Vedtekter for Austevoll ungdomsråd

§ 4 Møte

4.1 Møteverksemd

  • Ungdomsrådet skal ha minimum to møte per år.
  • Ungdomsrådet kan etter avtale nytte Austevoll kommune sine lokale til møte.
  • Ungdomsrådet kan invitere folkevalde og tilsette i kommune til møta sine for å få orientering, stilla spørsmål eller diskutera ei sak.

4.2 Møteprotokoll

Det skal førast møteprotokoll for ungdomsrådet sine møte. 

4.3 Møteplan

Ungdomsrådet skal setja opp sin eigen møteplan for kvart halvår.