Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Retningslinjer for vurdering av habilitet

Heimla i:

 

Forvaltningslova (fvl.) kapittel 2, med særreglar i kommunelova (koml.) §§ 11-10 og 13-3.

Kven gjeld det:

 

Tilsette, folkevalde og andre som utfører tenester eller arbeid på vegne av eit forvaltningsorgan, jamfør forvaltningsloven §§ 6 og 10.

Når gjeld det?

 

Alle saker som kommunen handterer, jamfør forvaltningsloven § 1. Saka treng ikkje leie til eit enkeltvedtak.

Kva er man inhabil til å gjere?

Legge til rette grunnlaget for, eller treffe ei avgjersle, jamfør forvaltningsloven § 6.

Kva gjer du om du er inhabil eller i tvil om inhabiliteten din?

Tilsette: Tar kontakt med din næraste leiar for avgjersle.

Folkevalde: Tar kontakt med utvalsleiar.


Generelt
Alle tilsette og folkevalde skal vurdere om dei er habile til å handtere ei sak, jamfør forvaltningsloven § 8.

Automatisk inhabilitet, jamfør forvaltningsloven § 6 første ledd.
Ein folkevald eller tilsett er automatisk inhabil dersom:

a) han/ho er part i ei sak, 

b) er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande line, eller i sideline så nær som søsken (gjeld altså ikkje stesøsken, søskenbarn eller søsken sine barn og barnebarn),

c) er eller har vore gift med, eller forlova med ein part

d) er fosterfar, fostermor eller fosterbarn til ein part

e) er verje eller fullmektig for ein part i saka eller etter at saka begynte

f) er leiar eller har leiande stilling, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for:

  1. eit samvirkeforetak, foreining, sparebank eller stiftelse, eller
  2. eit selskap som er part i saka. (Dette gjelder likevel ikkje for person som utfører teneste eller arbeid for et selskap som er fullt ut offentleg eid og dette selskapet, alene eller saman med andre tilsvarande selskap eller det offentlege, fullt ut eig selskapet som er part i saken, jamfør forvaltingsloven § 6 første ledd bokstav e nummer to andre punktum.)

Inhabilitet etter ei konkret vurdering, jamfør forvaltningsloven § 6 andre ledd.
Ein folkevald eller tilsett er inhabil når «andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet».

I vurderinga av om det ligg føre «særegne forhold» skal det blant anna bli lagt vekt på om avgjersla i saka kan innebære særleg fordel, tap eller ulempe for ham sjølv eller nokon han har nær personleg tilknyting til. Det skal også bli lagt vekt på om inhabilitetsmotsegn kan bli reist av ein part.

Sivilombudsmannen har uttalt følgande i SOMB-1998-9 om kva som kan bli tolka som «særegent»:
«At forholdet skal være "særegent" innebærer at situasjoner svært mange befinner seg i, ikke vil medføre inhabilitet. Det stilles imidlertid ikke krav om at forholdet er unikt. At man er én av flere som kan få fordeler av et vedtak i fremtiden, vil således ikke utelukke inhabilitet.»

Andre moment som kan vere relevant for vurderinga av om det ligg føre «særeigne forhold»:

  • Det skal også bli lagt vekt på om inhabilitetsmotsegn kan bli reist av ein part.
     
  • Private økonomiske interesser
    Det skal lite til for at private interesser i ei sak vil føre til inhabilitet. Det vil vere relevant for vurderinga om saka er generell eller konkret. Til dømes vil ein ikkje vere inhabil i ei sak om eigedomsskatt fordi man eigar eigedom i kommunen.
     
  • Ideelle og/eller politiske interesser
    Eit særleg engasjement for ei sak kan medføre at ein tilsett eller folkevald blir inhabil. Terskelen for inhabilitet vil derimot vere høgare for ein folkevald.
     
  • Vennskap/uvennskap
    Etter praksis er det berre nære vennskap og skarpe og direkte motsetningsforhold som i seg sjølv fører til inhabilitet. Vanleg god kjennskap og samarbeid er ikkje tilstrekkeleg, heller ikkje at ein er ein del av same vennekrins. Det må vere eit nært personleg venskap eller uvenskap.
     
  • Rollekombinasjonar i kommunen
    Ein folkevald som også er tilsett i kommunen kan bli inhabil dersom han er inne i saka i ulike faser av behandlinga.

Unntak, jamfør forvaltningsloven § 6 fjerde ledd.
Reglane for inhabilitet kjem ikkje i bruk dersom:
a) det er openbart at den tilsette eller folkevalde si tilknyting til saka eller partane ikkje vil  kunne påverke hans standpunkt, og
b) verken offentlege eller private interesser tilseie at han viker sete

Dette er ein særs streng regel og gjeld til dømes giftemål eller tildeling av skuleplass.

Førebelse avgjersler i hastesaker, jamfør forvaltningsloven § 7.
Ein folkevald eller tilsett kan behandle ei sak eller treffe ei avgjersle til tross for at han er inhabil, dersom utsetting av saka ikkje kan skje utan vesentleg ulempe eller skadeverknad.

Det er ein særs høg terskel for at denne regelen kjem i bruk.

Spesielle regler for tilsette – forvaltningsloven § 6 og kommuneloven § 13-3
Dersom man er i tvil om habilitet i administrasjonen er det fullt mogleg å praktisere «meir-inhabilitet».

Inhabilitet som «smitter» til ei underordna
Dersom ein overordna tilsett er inhabil vil alle som er underordna denne personen bli inhabil til å treffe avgjersler i saka, jamfør forvaltningsloven § 6 tredje ledd.

«Smitte frå habilitet» gjer seg berre gjeldande når ein skal treffe avgjersler, og ikkje ved saksførebuing. Dette betyr at ein overordna den inhabile tilsette, må fatte avgjersla.

Klagebehandling
Ein tilsett er inhabil til å delta i klageinstansens behandling av ei sak, eller førebu saka for klageinstansen dersom den tilsette har vore med på å førebu eller treffe det opphavelege vedtaket, jamfør § 13-3 andre ledd. Vilkåret er at den tilsette må ha medverka ved behandlinga av saka i første instans. Rein kontorhjelp vil ikkje vere tilstrekkeleg.

Det er viktig å merke seg at inhabilitet etter andre ledd ikkje gjeld saksførebuing eller deltaking der kommunen er underinstansen. gjeld ikkje saksførebuing for, eller deltaking i behandlinga av saka i underinstansen.

Dersom ein overordna tilsett er inhabil i ei sak, kan heller ikkje tilsette som er underordna denne personen delta i saksførebuinga eller klageinstansen si behandlinga av saka, jamfør kommuneloven § 13-3 tredje ledd.

Spesielle regler for folkevalde – kommuneloven § 11-10
Ein folkevald kan ikkje praktisere «meir-habilitet» dersom ein er i tvil. Ein folkevald har møte- og stemmeplikt. Det er derimot mogleg å søke om fritak etter kommuneloven § 11-11 dersom personlege årsaker tilseier fritak.

Val av offentlege tillitsverv og godtgjersle
Folkevalde er aldri inhabile når:
1. «det skal velges personer til offentlige tillitsverv», eller
2.  «det skal fastsettes godtgjøring o.l. for slike verv.»

Dette unnataket er grunngjeve i praktiske omsyn. T.d. vil det vere særs vanskeleg å vedta reglement for møtegodtgjersle dersom alle som kan få godgjersle er inhabile.

Denne regelen gjeld også fastsetting av godtgjersle for vervet som ordførar, varaordførar osv., men ikkje spørsmål om godtgjersle for eit konkret arbeid eller annan form for individuell fastsetting for ein enkelt folkevald , jamfør Prop. 46 L (2017-2018) s. 163

Folkevald tilsett i kommunen
Ein folkevald som har vore med på saksførebuinga, eller treffet vedtak, i ei sak som tilsett i kommunen, er inhabil til å seinare behandle same saka i eit folkevald organ.

Unnataket er i behandling av følgande i eit folkevald organ: årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan.

Klagebehandling
På lik line med tilsette vil ein folkevald vere inhabil til å delta i klageinstansens behandling av ei sak, eller førebu saka for klageinstansen dersom den folkevalde har vore med på å førebu eller treffe det opphavelege vedtaket. Inhabilitet gjeld ikkje der kommunen behandlar klagesaka som underinstansen.

Korleis går vi fram ved inhabilitet?
Folkevald tek kontakt med ordførar. Varamedlem eller annan stadfortredar bør bli kalla inn til møte og delta ved avgjersla dersom det kan bli gjort utan vesentleg tidsspille eller kostnad. Den folkevalde kan ikkje delta i voteringa i habilitetsspørsmålet.

Tilsette tek kontakt med si næraste leiar. Ved behov for ein stadfortredar bli oppnemnt, jamfør forvaltningsloven § 9.