Vedtekter for Austevoll ungdomsråd

§ 5 Val og opplæring

5.1 Val av ungdomsråd, leiar og nestleiar

  • Før val av ungdomsråd skal rådmannen informere om og leggje til rette for at skuleelevar og andre unge i kommunen kan sende inn søknad/nominasjon til kommunen om kunne veljast inn i ungdomsrådet. Desse søknadane/nominasjonane skal leggjast føre valnemnda og kommunestyret.
  • Ungdomsråd blir vald ved at valnemnda fremjar tilråding til kommunestyret.
  • Kommunestyret skal sjølv velje medlemmar og varamedlemmar til ungdomsråd, jf. kommuneloven 5-12 første ledd.
  • Ungdomsrådet vel sjølv sin leiar og nestleiar blant medlemmene, jf. fforskrift om medvirkningsordninger § 3 tredje ledd.

5.2 Opplæring

Straks kommunestyret sjølv har valt ungdomsråd og ungdomsrådet sjølv har valt leiar og nestleiar skal kontaktpersonen sikre at ungdomsrådet får opplæring i:

  • demokratiske prinsipp og prosessar
  • ungdomsrådet si rolle og oppgåver