Austevoll kommune

Informasjon om koronasituasjonen i Austevoll kommune!

Ved å følgje denne lenkja finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om koronavirus i Austevoll.

 

Nasjonale og lokale tiltak for å bekjempe koronaviruset blir vidareført til og med 13. april.

Gebyr og brukarbetaling 2020

Gebyr og brukarbetaling 2020

Felles føresegner

Når du mottek tenester frå Austevoll kommune, vil kommunen sende faktura i frå gjeldande regulativ.

Austevoll kommune ønskjer at flest mogleg fakturaer blir sendt elektronisk til innbyggjarane. Dette betyr at det blir sjekka om kunden kan motta faktura elektronisk i denne rekkefølgja:

  1. Avtalegiro
  2. E-faktura (Vipps)
  3. Digital postkasse
  4. E-post
  5. Papir per post

Ver merksam på at oppretting og endring av avtalar om avtalegiro, e-faktura eller digital postkasse må gjerast med bank eller leverandør av digital postkasse. Kommunen kan ikkje inngå eller slette slike avtalar på vegne av andre.

Faktura frå Austevoll kommune har 30 dagars forfall. Ved forseinka betaling får du eit purregebyr lik 1/10 av inkassosatsen fastsett i «Forskrift til inkassolova»

Austevoll kommune samarbeider med Lindorff når det gjeld inkassovarsel (purring) og inkasso. Dersom ein faktura ikkje blir betalt i tide, vil vidare oppfølging av kravet bli gjort av Lindorff. Når ei betaling er overført til Lindorff for oppfølging, er vidare kontakt og betaling til Lindorff.

Tala som er merka med stjerne i tabellane vil bli lagt til når desse er vedteke i forskrift for 2020.