Austevoll kommune

Delegeringsreglementet

Delegeringsreglementet

Kommunestyret er øvste organ i Austevoll kommune. Kommunestyret fattar vedtak på vegne av kommunen så lenge ikkje anna følger av lov eller delegeringsreglement.

Delegeringsreglementet viser kva oppgåver som er delegert til kven. Den løpande drifta er i hovudsak delegert til rådmannen og leiarar i administrasjonen. Oppgåver av prinsipiell betydning blir bestemt av kommunestyret eller underliggande organ.

Delegeringsreglementet fortel også kva nivå som har ansvar for å følgje opp forskjellige lover.

Her kan du lese delegeringsreglementet for Austevoll kommune.