2 Organisasjon
Rådmann (kommunedirektør) er øvste administrative leiar i ein kommune. Austevoll kommune har tre sektorar som blir leia av kommunalsjefar (kap. 3, 4 og 5 nedanfor). Vidare er det fellestenester som rapporterer til rådmann (kap. 2 og 6). Personalsjef og økonomisjef er leiar for dei to fellestenestene.
Organisasjonskart Austevoll kommune ser slik ut:
2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
Talet på tilsette i kommunen er gått ned med 5 personar. Årsverka er auka med 4. Det betyr at det er fleire som arbeider i heile stillingar enn i fjor.
2.2 Likestilling
Den administrative leiargruppa var i 2021 samansett av 2 menn (rådmann og økonomisjef), og 4 kvinner (3 kommunalsjefar og personalsjef). Kjønnsfordelinga for einings- og fagleiarnivå var 5 menn (24 prosent) og 16 kvinner (76 prosent). I arbeidsstokken totalt er 84 prosent kvinner. Kommunen freistar å ta aktivt omsyn til likestillingsperspektivet i ulike sider av personalpolitikken. Tilsvarande gjeld ulike sider ved diskriminering av personar og grupper. Arbeidet skjer gjennom rekruttering/tilsetting, lønspolitikk og i arbeidet med å redusera ufrivillig bruk av deltid.
2.3 Arbeidsmiljøutvalet
AMU har 6 medlemmar, 3 frå arbeidsgjevar og 3 representantar for dei tilsette. I 2021 har arbeidsgjevar hatt leiarvervet. Vervet går på omgang mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarrepresentantane. Bedriftshelsetenesta Volvat Bedrift A/S, har møte- og talerett i AMU og har vore kalla inn til møta.
AMU har berre hatt 1 møte i 2021 og har handsama 9 saker inklusive referat og meldingar.
2.4 Generelt om verne- og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
Austevoll kommune har rammeavtale med Volvat Bedrift A/S om levering av bedriftshelsetenester. Dette sikrar kommunen tilgang til lovfesta tenester med nødvendig kompetanse innan HMT. Det er også etablert eit fast samarbeid med NAV Arbeidslivssenter der kommunen har oppnemnd eigen rådgjevar som kontaktperson i samband med oppfølging av IA -avtala.
Austevoll kommune har utarbeid ein overordna handlingsplan for inkluderandande arbeidsliv med ulike tiltak. I den nye handlingsplanen er det ei målsetting at vi skal redusera sjukefråværet i løpet av perioden med 15 %.
2.5 Nytt kvalitetssystem
Hausten 2021 tok kommunen i bruk eit nytt kvalitetssystem, Netpower. I systemet kan ein melde avvik, finne ulike rutinar og prosedyrar, laga rosanalyser, sjekklister og årshjul. Alle kommunane i IKTNH nyttar det same systemet, noko som gjer det enklare for oss å fokusere på forbetring og læring.
2.6 Oversyn over sjukefråvær
Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2021 var 8,0% mot 6,9% i 2020. Austevoll kommune erfarer at fråværet i 2021 har vore prega av koronapandemien. Dette er noko andre kommunar også rapporterer. Smitteverntiltak og ønske om å unngå spreiing av Covid 19, har gjort det nødvendig å senke terskelen for kortidsfråver. Fråværet var 2,3% høgare enn måltalet i IA-handlingsplanen som er på 5,7% . Kvartalsrapportar om sjukefråvær blei etter rutine framlagt og drøfta i AMU.
2.7 Servicekontoret
Servicekontoret har lokale i 2. etasje i kommunehuset. Kontoret er kommunen sitt ansikt utad. Her ligg resepsjonen, sentralbordet og lokale for møteverksemd. I 2021 er tilstøtande lokale innreia for å kunne nyttast til ordinære kontorlokale for helserservicekontoret.
Eininga har 4 årsverk. Desse har ansvar for sentralbord, postmottak, arkiv og ulike søknader. Kontoret har ein viktig funksjon ved all informasjon og rettleiing overfor innbyggjarane i kommunen. Vidare legg servicekontoret til rette for politisk møteverksemd i kommunehuset og anna møteverksemd og representasjonsoppdrag der kommunen er involvert.
Arkivdelen av kontoret har vidareført «ordningsprosjektet» i samarbeid med Interkommunalt arkiv. Dette gjeld dei delar av arkivet vårt som blei køyrt bort ved fråflytting frå det gamle kommunehuset. Prosjektet nærmar seg slutten og vil etter planen bli avslutta sommaren 2022. Arkivleiar er også deltakar i digitaliseringsprosjekt i regi av IKTNH – målet er å sikre arkivet vårt på ein god og sikker måte.
Kommunen har i 2021 førebudd innføring av digital chatte-teneste på nettsida. Denne vil kunne avlaste servicekontoret og bidra til meir og effektiv informasjon til innbyggarane våre.