Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegner av kommunestyret.
Kontrollutvalet skal i første rekke føre samanhengande tilsyn og kontroll med forvaltninga i kommunen på vegner av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
Utvalet kan i prinsippet ta opp alle tilhøve ved kommunen si verksemd så lenge det kan definerast som kontroll eller tilsyn. Uvalet kan likevel ikkje overprøve politiske prioriteringar utført av kommunen sine folkevalde organ.
Kontrollutvalet kan berre sjå til at dei vedtak som er fatta og at drifta til kommunen elles er i tråd med rettslege krav. Det vil seie om vedtak er fatta av kompetente organ etter korrekt saksbehandling og om vedtaket er gjennomført som fastsett. Kommunelova § 23-5 viser også til at kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret.
Kontrollutvalet har fem representantar. Fnn medlemmar og kontaktinformasjon ved å trykke på denne lenka
Sekretariat
Vestland fylkeskommune er sekretariat for kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under rådmannen sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.
Kontaktinformasjon til sekretariatet
Helge Inge Johansen
Telefon: 402 03 664
E-post: helge.inge.johansen@vlfk.no
Revisjon
Austevoll kommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.
Kontrollutvalet har ansvar og mynde etter kommunelova kapittel 23