Austevoll kommune

Kom med innspel til kommuneplanens arealdel

Reglement for kommunestyret

Reglement for kommunestyret

Vedteke i Austevoll kommunestyre 08.11.2011, sak 135/11. Vedteke/endra i Austevoll kommunestyre 15.12.2014, sak 140/14

1. Førebuing av saker for kommunestyret

Rådmannen syter for at dei sakene som vert lagt fram for kommunestyret er førebudd på ein forsvarleg måte og i samsvar med dei reglar som lov, reglement og andre føresegner gjev. Formannskapet og tenesteutvalet gjev til vanleg tilråding til vedtak i alle saker som vert lagt fram for kommunestyret.

Rådmannen syter for at tilrådinga vert sendt ut til kommunestyremedlemane samstundes med innkallinga til kommunestyremøte. Ordføraren kan ved særskilte høve godkjenne saker utsendt etter innkalling fram til møtet.

2. Innkalling til møte

Kommunestyret held til vanleg møte etter oppsett halvårsmøteplan utarbeidd av ordføraren, når kommunestyret sjølv vedtek det, når ordføraren finn det naudsynt eller minst 1/3 av medlemane krev det.

Innkallinga skal innehalde opplysning om tid og stad for møte og oversikt over dei sakene som skal førehavast.

Innkallinga skal som regel sendast ut 7 dagar før møte.

Innkallinga og sakspapira vert lagt på kommunen si internettside og alle representanter / vararepresentanter vert gjort kjent gjennom e-post når nye dokument vedk. møtet vert lagt ut. Alle saksdokument er offentlege med mindre dei av medhald av lov er unnateke offentleg innsyn. I så fall vert desse trykt opp på raudt papir, delt ut i møte og samla inn for makulering så snart saka er ferdig handsama.

3. Forfall. Varamedlemer

Dersom eitt medlem eller varamedlem som er innkalla ikkje kan møta i kommunestyre grunna lovleg forfall, skal vedkomande utan opphald melda frå om dette til servicekontoret. Servicekontoret kallar straks inn varamedlem etter reglane i kommunelova.

4. Kven andre enn medlemar i kommunestyre deltek i møtet? Kommunalt tilsette

Rådmannen deltek i møte med talerett, men utan framlegg og røysterett. Andre kan delta når særskilt lov eller forskrift gjev rett til det, med dei rettar og plikter vedkomande lov eller forskrift gjev.

Kommunalt tilsette utover rådmannen kan møta når rådmannen finn det tenleg for at desse skal representere rådmannen i ei sak. Desse kan gje saksopplysningar og utgreiingar, men har elles ikkje høve til å ta del i tingingane.

5. Møteleiar

Ordføraren eller varaordføraren leiar møte. Har begge forfall veljer kommunestyre møteleiar etter reglane i kommunelova.

Møte vert halde for opne dørar med mindre kommunestyre i medhald av kommunelova finn å lukke møte. Kommunestyre sine medlemar pliktar å teie om tingingane og dei vedtak som er gjort i saker der dette fylgjer av lov og forskrift.

6. Opning av møtet

Møta i Austevoll kommunestyre vert opna med at ordføraren klubber og kommunestyret syng salma ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

Møteleiar føretek deretter namneopprop og dersom det lovlege minstetalet av medlemar er til stades, seier han frå om at møte er lovleg sett.

Frå dette tidspunkt og fram til møte er slutt kan ikkje nokon av medlemane gå frå salen utan på førehand ha meldt i frå til møteleiaren.

7. Rekkjefølgje av handsaming av sakene

Kommunestyre handsamar sakene i den rekkjefølgje dei sjølv vedtar under godkjenning av sakslista. Tilråding til rekkefølgje er den rekkjefølgja ordføraren har sett opp i innkallinga. Saker som ikkje er nemnd i innkallinga til kommunestyre, kan ikkje takast opp til avgjerd dersom møteleiar eller 1/3 av forsamlinga set seg imot at saka vert avgjort.

Førespurnadar og interpellasjonar som det er høve etter kommunelova å ta opp vert teke opp til slutt i møtet.

8. Politisk kvarter

På kvart kommunestyremøte er det ei eiga sak som heiter politisk kvarter som opnar opp for at kommunestyremedlemane får høve til å stille spørsmål til ordførar / rådmann. Spørsmåla bør vera skriftlege. Ordføraren avgjer om det vert opna for oppfylgjingsspørsmål/ordskifte etter spørsmål/svar.

Ordføraren får høve til å orientere kommunestyre om aktuelle saker i denne saka innleiingsvis.

9. Ugildskap

Den som etter lov er ugild i ei sak tek ikkje del i førehavinga av vedkomande sak. Eit medlem som har stilt spørsmål om habilitet trer frå når kommunestyret tek stilling til om vedkomande er ugild.

10. Møteleiing

Møteleiar referer saksnummer og tittel på sakene. Møteleiar spør om nokon vil ha ordet i saka. Bed fleire om ordet samstundes avgjer møteleiaren rekkjefølgjen mellom dei.

11. Når medlemane tek del i ordskifte

Innlegg skal som hovudregel haldast frå talarstolen, med mindre møteleiaren gjev fritak og lar representantane helde mindre innlegg / replikkar ståande ved plassen. Talaren skal rette sine ord til møteleiaren, ikkje til forsamlinga.

Han skal halde seg nøye til den sak eller til den del av saka som ordskiftet gjeld, og møteleiaren skal sjå til at det vert gjort.

Det må ikkje seiast noko som krenkjer forsamlinga, nokon av medlemane eller andre. Vidare er det ikkje lov å laga ståk eller uro for å gje uttrykk for missnøye eller samtykkje.

Dersom nokon bryt ordensreglane, skal møteleiaren gje vedkomande ei åtvaring. Rettar vedkomande seg ikkje etter reglementet, kan møteleiaren ta frå vedkomande ordet eller la forsamlinga ved røysting avgjera om vedkomande skal stengjast ute frå resten av møtet.

12. Møteleiaren si stilling under ordskifte

Møteleiaren skal ikkje bryta av nokon som har ordet med mindre det skjer for å oppretthalde dei reglane som er gjeve i reglementet, eller for å rette opp misstydingar frå talaren si side.

Vil møteleiaren ta del i ordskifte med meir enn korte innlegg frå møteleiarplassen skal han overlate møteleiinga til ein annan og helde innlegg frå talarstolen.

13. Avgrensing og avslutning av ordskifte

Kommunestyre kan med vanleg fleirtal avgrensa eller auka taletida for kvart innlegg. Hovudregelen i kommunestyre er 3 minutt til kvart innlegg utanom budsjettsaka der gruppeleiarane har taletid på 10 minutt.

Finn kommunestyre at ei sak er drøfta ferdig, kan det med vanleg fleirtal vedtakast å avslutta ordskifte om saka.

14. Framlegg

Framlegg kan berre setjast fram av medlemane i kommunestyre eller andre som har særskild rett til det gjennom lov eller forskrift.

Framlegg skal leverast skriftleg til møteleiaren. Enkelte framlegg kan setjast fram munnleg dersom møteleiaren samtykkjer i det.

15. Røysting

Når ordskifte er ferdig, seier møteleiaren at saka vert teken opp til røysting. Røystinga føregår etter reglane i kommunelova.

Frå dette tidspunkt og til saka er avgjort ved røysting, må det ikkje vera meir ordskifte eller setjast fram nye framlegg.

Ved val og tilsetjingar kan blank røystesetel nyttast.

Dersom saka er oppdelt, eller det skal røystast over fleire framlegg, gjer møteleiaren framlegg om rekkjefølgja. Vert det ordskifte om dette, skal møteleiaren sjå til at talarane held seg berre til røystemåten. Røysterekkjefølgja avgjer forsamlinga ved vanleg fleirtal.

16. Prøverøysting

Før endeleg røysting i ei sak kan forsamlinga med vanleg fleirtal vedta prøverøystingar, som ikkje er bindande.

17. Røystemåten

Møteleiaren føreslår måte for røysting. Dersom eit av medlemane krev det skal det gjennomførast kontrarøysting i høve den røystemåten møteleiaren gjennomførte.

18. Førespurnadar

Kommunelova sine reglar om førespurnadar og interpellasjonar gjeld. Desse må vera meldt til ordføraren seinast dagen før møte.

19. Utsendingar

Utsendingar frå samanslutningar eller grupper som vil møte for kommunestyre og uttale seg om ei sak, skal melde frå om dette til ordføraren seinast dagen før møte.
Ordføraren avgjer om utsendingar får høve til å orientere i møtene. Utsendingar får ikkje høve til å ta del i ordskifte, men kan etter oppfordring frå ordføraren svare på spørsmål frå kommunestyremedlemane.

20. Orden i salen og bygningen

Møteleiaren skal syta for orden i salen og elles i bygningen. Han skal såleis sjå til at talarane ikkje vert avbroten eller uroa frå noko hald. Dersom tilhøyrarane ved meiningsytring eller på anna måte uroar tingingane eller oppfører seg på annan måte som er i strid med god orden, kan møteleiaren visa vedkomande tilhøyrar ut.

21. Møtebok

Kommunestyre skal føre møtebok for møta sine.

I møteboka skal det innførast møtestad, møtetid og fråverande medlemar og møtande varamedlemar. Går nokon frå eller kjem til under forhandlingane skal dette bokførast, slik at det går fram av møteboka kven som har teke del i førehavinga av kvar sak.
Ellers skal det bokførast det som må til for å syna gongen i tingingane, og at vedtaka vert gjort etter rett framgongsmåte. Det skal gå fram av møteboka kven som røyster for og i mot framlegg. Kommunestyret avgjer om protokolltilførsle skal tillatast.

Når ordføraren har godkjent møteboka vert denne lagt ut offentleg på kommunen sine heimesider.

Rådmannen skal syta for å klargjere melding om vedtak til berørte partar i saker som ordføraren signerer.

Oppmoding om førehaving av avgjort sak

Ordføraren kan avslå oppmoding om å ta opp til ny førehaving sak som lovleg er avgjort av kommunestyre, når oppmodinga kjem inn før det er gått 3 månadar frå den dagen kommunestyre gjorde endeleg vedtak i saka. Dette gjeld ikkje oppmoding frå departementet eller fylkesmannen og saker som vert klaga inn for departementet.

22. Avslutning av møte

Møter i Austevoll kommunestyre vert avslutta med eit vers av salma ”Gud signe vårt dyre fedreland”.

Reglement for formannskap og andre utval

Som kommunestyret sine reglar med følgjande endringar:

  • Innlegg kan haldast frå salen
  • Politisk kvarter er sak i formannskapet og i utvala om utvala sjølv ynskjer det
  • Sakspapir sendt ut elektronisk på samme måte som til kommunestyret