Austevoll kommune

Fakta om Austevoll

Slik kjem du deg til Austevoll

Ferje eller snøggbåt tar deg trygt og raskt til og frå Austevoll.

Klikk for stort bilete Fjord 1  

Eg reiser til eller frå Bergen

Ferje Krokeide – Hufthamar

Ferja går mellom Krokeide som ligg sør i Bergen kommune, og Hufthamar på nordspissen på Huftarøy i Austevoll. Overfartstida er om lag 35 minuttar.

Snøggbåt Bergen sentrum – Flesland kai – Austevoll

I vekedagar er det fire daglege rundturar med snøggbåt frå Strandkaiterminalen i Vågen i Bergen, via Flesland kai, til Hufthamar og Bekkjarvik. Båten går vidare til Bømlo og Stord.

Direktebuss Bergen – Austevoll

På kvardagar er det tre daglege rundturar med direktebuss mellom Austevoll og Bergen. På laurdagar har direktebussen éin rundtur, og på sundagar har han to.

 

Eg reiser til eller frå Stord

Ferje Sandvikvåg – Husavik

Det går ferje frå Sandvikvåg, i Fitjar kommune, til Husavik i Austevoll.

Snøggbåt Stord – Bømlo – Austevoll

Det er fire daglege rundturar med snøggbåt frå Hufthamar til Rubbestadneset (Bømlo) og Leirvik i Stord. Båten anløper også Bekkjarvik på tre av avgangane. Båten går vidare til Bergen.