Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Tilgjengelegheitserklæring
God kommunikasjon, klart språk og universell utforming er viktig i dei digitale kanalane våre. Innhaldet på Austevoll kommune skal vere mogleg å bruke og forstå av alle.
Publisert 31.01.2023 10.01
Sist endra 31.03.2023 12.03
- Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for nettsida til Austevoll kommune
Kommunikasjonsansvarleg har systemansvar for austevoll.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert:
- sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
- sikre klart språk
- sikre god universell utforming
Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."
Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider.
Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Acos AS
Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med nettsida vår.
For å kvalitetssikre nettsida bruker vi analyseverktøyet Monsido.
Vi jobber vidare med innhaldet på nettsida med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.
Vi skal mellom anna:
- oppretthalde og videreutvikle universelt utforma nettside
- bruke klart og tydeleg språk
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- sikre universell utforming ved val av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system
- rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikkje er godt nok universelt utforma?
Send ein e-post til postmottak@kommune.no, eller ta kontakt med ansvarleg for nettsida.
Redaktør for nettsida, Wenche Gloppen
Telefon: 55081204