Krav om godtgjersle

Folkevalde i kommunen skal sende inn elektronisk krav om møtegodtgjersle per møte frå og med januar 2024. Dette gjer det mogleg for folkevalde å få utbetalt møtegodtgjersle fortløpande kvar månad, i staden for 2 gongar i året, slik som praksis har vore tidlegare. 

Denne endringa er heimla i revidert forskrift om godtgjersle til fokevalde i Austevoll kommune for kommunevalperioden 2023-2027

Revidert forskrift blir lagt ut på Lovdata.

Timeføring - brukarrettleiing for politikarane

Bruk denne lenka for å logge deg inn: https://ak-ansattportal.sing.no/enterprise 

Opne fana Meg selv.  (Første gong kan du sjekke at det er registrert korrekt opplysningar om deg sjølv).

Gå inn på Personalskjema. Der finn du ein kalender kor du registrerer timelister og sende inn krav.

Slik registrerer du møtegodtgjersle:


Trykk på “Ny” og vel Ny timeføring 

  • Vel dato
  • Hugs å velja stilling hvis du har fleire stillingsforhold i kommunen. 
  • Deretter vel du skjema: Møtegodtgjørelse/styrehonorar.
     

 

  • Fyll ut periode
  • Vel dato for møte. (Du må ev. endre “frå dato” øvrst i biletet).   korrekt dato.
  • Vel ein lønnsart

 

Lønsartar

Lønsartar
Artnummer Type art Sats
255 Møtegodtgjersle: Skriv antal møter 1 100 kr
460 Km- godtgjersle Skriv reiserute i notatfeltet
463 Passasjertillegg Skriv namnet på passasjer i notatfeltet
494 Utlegg politikarreise
257 Tapt arbeidsforteneste utan feriepengar. Tilsette i Austevoll kommune får finansiert tapt arbeidsforteneste gjennom folkevaldordninga. Inntil 2 500 kr per møte eller per møtedag om møtet varer over fleire dagar. Innanfor denne summen blir det og gitt ev. refusjon for utgifter til vikar m.m.

 

  • NB! Pass på at du skriv antal møter når du fører møtegodtgjersle, dvs. ikkje timetal. (Eitt møte = 1)
  • NB: Pass på at du registrerer antal timar/ kilometer på korrekt dato.
  • Dokumentasjon på tapt arbeidsforteneste må du sende til politisk sekretær ps@austevoll.kommune.no
     

 Når du er ferdig å registrere ein lønsart har du følgjande val: 
 

 

  • Dersom du har ført feil, og ikkje vil lagre, trykk Avbryt
  • Dersom du skal registrere fleire artar på same dato, for eksempel km, trykk Lagre. Då vil du få moglegheit å registrere ein ny lønnsart. 
  • Trykk “Lagre og Lukk” når du er ferdig med alle registreringane dine.
     

Når timelista er lagra og klar for godkjenning må du inn på Liste og sende den inn.


 Trykk på linja der det står 1 - Timeliste – Ikke levert – Periode og Opprettet

Då får du opp timelista, og også kven den blir sendt til for godkjenning.
Nedst på timelista er det også moglegheit for å redigere og ta utskrift. 
Når du trykker Send, går timelista vidare til politisk sekretær for godkjenning.


Dersom du lagrar, men gløymer å sende inn timelista, blir den liggande i kalenderen og vil også bli vist på liste med status ikkje levert.
 
Neste gang du logger deg på vil du også sjå dette på oppgåvelista, sjå under.


Ved å trykke på Oppgaver for meg selv, vil du komme direkte inn på “listen” som du kan endra eller sende vidare for godkjenning. 

Ver merksam på at for å få utbetalinga den 12. månaden etter at kravet er innsendt, må kravet vera sendt inn innan den 25. kvar månad.

Ved å opne fana Meg selv vil du få opplysningar om deg sjølv.  Under Dokumenter ligg lønsslippen din kvar månad.