Austevoll kommune

Fakta om Austevoll

Transport til og frå Austevoll

Klikk for stort bilete Norled

Du kjem deg raskt og enkelt til Austevoll frå både Bergen og Stord med ferje og snøggbåt. 

Frå Bergen til Austevoll

Ferje

Det går ferje frå Krokeide, sør i Bergen kommune, til Hufthamar, på nordspissen av Huftarøy i Austevoll. På dei fleste avgangar er det korresporande buss på Krokeide og Hufthamar. 

Sjå ferjeruta for Hufthamar-Krokeide her.

Snøggbåt

Det er fire daglege rundturar med snøggbåt frå Hufthamar til Flesland kai og Bergen. Båten anløper også Bekkjarvik på tre av avgangane.

Sjå snøggbåtruta her.

Direktebuss

På kvardagar er det tre daglege rundturar med direktebuss mellom Austevoll og Bergen. På laurdagar har direktebussen éin rundtur, og på sundagar har han to.

Sjå rutetabellen for direktebussen her.

Frå Stord til Austevoll

Ferje

Det går ferje frå Sandvikvåg, i Fitjar kommune, til Husavik, søraust på Huftarøy i Austevoll. På mange av avgangane er det korrespondane buss i Husavik.

Sjå ferjeruta for Husavik-Sandvikvåg her.

Snøggbåt

Det er fire daglege rundturar med snøggbåt frå Hufthamar til Rubbestadneset (Bømlo) og Leirvik i Stord. Båten anløper også Bekkjarvik på tre av avgangane.

Sjå snøggbåtruta her.