Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Sjekkliste for folkevalde vurdering av habilitet

Heimel: forvaltningsloven kapittel 2 og kommuneloven § 11-10.

Alle folkevalde skal vurdere om dei er habile til å behandle og treffe avgjersle i ei sak. Folkevalde skal i god tid seie i frå til utvalsleiar om forhold som gjer at han/ho kan vere inhabil. Varamedlem eller annan stadfortredar bør bli kalla inn til møte og delta ved avgjersla dersom det kan bli gjort utan vesentleg tidsspille eller kostnad. Den folkevalde kan ikkje delta i røysting over habilitetsspørsmålet.

Sjekklista skal hjelpe deg med å vurdere habiliteten din. Svarar du ja på eit eller fleire spørsmål er du inhabil til å delta i behandlinga av saka.

Automatisk inhabilitet

Ja

Nei

Er du part i saka?

 

 

Er du i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande line, eller i sideline så nær som søsken?  (Gjelder altså ikkje stesøsken, søskenbarn eller søsken sine barn og barnebarn.)

 

 

Er du, eller har du vore gift med, eller forlova med ein part i saka?

 

 

Er du verje eller fullmektig for ein part i saka eller etter at saka begynte?

 

 

Er du leiar eller har leiande stilling, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for:

a. eit samvirkeføretak, foreining, sparebank eller stiftelse, eller
b. eit selskap som er part i saka?

 

 

Inhabilitet etter ei konkret vurdering

Ja

Nei

Ligg det føre særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til at du er upartisk i saka? Med «særeigne» meina ein at situasjonen må vere ein som ikkje mange finn seg i. Det er likevel ikkje eit krav at forholdet er unikt, jamfør SOMB-1998-9.

Moment i vurderinga:

  • Innebærer saka særleg fordel, tap eller ulempe for deg eller annan person som du har nær tilknyting til?
  • Vil inhabilitetsmotsegn kunne bli reist av ein part?
  • Har du private økonomiske interesser av relevans for saka?
  • Har du ideelle eller politiske interesser som påverke din partiskheit?
  • Har du andre roller i kommunen som påverke din partiskheit? (til dels tilsett og har deltatt i førebuing av saka)
  • Har du eit særleg nært personleg vennskap eller uvennskap med ein part?

 

 

Inhabilitet når kommunen er endeleg klageinstans

Ja

Nei

Har du vore med å førebu eller treffe det opphavelege vedtaket?

(Gjeld ikkje saker som skal vidare til Statsforvaltaren / der kommunen er underinstans)

 

 


Dersom du har svart ja på eit eller fleire av spørsmåla i tabell over er du inhabil, med mindre eit av følgande vilkår gjeld for deg:

  1. Den konkrete saka gjeld val av personar til offentlege tillitsverv eller godtgjjersle for slike verv.
     
  2. Du er tilsett i kommunen og har deltatt i saksførebuinga eller fatta vedtak, men den konkrete saka som skal bli behandla i det folkevalde organet er årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi eller regional plan.