Kommunestyret konstituerer seg

Det konstituerande møtet i kommunestyre er det aller første møtet i valperioden. Her skal det nye kommunestyret blant anna velje formannskap, ordførar og varaordførar.

Når valoppgjeret etter kommunevalet er avslutta, samlast kommunestyret til de første møtet sitt. Dette møtet kallast eit konstituerande møte.

kommunelova § 7-1 står reglane om det konstituerande møtet i kommunestyret:

  • Møtet skal vere kalla inn med 14 dagars varsel og det er den sitjande ordførar som kallar inn. 
  • Møtet kan ikkje skje seinare enn innan utgangen av oktober månad.

Det er også reglar for kva saker som må behandlast og rekkefølgja på desse:

  • Første sak på dagsorden er at kommunestyret skal ta stilling til om kommunestyrevalet er gyldig. Dersom valet er gyldig skal dei neste sakene vere:
  • Val av formannskap
  • Val av ordførar
  • Val av varaordførar
  • Val av kontrollutval

I lova er det også tilrådd at kommunestyret vel medlemar av andre folkevalde utval. Kommunestyret avgjer sjølv kva utval som skal opprettast. 

Politiske utval som behandlar saker før dei kjem til kommunestyret, og som gjerne også har nokre fullmakter til å fatte vedtak på vegner av kommunestyret, kallast hovudutval. Som regel er hovudutvala samansett av personar som sit i kommunestyret eller som er vara til kommunestyret.

I Austevoll har det vore vanleg med to eller tre hovudutval. Kva saker hovudutvala behandlar speglar ofte tenesteområda til kommunalsjefar og sektorleiarar i kommunen.

Kva saker utvala behandlar kjem fram av delegeringsreglementet som kommunestyret har vedtatt.

Artikkelliste