Vedtekter for Austevoll ungdomsråd

§ 2 Valperiode og samansetjing

2.1 Valperiode

Ungdomsrådet vert vald for ein periode på inntil to år, jf. kommuneloven 5-12 tredje ledd. 

2.2 Samansetjing

  • Medlemmane i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år, jf. kommuneloven 5-12 tredje ledd.
  • Talet på representantar i rådet skal vere partal, leiar har to dobbeltstemme ved røystelikskap.
  • Austevoll ungdomsråd skal ha seks eller åtte medlemmer, derav minst fire frå ungdomskulesteget. 

2.3 Talerett

  • Leiar eller utpeika representant frå ungdomsrådet kan få talerett i formannskap og kommunestyre, jf.  forskrift om medvirkningsordninger § 2 sjette ledd.
  • Ordføraren, har møte-, tale- og forslagsrett i møta til ungdomsrådet, jf. kommuneloven 6-1 tredje ledd.
  • Rådmannen og kontaktpersonen til ungdomsrådet har møte- og talerett i møta til ungdomsrådet, jf. kommuneloven 13-1 femte ledd.