Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Austevoll i tal

Austevoll er ein kommune i vekst, beståande av mange hundre store og små øyer.

Globen på Stolmen Algirdas Motiejunas

5 241 innbyggjarar

Austevoll får stadig flere innbyggjarar og i 1. kvartal 2020 var folketalet 5 241 personar.

Her finn du meir om folketal i Austevoll, folketalsframskrivingar og alderssamansetnaden.

114 km2

Landarealet i Austevoll er 114 kvadratkilometer. Medrekna vatn og tjern er arealet 117 kvadratkilometer.

644 km

Dei mange øyene gjer at Austevoll kommune naturlegvis har lang strandlinje å breie seg over. Strandlinja er faktisk heile 644 kilometer.

667 store og små øyer

Dei største øyene er Huftarøy, Selbjørn, Hundvåkøy, Stolmen og Litlakalsøy. Desse øyene er også bundne saman med bruer.

9 øyer med heilårleg busetnad

Det er ni øyer som har stabil og heilårleg busetnad. Desse er:

  1. Huftarøy
  2. Selbjørn
  3. Hundvåkøy
  4. Storakalsøy
  5. Stolmen
  6. Møkster
  7. Drøno
  8. Rostøy
  9. Litlakalsøy

I tillegg er det nokre øyer som det tidvis har eller har hatt busetnad. Pr. 1. kvartal 2020 gjeld dette Hevrøy, der det bur éin person. Øyer som Lunnøy og Sandtorv har også hatt fast busetnad opp til relativt nyleg.

Kommunenummer 4625

Då Vestland fylkeskommune såg dagens lys 1. januar 2020 fekk Austevoll nytt kommunenummer. Det nye nummeret er 4625 og erstatta 1244.