Austevoll kommune

Kommuneplanens arealdel (KPA)

Kommuneplanens arealdel (KPA) skal behandlast av styringsgruppa onsdag 4. mai. Les saksdokumenta her.

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Politiske organ, utval og råd

Årsmelding 2021

  1. 1 Politiske organ, utval og råd
    1. 1.1 Kommunestyret
    2. 1.2 Formannskapet
    3. 1.3 Kontrollutvalet
    4. 1.4 Plan- og byggesaksutvalet
    5. 1.5 Tenesteutvalet
    6. 1.6 Eldrerådet
    7. 1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
    8. 1.8 Ungdomsrådet
    9. 1.9 Viltnemnda
    10. 1.10 Valstyret
    11. 1.11 Valnemnda
  2. 2 Organisasjon
    1. 2.1 Tilsette og årsverk per 31.12
    2. 2.2 Likestilling
    3. 2.3 Arbeidsmiljøutvalet
    4. 2.4 Generelt om verne- og arbeidsmiljøet /HMT – arbeid
    5. 2.5 Nytt kvalitetssystem
    6. 2.6 Oversyn over sjukefråvær
    7. 2.7 Servicekontoret
  3. 3 Eigedom og forvaltning
    1. 3.1 Brann og redning
    2. 3.2 Prosjekt bygg og anlegg
    3. 3.3 Forvaltning, drift og vedlikehald - FDV
    4. 3.4 Eigedom
    5. 3.5 Plan og byggesak
    6. 3.6 Landbruk og viltforvaltning
    7. 3.7 Overordna plan og beredskap
    8. 3.8 Folkehelse
    9. 3.9 Næring
  4. 4 Oppvekst og kultur
    1. 4.1 Barnehage
    2. 4.2 Barnevern
    3. 4.3 Pedagogisk psykologisk teneste - PPT
    4. 4.4 Helsestasjon- og skulehelsetenesta
    5. 4.5 Kulturskulen
    6. 4.6 Vaksenopplæringa
    7. 4.7 Kultur
      1. 4.7.1 Kulturkoordinator
      2. 4.7.2 Kulturminnerådgjevar
    8. 4.8 Austevoll folkebibliotek
    9. 4.9 Grunnskulane
      1. 4.9.1 Selbjørn skule
      2. 4.9.2 Storebø skule
      3. 4.9.3 Austevoll ungdomsskule
    10. 4.10 Austevollbadet
  5. 5 Helse og velferd
    1. 5.1 Legetenesta
    2. 5.2 NAV
    3. 5.3 Ergo- og fysioterapitenesta
    4. 5.4 Psykisk helse og rus
    5. 5.5 Helseservicekontoret
    6. 5.6 Jordmortenesta
    7. 5.7 Miljøarbeidartenesta
    8. 5.8 Frivilligheit
    9. 5.9 Pleie- og omsorgstenestene
  6. 6 Økonomi og IKT
    1. 6.1 Økonomi
    2. 6.2 IKT
    3. 6.3 Nøkkeltal for kommunen illustrert grafisk
    4. 6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    5. 6.5 Oppstilling etter § 5-4, 2. ledd - Bevilgningsoversikt drift
    6. 6.6 Oppstilling etter § 5-5, 1. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    7. 6.7 Oppstilling etter § 5-5, 2. ledd - Bevilgningsoversikt investering
    8. 6.8 Oppstilling etter § 5-6 - Økonomisk oversikt etter art
    9. 6.9 Oppstilling etter § 5-8 - Balanse
    10. 6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar
    11. 6.11 Notar

1 Politiske organ, utval og råd

Kommunestyret er øvste organ i ein kommune. For å sikre ei effektiv drift, er det vedteke eit delegeringsreglement som ein finn på heimesida til kommunen. I delegeringsreglementet kan ein lese dei fullmakter og oppgåver som er delegert til ulike utval og til rådmann.  

Møte i kommunestyre, formannskap, plan- og byggesaksutval og tenesteutval blir sendt direkte på kommune-tv. Tilgang til sendingane får ein ved å gå inn på kommunen si heimeside. 

1.1 Kommunestyret

Austevoll kommunestyre er samansett av 21 representantar som representerer 6 politiske parti: 

Kommunestyret
Parti Tal representantar
Høgre 8
Arbeidarpartiet 4
Framstegspartiet 5
Kristeleg folkeparti 1
Senterpartiet 2
Miljøpartiet dei Grøne 1

Ordførar:         Morten Storebø (H)  

Varaordførar:  Anja Heggholmen (Ap) 

Kommunestyret handsama 161 saker i 2021. Møta blir leia av ordførar. 

1.2 Formannskapet

Austevoll formannskap er samansett av 9 representantar. Det blei handsama 103 saker i 2021. Ordførar leiar møta i formannskapet. 

1.3 Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er samansett av 5 representantar. Det blei handsama 32 saker i 2021. Kontrollutvalsleiar er Lars Knut Årland. 

1.4 Plan- og byggesaksutvalet

Plan- og byggesaksutvalet er samansett av 7 representantar. Utvalet avgjer ei rekke byggesaker og dispensasjonar. Det blei handsama 97 saker i 2021. Delegeringsreglementet er endra slik at rådmannen no fattar fleire avgjerder som tidlegare blei gjort i plan- og byggesaksutvalet. Dette inneber at det er fleire referatsaker i plan- og byggesaksutvalet enn tidlegare, og at sakene som kjem opp i utvalet er større og meir prinsipielle. Morten Storebø er leiar i plan- og byggesaksutvalet. 

1.5 Tenesteutvalet

Tenesteutvalet er samansett av 9 representantar. Dei har oppgåver i hovudsak knytt til oppvekst og kultur i kommunen. Det blei handsama 87 saker i 2021. Tenesteutvalet blei leia Inga M Fagerbakke, frå hausten 2021 av Anja Heggholmen. 

1.6 Eldrerådet

Eldrerådet er samansett av 5 representantar. Eldrerådet skal vareta dei eldre sine interesser i kommunen. Det blei handsama 37 saker i 2021. Bjørn Eirik Klepsvik er leiar i eldrerådet. 

1.7 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet er samansett av 5 representantar. Dei har til oppgåve å vareta interessene til innbyggjarar som har ulike funksjonsnedsettingar. Det blei handsama 46 saker i 2021. Hilde Klepsvik er leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. 

1.8 Ungdomsrådet

Ungdomsrådet er samansett av 8 representantar. Som namnet tilseier, skal dei vareta dei unge sine interesser i kommunen. Det blei handsama 41 saker i 2021. Herborg Kolbeinshavn er leiar i ungdomsrådet. 

1.9 Viltnemnda

Viltnemnda er samansett av 5 representantar. Det blei handsama 31 saker i 2021. Sofie Bøe Tømmerbakke er leiar i viltnemnda. 

1.10 Valstyret

Valstyret er samansett av 9 representantar. Det blei handsama 21 saker i 2021. Valstyret handsamar saker som gjeldt gjennomføring av storting-, sametings-, fylkesting- og kommunestyreval. Det blei handsama 21 saker i 2021. Morten Storebø er leiar i valstyret. 

1.11 Valnemnda

Valnemnda er samansett av 9 representantar. Det blei handsama 21 saker i 2021. Valnemnda kjem med forslag om medlemmar til ulike nemnder, styre, utval, representskap og liknande. Det blei handsama 2 saker i 2021. Morten Storebø er leiar i valnemnda.