Ordføraren

Morten Storebø er ordførar i Austevoll kommune. Han tiltredde 12. oktober 2015 og representerer Høgre.

Ordføraren er møteleiar i kommunestyret og formannskapet, og er den rettslege representanten til kommunen. Ordføraren er også valt til leiar i plan- og byggesaksutvalet.

Morten Storebø blei valt til ordførar første gong 12. oktober 2015 og attvald av kommunestyret 2. oktober 2019.

Godtgjersle:

Ordføraren i Austevoll har same den same årlege godtgjersla som ein stortingsrepresentant. Per 1. mai 2022 er denne 1.064.318 kroner.

Vervet som styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland er løna med 20.000 kroner i året.

Politisk erfaring:

2015- Ordførar i Austevoll kommunestyre
2013-2015 Politisk rådgjevar for næringsministeren
2009-2013 Politisk rådgjevar for byrådsleiaren i Bergen kommune
2011-2013 Medlem av Hordaland fylkesting
2003-2009 Medlem av Austevoll kommunestyre

Andre verv:

2019- Styremedlem i KS Vestland
2019- Nestleiar i representantskapet i IKT Nordhordland IKS
2019- Styremedlem i Blått kompetansesenter vest AS
2019- Styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
2017-2019 Styremedlem i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
2017-2018 Leiar i representantskapet i SIM IKS

Kontaktinfo

Morten Storebø
Ordførar
E-post
Telefon 55 08 10 00
Mobil 94 50 40 76

Adresse

Austevoll kommunehus
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø