaregåande opplæring i offentlege og private grunnskular. Den overordna planen for grunnskulen i Austevoll kommune er forankra i gjeldande lover og regelverk, og set føringar og mål for arbeidet i alle skulane.  

Austevoll kommune har delteke med alle grunnskulane og PPT i eit samlingsbasert tilbod frå Utdanningsdirektoratet omkring inkluderande skulemiljø. Satsingsområdet varte ut 2021 og har gjennom 2 år bidrege til arbeidet med trygge og gode skulemiljø med ei kunnskapsbasert tilnærming. Kompetanseutviklinga har styrka kompetansen til skular og skuleeigar til å skapa og oppretthalda gode skulemiljø, og førebyggja, avdekka og handtera mobbing og andre krenkingar. Det mest synlege resultatet av deltakinga er at elevane (i elevundersøkinga) melder om mindre mobbing og krenkingar.  

Kommunestyret har bede om at rådmannen greier ut om det skal etablerast eit kommunalt innsatsteam mot mobbing. Denne problemstillinga er under arbeid, og blir lagt fram til politisk behandling våren 2022. 

Rammeplan for SFO blei vedteke i Stortinget i 2021. Dette er ei forskrift som set føringar for innhaldet i SFO. I Austevoll kommune utarbeidde vi ein kvalitetsplan for SFO. Den skal no reviderast i tråd med føringar i rammeplanen. 

Den statlege strategien for vidareutdanning “Kompetanse for kvalitet” vert vidareført fram til 2025 for å sikra at lærarar som manglar formell kompetanse får tilbod om utdanning. I 2021 har tre lærar i kommunen delteke i strategien. 

4.9.1 Selbjørn skule

Selbjørn skule ligg flott til sentralt i Bekkjarvik. Idrettsanlegg, leikepark, badeplass og friluftsområde ligg tett på skulen – eit flott utgangspunkt for ein skule! 

Det er til saman 17,04 årsverk til undervisning og leiing. I tillegg er det 6,8 årsverk som fordeler seg på assistentar, ungdomsarbeidarar, miljøterapeutar og merkantilt tilsette. SFO har 1,89 årsverk i vårhalvåret, og 2,16 årsverk i hausthalvåret. Det er 33 tilsette fordelt på årsverka, av desse er 5 menn og 28 kvinner. 

Skulen hadde  181 elevar i vårhalvåret og 173 elevar hausten 2021. SFO hadde 28 barn våren -21 og 38 barn hausten-21. Skulen har elevråd, samarbeidsutval og FAU. Skulen har lunsjordning for elevar på 4.- 7. trinn. 

Skulen arbeider aktivt for at alle elevar skal ha eit trygt og godt læringsmiljø. Blant anna gjennomfører skulen ei utvida undersøking blant elevar kvart år for å sikre gode og fullstendige tilbakemeldingar på elevmiljøet. Hausten 2021 var det tilsyn frå helsevernetaten etter forskrift om miljøretta helsevern i skulen. Det er motteke rapport med utbetringspunkt som er svara ut av kommunen. Endeleg rapport og godkjenning er venta i 2022. 

Satsingsområde: 

  • teknologi og design – praktisk tilnærming for å sikre kreativitet og teknologisk kompetanse 
  • villsauprosjekt i samarbeid med lokal eigar 
  • praktisk musikkopplæring – band og samspel
  • solidaritetsarbeid – hjelpeprosjekt for gatebarn i Brasil
  • skulemiljø – elevane skal ha eit trygt og inkluderande skulemiljø 

Det er mykje trafikk i området ved skulestart og skuleslutt. Dei fleste elevane kjem med skulebuss, men mange køyrer likevel barna sine til skulen. I mange år har skulen hatt bussvaktar ved skulestart og -slutt. Gjennom dei seinaste åra er ordninga utvikla, slik at det no er lagt til rette for god trafikk-avvikling for alle involverte, der skulen sine tilsette dirigerer trafikken. Kommunestyret er blitt presentert skisser for ny tilkomstveg til skulen via Fagerbakke. Dei har sagt seg positiv til vidare utgreiing av dette prosjektet med planmidlar i 2022. 

Skulen ynskjer å styrke elevrådet sin medverknad i skulekvardagen. Koronapandemien har gjort det krevande å få dette til i 2021 på ein god måte. Rektor har meldt frå om manglar rundt dei tilsette sine areal- og møtefasilitetar. Dette vil bli vidare utgreia og tatt inn i budsjettprosessen for 2023.  

Elevaulaen er under utvikling til ein fullverdig kultursal med inntil 350 plassar og moderne fasilitetar. Dette blir gjort i samarbeid med Austevoll musikkråd, private støttespelarar og Austevoll kommune. Etter planen skal kultursalen vera ferdig bygd våren 2022, og teknisk utstyr på plass hausten 2022.  

I budsjett for 2021 var det bevilga midlar til måling av skulen. Dette blei ikkje gjort og er no utsett til 2022.  

4.9.2 Storebø skule

Storebø skule er den største skulen i kommunen med 342 elevar hausten 2021. Desse er fordelt på 19 klassar. Det er til saman 28,5 årsverk til undervisning og administrasjon. I tillegg er det 11 årsverk som fordeler seg på assistentar, ungdomsarbeidarar, miljøterapeutar og merkantilt tilsette. Det er 50 fast tilsette fordelt på årsverka, av desse er 4 menn og 46 kvinner. Det er nødvendig at skulen heile tida har tilgjengelege vikarar.  

Frå hausten 2021 vart ordninga med avdelingsleiarar ei permanent ordning. Leiargruppa består etter dette av rektor og 3 avdelingsleiarar- 3 kvinner og 1 mann.  

Skulen har helseverngodkjenning for 350 elevar. Likevel er arealbehova til skulen større enn det ein tidlegare har lagt til grunn. Dette har resultert i oppstart av eit prosjekt kor ein skal sjå på dei langsiktige behova for skulen. Ei prosjektgruppe har arbeidd fram ei behovsanalyse som er godkjent politisk og som er lagt fram som eitt premiss for utbygging av skulen. Prosjektet vil bli vidareført i 2022 med utlysing av arkitektbidrag til utviklinga. Investeringar i kultursalen er utsett i påvente av langsiktige planar for skulen, blant anna blei det konstatert at riggen for tribunen ikkje lenger var forsvarleg. Kinoen blei av denne grunn flytta til ungdomsskulen. 

Vidare er det klart at skulen har eit akutt behov for større areal frå skuleåret 21/22. Kommunestyret godkjente 2021 ei midlertidig løysing med 2 klasserom i brakker for ein periode på 2 år. Brakkene som kom var i dårleg stand. Dei er blitt oppgraderte etter kvart av vaktmeister. Helsevernetaten var på synfaring og laga ein tilstandsrapport som er svara ut av kommunen. Helsevernetaten har ikkje ferdigbehandla saka i skrivande stund.   

Skulen har i 2021 vore heilt eller delvis utan ressursar til vaktmeisterteneste. Dette er uhaldbart for den største skulen i kommunen og fører med seg unødvendig ekstraarbeid for personalet. 

I budsjett 2021 blei det innvilga  pengar til skallsikring ved skulen. I juni blei leverandør valt og systemet sett i bestilling. Utover hausten blei systemet montert, men det oppstod store problem med koordineringa av ansvar og ferdigstilling. I mars 2022 er systemet i drift, men har framleis innkøyringsproblem.  

Skulen har elevråd, samarbeidsråd og FAU. Skulen har  eit godt spesialpedagogisk team. Skulebiblioteket er hjarta i skulen og blir drifta på ein god måte.  

Satsingsområde: 

  • halde fram arbeidet med tidleg innsats 
  • skulen har laga ein leseplan for 1-4 trinn som blir implementert 
  • uteskule skal vera ein del av opplæringstilbodet, det er tilsett lærar med friluftsutdanning og som brenn for læring i uterommet
  • arbeide aktivt med fagfornyinga
  • system for å sikre eit godt og trygt skulemiljø 

Koronapandemien har hatt stor verknad for drifta av skulen også i 2021. Smitteverntiltak har lagt føringar på drifta, vidare har utviklingsarbeid og samlingar vore vanskeleg å gjennomføre.  

Rektor opplyser at det er eit godt samarbeid mellom skule og heim. Visma Flyt skule (skuleadministrativt system), fungerer godt og bidreg til god kontakt mellom skule og heim. FAU held fram arbeidet med å bidra til utviklinga av skulen. Elevrådet er også aktivt og deltakande i skulen sin kvardag. 

4.9.3 Austevoll ungdomsskule

Austevoll ungdomsskule er dei seinare åra blitt utbygd og rehabilitert både innvendig og delvis utvendig , og framstår med gode fasilitetar både for elevar og tilsette. Skulen er plassert i ein sentral del av Austevoll kommune med gode idretts- og friluftsområde i umiddelbar nærleik.

Det er 22 årsverk undervisningspersonale på skulen, inkl. administrasjonen. Vidare er det 6,8 årsverk assistentar og miljøarbeidarar. Av 39 tilsette ved skulen er det 9 menn og 30 kvinner. Det er ei utfordring for framtida å få fleire mannlege lærarar og assistentar ved skulen.

Det er til saman 208 elevar ved skulen. For skuleåret 22/23 er elevprognosen ca. 245. I august 2021 gjekk skulen over til ein modell for skuleleiing med rektor og tre avdelingsleiarar. Evalueringa blant dei tilsette etter hausten 2021 er positiv.

Som alle andre skular har ungdomsskulen elevar som slit med psykiske utfordringar. Dette gjeld gjennomgåande for heile landet. Hausten 2021 hadde vi ein større del av elevar med spesialundervisning enn det som er landssnittet. Skulen har 2 miljøterapeutar som er ferdig sertifisert som ART-instruktørar. Desse har undervisning med små grupper av elevar som har ulike utfordringar. Skulen treng å leggja til rette for ei meir praktisk opplæringsarena for elevar som ikkje meistrar den teoretiske ungdomsskulen. Målsettingar i den nye læreplanen er ikkje nådd i den tida skulen har vore gjennom. Koronapandemien har i større grad enn ønskeleg ført til  at undervisninga har vore meir teoretisk. Det er starta opp med å lage til ein verkstad i eit lokale knytta til skulen, der elevar kan lære meir om enkelt mekanisk arbeid på motorar og små maskiner.

Skulen har framleis utfordringar med kvaliteten på elevmaskinar (PC) og pandemien har begrensa tilgangen på nye. Det hemmar undervisninga når elevar ikkje kan delta på optimal måte, grunna tekniske vanskar med utstyr. Koronapandemien har bidrege til at dei tilsette har fått auka kompetanse på å drive digital skule. Det er lagt ned ein betydeleg arbeidsinnsats hos våre tilsette for å få dette til.

Rektor opplyser om eit godt samarbeid og miljø blant dei tilsette på skulen. Skulen sitt personale ynskjer å vere rollemodellar med gode haldningar til kva som er gode normer og reglar. Dette er eit kontinuerleg arbeid som heng saman med andre delprosjekt som skulen arbeider med.

Austevoll kommune er med i eit pilotprosjekt i regi av Vestland fylke - Nyskapande aktivitetsanlegg. Det er gjennomført ei stor kartlegging av behov, og forslaget vart lagt fram våren 2021. Kommunestyret har løyva pengar til det kommande anlegget og skulen gler seg til prosjektet står ferdig. Kanskje allereie i 2023?
Det er vidare prosjektert ny veg frå Storebø sentrum fram til ungdomsskulen. Denne inkluderer ny parkeringsplass nord for avkøyrsel. Denne vil bli prosjektert og bygd i 2022 og legg til rette for bygging av uteområde og etablering av ny storhall på den øverste fotballbanen.

Når elevane sluttar på Austevoll ungdomsskule, vil vi at dei skal 

  • ha eit godt sjølvbilete 
  • ha fått gode relasjonar til medelevar og tilsette
  • visa respekt for andre, ta ansvar og vere tolerante
  • vere kunnskapsrike
  • ha god studieteknikk
  • ha tru på framtida og meistra komande utfordringar 

 Satsingsområde som skal også skal vidareførast og nye : 

  • MOT 
  • aktiv læring 
  • skulen samarbeider med Austevoll næringsråd og opplæringskontoret i Austevoll og er med arrangør for Karrieredagen annakvart år 
  • samarbeider med Austevoll vidaregåande der elevar i 10. kl kan ta fag ved vidaregåande 
  • sikra at alle elevar har eit trygt og godt læringsmiljø 
  • psykisk helse – opplegg for alle elevar kvar vår 
  • lesing i alle fag 
  • bruk av digitale læremiddel 
  • musikal kvart anna år 

Eksamen for avgangselevane blei avlyst også i 2021. Dette har si årsak i koronapandemien. 

4.10 Austevollbadet

2021 starta godt, trass i pågåande pandemi var det auka aktivitet og gode tal på billettinntekter første 3 månadene av året. Ny nedstenging skjedde i slutten mars, noko som øydela for påsken, som normalt er ein god periode for Austevollbadet.  

Våre tilsette nytta nedstenginga til hovudvask av Austevollbadet. 

Frå ny opning 15. april tok me med oss desse tiltaka inn i resten av året: 

  • redusert antal innslepp i garderobane samtidig 
  • redusert badetid ved stor pågang
  • forsterka reinhald mellom ulike grupper, og med jevne mellomrom i publikumstida
  • auka frekvens på desinfisering av tørrsone 

Ny stengeperiode inntraff 15. desember – endå ein toppsesong forsvant for oss, den varte 2 veker inn i det nye året. 

Samanlikna med eit «normalår» kan ein konkludere at det har vore meir jobb med færre badande også i 2021. Me har halde fast at lista for reinhald skal liggja høgt, og me er svært nøgd med gode prosedyrar på dette. Andre bad har varsla besøk hos oss for å sjå på våre gode og kjemikaliefrie rutinar. 

Vårt fokus er framleis mest mogeleg aktivitet for mange, i ulike grupper og for alment publikum. Målet er å bidra til betre folkehelse og trivsel – vi ynskjer å vera eit folkehelsefyrtårn i kommunen. 

Det har vore utfordringar med koronatiltak – me har sjonglert oss gjennom veke etter veke. Publikumsbading, kurs, barnehagar, skular, eldre, vatngym og AIK si symjegruppe – alt er blitt gjennomført på ein god og forsvarleg måte.  

  • instruktørtimar i symjeopplæring, teknikk og vatngymklassar 
  • 5-åringar har vore på symjekurs i barnehagetida 
  • 1-4 åringar har gått på sitt første symjekurs 
  • vaksne har lagt bak seg «svane-symjing» og sym no med god teknikk
  • vaksne har hatt sitt første møte med symjing på Lær-å-symje kurs 

Mange barn i førskulealder går fast på våre symjekurs, AIK har i overkant av 1100 barn i alderen 7-15 år i bassenget kvar månad, og skulane kjem med store grupper. 

På hausten fekk me 2 nye tilsette som har gjennomført utdanning som instruktør i baby- og småbarnsymjing. Ei krevande instruktørutdanning med praksisperiodar heile hausten. No er dei ferdig utdanna og køyrer sjølvstendige kurs. Det betyr at me kan auke aktiviteten på kurs.  

Pensjonistane, som var ei stor gruppe før 12.mars 2020, har vore noko færre i år, men det tek seg sakte opp att.  

Me ser at tilbodet vårt er populært i feriar, som sommar-, vinter-, haust-  og påskeferiar. At me held ope i desse feriane er eit godt tilbod til dei som ikkje kan eller vil reise vekk, og til turistar i Austevoll. Skiltet i front er enda ikkje kome opp og bygget ser derfor nøytralt ut frå sjøsida – me vonar dette rettar seg i 2022.   

Billettinntektene blei noko lågare enn forventa grunna pandemi og 2 stengte periodar, begge toppsesongar. Me er likevel nøgd med totalresultatet då me har hatt auka aktivitet på kurs. 

I budsjettprosessen hausten 2021 blei det bestemt at me skal bygge badstue i 2022. Trappa på nordsida av Austevollbadet blei ferdigstilt på slutten av året og bidreg til eit heilskapleg uteområde og gode ferdselsvegar rundt bygget. På gamle kommunehustomta er det etablert overnattingstilbod og utlån av utstyr i regi av BUA. Austevollbadet blei sertifisert som Miljøfyrtårn juli 2021. 

Me fortset med å byggje aktivitet i Austevollbadet, og jobbar utan stans for å få med oss fleire. Me ynskjer å skape meir aktivitet for å få fleire symjedyktige og friske austevollingar til beste for samfunnet.  

I 2021 hadde me totalt 32 000 badebesøk i det flotte badet vårt!