Austevolls historie

Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfrie mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.

På fleire øyer i Austevoll er gjort funn av ulike gjenstandar som er 10.000 år gamle. Det er fleire registrerte gravhaugar frå steinalder, bronsealder, jernalder og vikingtida. På Taranger på Hundvåkøy er det blant anna gjort funn av ei kvinnegrav frå vikingtida. Grava vart opna i 1910 og i ho er det gjort funn av vevskei, sauesaks, sigd, nøkkel, ei oval bronsespenne, snellehjul, ljåsteinar, vevlodd og reiskapar av kvalbein. Ein gravhaug frå vikingtida vart opna på Hufthammar på Huftarøy i 1958.

På garden Kalvenes på Selbjørn er det gjort funn av tre svært fint utforma steinøkser frå midten av steinalderen, rundt 4.000 år f.Kr. Øksene er truleg lagt i myra som offergåve. På Kongsafjellet på same øya er det gjort funn av ei gravrøys frå bronsealderen.

På Stolmen, sørvest i kommunen, er det 30 plassar med steinalderfunn, og det er funne 10.000 år gamle buplassar på øya. To klebersteinsskåler frå høvesvis eldre og yngre jernalder er funnen på Valhammar på Stolmen. Her er det også gjort fleire funn av klebersteinbrot, og tilsvarande på øya Lunnøy rett nord for Stolmen.

På Haugland på Huftarøy er det også gravd ut fem buplassar, og éin på Storholmen, langs vegtraseen til Austevollsbrua. Desse tuftene er frå eldre steinalder til jernalder. I ei myr på Storebø på Huftarøy er det dessutan gjort funn av tre sigder frå yngre jernalder, som truleg var offergåve. 

På øya Møkster, ut mot havet, finst ein bygdeborg frå folkevandringstida, og fleire gravrøyser frå yngre steinalder eller tidleg bronsealder.

Søraust på Huftarøy, på Blænes, er det funnen ein steinsirkel som er datert til jernalderen, og i nærleiken, ved Solesvik, er det funnen ei 18 meter lang langrøys frå bronsealderen.